Derimot: Russland: Wagnergruppen. Ukraina: Mozartgruppen. De setter musikknavn på leiesoldatene sine uten at krigen klinger bedre av den grunn.
derimot.no:
Russlands DIRTY DOZEN ville gjort LEE MARVIN stolt
Det morar meg at Vesten uttrykker sjokk og raseri over det faktum at Russland brukar ei gruppe tidlegare straffedømde til hjelp i kampen mot nynazistane i Ukraina. Dette var ikkje Putins unike idé. Han er tydelegvis ein fan av Lee Marvin:
Se? Om det er amerikanske straffedømde som kjempar mot nazistar, er det ein god ting. Men om det er russiske straffedømde som gjer den same tingen på 2000-talet, er det dååårleg!!
Men vent, det er meir. Hugsar du denne scena frå HBO-serien The Pacific?
Blotørstige marinesoldatar som rømde frå sinnssjukehus og fengsel? Høyrest ut som potensielle rekruttar for Wagner.
Newsweek reagerer overemosjonelt og ser seg om etter ein dånesofa medan dei skrik opp om Russlands Wagner-gruppe – ei militær kontraktør-eining (altså som Blackwater?) fordi den inkluderer russiske tidlegare straffedømde:
«Det knusande angrepet på byen og omliggande område er eit samlingspunkt for russiske militær-bloggarar og propagandistar, og eit utstillingsobjekt av kapasiteten til Wagner-gruppa og leiaren Yevgeny Prigozhin, ein oligark-alliert av president Vladimir Putin som har fått ein dramatisk høgare profil etter 24. februar.
Prigozhin og Wagner-krigarane hans – med sine rekker svulmande av masserekrutterte russiske straffedømde – ser ut til å ha eit anna mål i sikte: organisasjonen Mozart Group som trenar opp ukrainske troppar og evakuerer sivile frå frontlinjene, inkludert rundt Bakhmut.»
Mozart Group er under kommandoen til den pensjonerte U.S. Marine-admiralen Andrew Milburn. Gruppa prøver å trene ukrainske troppar til å kjempe mot russarane. Omlag som i The Pacific! Ein ven av meg, ein pensjonert marine-general, kjenner Andy, men har berre arbeidd ilag med han etter at begge var ute av aktiv teneste. Venen min seier Milburn er ein solid fyr. Pensjonerte admiral Milburn insisterer på at Mozart-gruppa hans ikkje har noko til felles med Wagner-gruppa:
Milburn avviste Prigozhin si skildring av Mozart som eit private militært selskap (PMC). «Folk kallar oss eit PMC fordi det er alt dei har av referanserammer.» sa han. «Vi ber ikkje våpen, oppgåvene våre er humanitære – og eg meiner alvorleg, legalt humanitært.» …
Namnet Mozart Group var meint som eit kontrapunkt til Wagner, som har krigarar som brukar nazi-bildeverk og har utvikla eit rykte om ekstrem brutalitet under operasjonar i Syria, Libya og Den sentral-afrikanske republikken. Tidlegare brukt som ein skugge-arm for russisk utanrikspolitikk som kunne fornektast, har gruppa stige fram som ein av Moskvas mest effektive og frykta formasjonar i Ukraina.
Milburn skal ha ros for at han snakkar ope ut om den sure plikta til dei ukrainske styrkane som kjempar i kjøtkverna Bakhmut:
«Bakhmut er som Dresden, og landområda rundt liknar Passchendaele (i vest-Flandern, Belgia),» sa han, og refererte til den tyske byen som vart øydelagd av alliert bombing i Andre verdskrig og den berykta gjørmete og blodige slagmarka under Første verdskrig. «Det er berre ein horribel og tragisk plass.»
Ukraina held tala sine på drepne og såra tett til brystet, men antakeleg lir styrkane deira svære tap rundt Bakhmut.
«Dei har hatt uvanleg høge tapstal,» sa Milburn om einingane som trener med Mozart. «Tala du les om i media, om at minst 70 prosent tap er rutine, er ikkje overdrivne,»
Trass i ein «frykteleg moral», sa Milburn at forsvararane «har eit akutt ’problem med regenerering’, altså å få nye rekruttar på plass så raskt som mogleg.» Det betyr at dei som blir kasta inn i kampen har lite utover grunnleggande trening.
«Typisk rundt 80 prosent av inntaket vårt som kjem seg ut, har aldri ein gong avfyrt eit våpen før,» sa Milburn. «Vi har ei svært vanskeleg oppgåve framfor oss.»
Mozart-gruppa sitt treningsoppdrag er som om crew’et på Titanic skulle prøve å halde vatnet unna ved hjelp av eit fingerbøl. Ingenting av treninga deira vil gjere den minste skilnad på den taktiske situasjonen på slagmarka, med eitt unntak: treninga deira kan hjelpe nokre av dei dårleg trente og utrusta ukrainarane til å overleve.
Milburn pakkar ikkje orda sine inn når han stadfester dei katastrofale tapstala dei ukrainske styrkane lir – sju av ti soldatar blir drepne eller skadde. Det understrekar den kjensgjerninga at russarane skyt seks artillerirundar for kvar runde ukrainarane skyt.
Her er ei ukrainsk avdeling som stadfester vurderingane til admiral Milburn. Dei er ikkje feige. Dei er leie av bedriten leiarskap og dårlege forsyningar:
«Dette er ei melding vi sender til kommandoen for dei luftborne styrkane og AFU-kommandoen frå tredje Airmobile-kompani av Den separate Airmobile-bataljonen av den 25. Secheslav Airmobile-brigaden.
Vi vart sende på eit kampoppdrag for å halde separate kampstillingar. Vi fekk ikkje tildelt passande våpen og artilleristøtte. Som resultat vart 70% av kompaniet drepne eller skadde. Vi hadde ikkje og har ikkje kamputstyr og passande våpen. Vi hadde ikkje ein gong utstyr til å evakuere dei skadde, noko som førte til at mange skadde ikkje overlevde.
«Vi var over ein månad i skyttargravene og sende koordinatar som aldri vart følgde opp med artillerield. Lagsersjantar flykta frå stillingane sine dei første dagane, og vart overførte av stabssjef Kipinach, no fungerande bataljonskommandant.
Vi krev at heile eininga blir overført.»
Her er videoen:
Så USA sender militært utstyr og våpen for milliardar av dollar til Ukraina, men karane på frontlinjene får ikkje noko av det? Marjorie Taylor Greene har rett. Vi treng ettersyn. Kva pokker er det Zelensky og tjuvpakket hans gjer med alle hjelpepakkane frå USA?
Omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 9