Derimot: Russlands nye posisjon: Vest-Europa blir taperen.

derimot.no:

I den nye verdsordenen som er under utvikling, vil Russlands våpen peike vestover og økonomien deira  rettast mot aust

Av Glenn Diesen Professor ved Universitetet i Sydøstre Norge og redaktør i tidsskriftet Russia in Global Affairs. Følg han på Twitter @glenndiesen.

USA og deira fremste allierte har øydelagt tilliten til dei internasjonale  organisasjonane som oppstod frå Andre verdskrigs aske

Grenseoverskridande institusjonar i Eurasia hadde tidlegare i oppdrag å diversifisere økonomiske tilslutningsmoglegheiter, ettersom den framveksande multipolare verda kravde minska avhengigheit av vestsentrerte institusjonar som var uvillige til å tilpasse seg til den nye røynda.

Men den noverande europeiske krisa har destabilisert verda og diskreditert vestverdas evne til å underlette økonomisk samarbeid. Som ei følge av det, gjer no desse organa krav på ei sentrale rolle i å organisere økonomisk gjenoppretting og pragmatisk samarbeid.

Internasjonale institusjonar som speglar makt

Etter andre verdskrig vart Dei foreinte nasjonane (FN) oppretta som den fremste myndigheita for internasjonal rett. Det vart ein stabil og varig institusjon som speglar maktfordelinga. Dei mektigaste statane fekk tildelt særskilde privilegium i organisasjonens sikkerheitsråd for å sikre at dei hadde interesse av å bevare organisasjonens sentrale rolle. Folkeretten prioriterte suverenitet på grunn av maktbalansen, noko som sikra at ulike aktørar var villige til å ofre ein viss fleksibilitet i utanrikspolitikken sin i byte mot gjensidigheit og dermed føreseielegheit.

Glenn Diesen: När tidvattnet vänder i Ukraina, forbereder USA sig for att kasta Zelensky under bussen?

Kollapsen til den paneuropeiske  sikkerheitsarkitekturen

Sovjetunionen kollapsa 1991 og Russland verka vere i ugjenkalleleg tilbakegang under heile 1990-talet. Følgen blei at den framforhandla paneuropeiske sikkerheitsordninga ikkje lengre gjenspegla den maktbalansen som hadde funnest tidlegare, då Den kalde krigen opphøyrde i 1989. Under den nye unipolare ordenen dreiv USA ein sikkerheitsstrategi basert på hegemonisk fred og kravde eit oversyn av institusjonane og reglane som styrer det internasjonale systemet.

Vest overgav dei alleuropeiske sikkerheitsavtalane som vart underteikna i byrjinga av 1990-talet og tok i staden initiativ til å skape eit nytt “Europa” utan Russland.

Kontinuerleg NATO-ekspansjon innebar at skillelinjene i Europa ikkje skulle eliminerast, men “berre” flyttast gradvis mot Russlands grenser. Prinsippet om “udelbar sikkerheit” vart deretter overgitt når vestverda auka si sikkerheit på bekostning av den russiske sikkerheita.

Bisart nok avviser dei liberale internasjonalistanes ideologi førekomsten av eit sikkerheitsdilemma. Dei trur at Russland kan vere ein trussel mot vestverda, medan Nato ikkje kan sjåast på som ein fare ettersom dei berre fremmar deira verdiar.

Konkurransen om kor ein skulle dra dei nye skillelinjene i Europa resulterte i at Nato og Russland støtta motsette politiske krefter i dei delte samfunna i det delte nabolaget – Moldavia, Georgia, Kviterussland og Ukraina. I november 2013 forkasta Brussel Kiev sitt forslag om ein trilateral Ukraina-Russland-EU-avtale som skulle ha gjort landet til ei bru snarare enn ein bastion. I staden utløyste vestverdas støtte til å styrte president Janukovitsj i februar 2014 ei føreseieleg krise i austre Ukraina, følgd av russisk intervensjon på Krim. Minsk-2-avtalen frå februar 2015 tilbaud eit kompromiss, men avtalen vart undergravd av USA under dei komande sju åra utan innvendingar frå EU.

Folkerettens kollaps

Glenn Diesen: När propagandan om en ukrainsk “seger” retirerar, uppstår det splittring i vest?

Humanitarismen blei brukt til å frikople legitimitet frå legalitet då Nato invaderte Jugoslavia i 1999. Deretter følgde ein debatt som kravde unntak frå internasjonal rett ettersom liberale demokrati ikkje burde avgrensast av autoritære statar. Sjølv om minst 20 % av blokkas medlemmar ikkje ein gong blir klassifiserte som slike av den amerikanske statsfinansierte NGOen “Freedom House”.

Ein “allianse av demokratier” vart promotert som ein alternativ autoritet til FN for å legitimere den illegale invasionen av Irak, som seinare vart omdøypt til ein “Konsert for demokrati”, eller eit “demokratiforbund”. Desse idéane har så blitt utvikla til den “regelbaserte internasjonale ordenen” som eit alternativ til internasjonal lov.

