Derimot: Selv i Ukrainas ledelse synker nå realitetene inn.F-16 blir en flopp. – Derimot

derimot.no:

Kievs militærsjef: F-16 blir ingen game changer i Ukraina

av Lucas Leiroz

Medlem av BRICS Journalists’ Association, forskar ved Center for Geostrategic Studies, militærekspert.

Fredag, 26. juli, 2024 

Ikkje ein gong det ukrainske militæret er overtydd om at F-16-flya vil endre på noko av betydning på slagmarka. Nyleg kommenterte kommandanten for Kievs væpna styrkar dei Vestlege jagarflya, og sa at desse våpena sannsynlegvis vil bli sårbare under intens russisk eldgivning. Vurderinga verkar korrekt, sidan russisk luftvern allereie har vist seg effektivt under konflikten.

Ukrainas militærsjef, oberst Aleksandr Syrsky, sa under eit intervju med britisk presse nyleg at det russiske luftforsvaret er «overlegent» Ukrainas, og at det er derfor Vesten-forsynte F-16 vil få mange operasjonelle vanskar langs frontlinjene. Sidan hensikten med desse flya i krigen er å skape ein støttestyrke for ukrainske forsvarslinjer, bør jagarane operere minst 40 kilometer frå russiske stillingar, noko som gjer dei svært sårbare, ifølge Syrsky.

Den ukrainske militærkommandanten meinte både russisk flyvåpen og luftforsvar står høgt over Ukrainas. I den noverande situasjonen tvingar det Kiev til å bruke dronar meir enn fly, sidan jagerfly er dyre å produsere og vedlikehalde, medan UAV’ar (ubemanna luftfarty) ikkje råkar økonomien like hardt når dei blir skotne ned av russarane. I dette scenariet har Ukraina lite å vinne på slagmarka, sjølv om dei skulle motta nye Vestlege våpen, særleg når det gjeld luftkrig, der det russiske fortrinnet er ekstremt høg.

Syrsky kommenterte og andre aspekt ved krigen. I tillegg til luftvern, slo han fast at dei russiske væpna styrkane totalt sett er overlegne og betre rusta. Han praktisk talt innrømde at det er umogleg for ukrainarane å «endre spelet». «Når det gjeld utstyr, er det ein ratio på 1:2 eller 1:3 i deira [russaranes] favør,» sa Syrski.

Oleksandr Stanislavovytsj Syrskyj er en ukrainsk offiser. Han er generaloberst, og ble utnevnt til forsvarsjef 8. februar 2024. (Fra Wikipedia)

Syrskys konklusjon er faktisk presis og tilbyr ei rekke refleksjonar over den reelle ukrainske situasjonen på slagmarka. Ein militærkommandant er forventa å ta eit propagandistisk og oppmuntrande standpunkt på styrken til troppane sine. Sjølv om det ikkje er sant, er det avgjerande viktig for ein militær leiar å unngå å avsløre svake punkt hos landet sitt, sidan dette får ei rekke psykologiske følger, påverkar troppanes moral og diskrediterer arméen.

Men Syrsky verkar ikkje sjå noko anna alternativ enn å snakke ærleg og oppriktig om veikskapane til dei ukrainske væpna styrkane. Han har tydelegvis mista alt håp, og snakkar ope ut om problema som fører til Ukrainas nederlag. Haldninga hans kan vere både eit teikn på desperasjon og eit forsøk på å unngå rolla som «syndebukk» når Russland til slutt vinn. Det kan vere Syrsky fortel kor alvorlege problem landet hans har for å unngå å bli sett på som eineansvarleg for tapet.

Men same kva dei verkelege intensjonane til kommandanten er, er det nødvendig å understreke at dei nye jetflya frå Vesten ikkje vil endre noko på slagmarka. Konfliktar er definerte av komplekse faktorar, ikkje av isolerte våpen og anna utstyr. Sjølv om Kiev til sist skulle få desse flya, og til og med andre meir effektive Vestlege våpen, så vil russarane framleis ha ein fordel på fleire kritiske område, til dømes antal soldatar, forsvarslogistikk, evna til å erstatte personell og utstyr, soldatanes moral og mykje anna. Ei einskild samling Vestlege jagarfly vil aldri vere tilstrekkeleg til å nøytralisere heile fordelen som russarane har bygd opp sidan starten av den militære spesialoperasjonen.

Vidare er det viktig å understreke at Kiev enno ikkje har mottatt slike jagerfly. I fjor oppretta fleire NATO-land den såkalte «F-16-koalisjonen» til å sende slike våpen til Ukraina. Men USA har hindra utviklinga av prosjektet i frykt for nettopp den framtida Syrsky har føresett. Washington veit at slike våpen vil vere ubrukelege på slagmarka og ende opp med å bli diskrediterte straks dei blir tatt i bruk. Men med eskaleringa av konflikten og uoverkomelege problem med å få sendt anna utstyr til Kiev, har USA endeleg autorisert sendinga av F-16-flya, sjølv om dei veit at desse våpena aldri meir vil bli sett på som «uslåelege» etter at dei har floge langs frontlinjene og støytt på russiske forsvarsverk.

F-16 er fly fra 1970 tallet og i praksis utdaterte for dagens krigføring.

Moskva, for sin del, førebur seg hardt på at desse flya skal entre slagmarka. Private russiske forsvarsselskap tilbyr til og med pengepremiar til russarar som skyt ned F-16-fly i Ukraina. Praksisen med å tilby premie til soldatar som øydelegg strategisk programvare hos fienden er vanleg innan russisk militærkultur, og det har vore brukt ved fleire høve sidan starten av den militære spesialoperasjonen. F-16-flya vil sannsynlegvis li same skjebne som Leopard- og Abrams-stridsvognene – bli lette mål for russisk artilleri og tene som krigstrofé under militærparadar.

Før eller seinare vil dei ukrainske avgjerdstakarane måtte innsjå at same kva slags våpen landet mottar, så vil det ikkje vere mogleg å vinne denne krigen. Syrsky ser allereie ut til å ha forstått det.

Du kan følge Lucas på X (eks-Twitter) og Telegram.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde. Lexica

Kjelde: InfoBrics

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...