Derimot: Scott Ritter om Kherson-tilbaketrekkinga:Ukraina vant det slaget, men taper krigen.

derimot.no:

Russisk tilbaketrekking, kva betyr det?

Medan media her til lands hyllar dei sigersrike ukrainske heltane som har frigjort regionshovudstaden Kherson, finst det meir nøkterne røyster som kanskje kan dempe entusiasmen. 

YouTube-kanalen Judge Napolitano, Judging Freedom, med over 62 000 følgarar, hadde 10. november eit intervju med militæreksperten Scott Ritter, som har følgd krigen i Ukraina nøye. Ritter meiner at det Vesten kallar eit pinleg nederlag for Russland, eigentleg var ei heilt standard militæroperasjonell avgjerd.

Det var i midten av oktober ein spent og vanskeleg situasjon i Kherson. Dei russiske soldatane skulle forsvare ei linje på 1200 kilometer. Dei heldt stillinga, ukrainarane mista 12 000 soldatar i angrepa sine mot byen, men det var vanskeleg. Russarane mista mellom 1300 og 1500 menn. Det var problem med å få fram forsyningar til militærstyrkar og sivile frå andre sida av Dnepr-elva, då ukrainarane hadde øydelagt mange bruer med HIMARS-artilleri. Og då ukrainarane byrja bombardementet mot den svære demningen nord-aust for byen – ein demning som, viss den hadde rivna, ville ha oversvømd enorme landområde og tatt livet av titusentals – vart det snart (den 16. okt) tatt ei avgjerd om å evakuere alle sivile frå frå heile Kherson-regionen (som dei tok kontrollen over allereie i februar). 

Avgjerda om tilbaketrekking av militæret vart tatt av general Surovikin (også kalla General Dommedag) den 9. november, utan at president Putin var involvert, og det var ei standard operasjonell avgjerd for å minimere skadane. Det var ikkje verdt det å miste 3000 menn berre for å halde på dette territoriet som dei ikkje trengde halde på. Heller slått enn mange døde.

For det russiske folket er tilbaketrekkinga eit emosjonelt emne. Etter deira syn er ikkje Kherson ukrainsk. Det er russisk. Dei hadde ei folkerøysting der dei avgjorde at dei ville bli ein del av Moder Russland. Så det handlar om å gi opp russisk territorium. Men det var ei militær avgjerd, ikkje ei politisk ei.

Ukraina vann dette slaget, men tapar framleis krigen. Det viser dei konkrete tala for tap av utstyr og soldatar på kvar side, same kva New York Times eller Washington Post seier. I nord, i Donetsk, gjer russarane framsteg. Om få veker har dei klar 10 til 15 divisjonar, rundt 200 000 mann som no er i trening, til å konsolidere stillingane sine. Det vil endre situasjonen dramatisk. Mot dét har ikkje ukrainarane noko å stille opp med. Når dei går inn i Kherson vil dei bli knust av russisk artilleri, seier Ritter. USA har 40 000 soldatar i Polen, men dei kjem aldri til å gå inn i Ukraina. Om dei skulle gå til eit slikt steg, å sette inn bakkestyrkar i Ukraina, vil det ende med atomkrig, og det veit dei. Grunnen til at dei er der, seier Ritter, er at dei må roe ned polakkane som er redde for russisk invasjon, unngå panikk.

Russarane har situasjonen under kontroll. Kiev slit framleis med straum- og vassmangel, og verre vil det bli dersom russarane aukar innsatsen mot straumforsyninga. Det kan bli ein lang og kald vinter.

Merknad: NRK gav på kveldsnyheitene i dag inntrykk av at det no nesten er blitt fred i landet. «Den ukrainske presidenten slo fast i dag at Ukraina er klar for fred,» meldte dei. For første gong sidan den spesielle militæoperasjonen starta har det funne stad eit høgnivåmøte mellom USA og Russland, under G20-tilstelninga i Tyrkia, nærare bestemt mellom CIA-sjefen og hans russiske motpart. Men National Security Advisor Jake Sullivan seier han ikkje vil presse ukrainarane til noko, og den ukrainske presidenten, Zelinsky, gir sjølv ingen teikn til samarbeidsvilje: «Dei er klare for fred, men vår fred for vårt land er heile landet vårt, heile territoriet vårt,» sa han på gebrokkent engelsk til ein TV-journalist. Og Jens Stoltenberg, generalsekretær av NATO, sa det var viktig å fortsette å styrke Ukraina så dei kunne ha sterke kort på handa når dei ein gong skal forhandle med russarane. Blanda meldingar, med andre ord. Denne krigen er nok ikkje på langt nær over enno.

Monica Sortland

14. november, 2022

Forsidebilde: Rafael Olbinski

7 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 7 ganger.

Post Views: 12

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...