Nato tar seg eigedomsretten over dei liberale verdiane og dermed retten til og “ansvaret” for å skape sine eigne unntak frå internasjonal lov.

Det internasjonale økonomiske systemets kollaps

Liberale internasjonale økonomiske system blir danna når det finst ein maktkonsentrasjon, som til dømes under Storbritannia på 1800-talet og USA på 1900-talet. Den økonomiske overherren har interesse av å utvikle føreseielegheit for og tiltru til eit internasjonalt økonomisk system under sin administrasjon.

USAs og EUs uhaldbare gjeld har gradvis svekka tilliten til dollaren og euroen, samtidig som det å beslagta tilgangane i Iran, Syria, Venezuela og Afghanistan undergrev tilliten til heile det vestsentrerte internasjonale finansielle systemet. Isolering av rivalar som Russland og Kina resulterer i militarisering av transportkorridorar, medan uviljen til å ta imot Kina på høveleg vis i IMF har motivert Peking til å starte parallelle institusjonar som Asian Infrastructure Investment Bank (AIIB). President Trumps økonomiske krig mot Kina, som heldt fram under Biden, svekka tilliten til pålitelege leveransar av amerikansk teknologi og industriprodukt. Svaret var å utvikle større teknisk suverenitet og omorganisere forsyninga bort frå USA.

Dei storskalige sanksjonane mot Russland påverkar også resten av verda i form av energikrise, matmangel, inflasjon og generell økonomisk instabilitet. Den russiske sentralbankens middel har blitt frosne, og EU diskuterer å permanent konfiskere dei i det som kan bli historias størsta bankran. Rettsstatsprinsippet er også skrudd av ettersom personar som anklagast for å ha koplingar til den russiske regjeringa har fått sine tilgangar beslaglagde utan lov og dom. Ønske om å forby all russisk energi tvingar Russland til å omdirigere all sin energieksport til aust. Moskva har blitt stengd ute frå det påstått “ikkje-politiske” betalningstransaksjonssystemet SWIFT, og Kaliningrad-eksklaven har blitt plassert under ein delvis blokkade.

Land som ikkje følger vestverdas unilaterale sanksjonar trues av økonomisk tvang. Kina er truleg neste i rekka når Washington ivrig fremjar idéen om kunstig å dele opp verda i to blokker, éi påstått demokratisk blokk kontra éi autoritær blokk.

Fortidas reglar er no ikkje-eksisterande og økonomisk avhengigheit medfører uuthaldelege farar. Enkelt uttrykt finst det ein stor etterspørsel etter alternative institusjonar som kan underlette økonomisk gjenoppretting og pragmatisk samarbeid. I aust finst det veksande økonomiske gigantar som er meir sjølvsikre og fast bestemde på å bygge internasjonale økonomiske system som fortener tillit.

Eurasiatiske internasjonale institusjonar

Russland strevar ikkje lenger etter det større Europa frå Lisboa til Vladivostok, der Russland matar kontinentet og hjelper Europas industriar med naturressursar og i gjengjeld importerer vesterlandsk teknologi og industriprodukt. Det større eurasiatiske partnarskapet er ikkje lenger eit instrument for å berre diversifsiere økonomisk tilslutning, men har no blitt ei nødvendigheit for ei fullstendig økonomisk skilsmisse frå vest.

Maktbalansen i det multipolare Stor-Eurasia resulterer i fleire fellestrekk blant dei eurasiatiske internasjonale institusjonane. Desse organisasjonane fokuserer på prinsippet om suveren likestilling og internasjonal lov i samsvar med FN-pakta. Konkurrerande interesser mellom dei ulike maktpolane sikrar at desse institusjonane fokuserer på sikkerheit med andre medlemmar, i staden for sikkerheit mot ikkje-medlemmar. Verdiane tenderer mot å fokusere på felles velstand i samsvar med “Shanghai-ånda”, samtidig som dei vik unna verdiar som kan brukast til å innføre suveren ulikskap. Den multipolare internasjonale maktfordelinga i Stor-Eurasia forhindrar også eit sentralisert internasjonalt økonomisk system og fokuserer i staden på “integrering av integrasjonar”.

I løpet av overskodeleg framtid kjem russiske våpen til å peike mot vest, og Russlands økonomiske relasjonar kjem til å bli retta mot aust. Sjølv om dei eurasiatiska internasjonale institusjonane på lengre sikt også burde få i oppdrag å gjenopprette samarbeidet med vesterlandske økonomiar.

(PS. Til og med ein liten micro-blogg som den her har blitt shadow banned, så ver venlege å dele. Takk.)

Omsett (frå svensk) av Monica Sortland

Forsidebilde: Ahmed Hasan

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...