Derimot.no

Derimot: Russland advarer: Ukraina forbereder bruk av en skitten atombombe.

derimot.no:

UKRAINA – RED LINE, RAT LINE II. VIL AMERIKANSKE GENERALAR STOPPE GALSKAPEN?

23. oktober 2022 av Larry Johnson 

Larry Johnsen er x-CIA analytiker

Det har i det siste vore litt fleire paniske spekulasjonar om at Ukraina vil bruke ei «skitten bombe» for å fabrikere eit påskot som kan rettferdiggjere NATOs intervensjon i Ukraina. Minner mykje om britane og yankiane sine forsøk på å skape ei krise i Syria, i august 2013, som skulle «tvinge» USA og britane til å sende inn troppane sine for å hjelpe islamske rebellar styrte Syrias leiar Assad. Barack Obama hadde i august 2012 sverga på at dersom Assad-regjeringa skulle bruke kjemiske våpen, så ville det kome represaliar frå Vesten. Korfor responderte han ikkje på det påståtte brotsverket mot menneskeslekta frå Syria si side? Sy Hersh leverte svaret: Svaret ligg i ein konflikt mellom dei i administrasjonen som ville krysse den raude linja og militære leiarar som meinte at å gå til krig både var uforsvarleg og potensielt katastrofalt.

https://www.lrb.co.uk/the-paper/v36/n08/seymour-m.-hersh/the-red-line-and-the-rat-line

Kanskje står vi no på nippet til ein ny fabrikert provokasjon – ein som involverer ei skitten atombombe. Den russiske generalstaben tar denne trusselen alvorleg, og dei har telefonsamtalar med Tyrkia, Frankrike og Kina for å åtvare om denne planen om å detonere ei skitten bombe og legge skulda på Moskva. Russarane har lært leksa frå Syria og sarin. Gjenstår å sjå om militærleiarane i USA har same ryggrada som føregjengarane deira viste i august 2013.

Nuclear Terrorism and the Dirty Bomb of the 'Donetsk People's Republic' - InformNapalm.org (English)

La meg ta deg med 9 år tilbake, til august 2013. Den politiske klassen i Washington hadde syrisk feber – det vil seie: dei var fyrige og ivrige etter å styrte Syrias Bashir al Assad, og nyheitskanalane var pepra med skrekkelege spådommar om Assads snart føreståande bortgang. Så kom det rykte om eit påstått «sarin-gassangrep» på syriske sivile av Assads militære. I det minste var det den historia media pusha.

Eg arbeidde i eit SCIF (Sensitive Compartmented Information Facility, lager for hemmelege dokument) ved Fort Bragg på den tida, og hadde tilgang til etterretningsrapportane om Ghouta-angrepet. General Michael Flynn var sjefen for DIA (Defence Intelligence Agency, militæretterretninga). I motsetning til propagandaen frå utanriksdepartementets INR (Bureau of Intelligence and Research, byrå for etterretning og forskning), CIA og media – dvs. at dei syriske rebellane valsa ned den syriske regjeringa og, har du høyrt(!), Syrias president Assad hang i taua – gjorde DIA ein verkeleg god jobb med å rapportere ærleg om kampane. DIA-rapportane fortalde ei heilt anna historie – den syriske arméen gjorde framsteg med å halde kortroll på rebelloppstanden, og rebellane sin kampeffektivitet var avtakande.

Så kom det påståtte sarin-angrepet frå den syriske regjeringa i Ghouta. Det skulle vise seg at det var ei løgn. Sy Hersh fekk historia, og gjorde som vanleg ein førsteklasses jobb:

Grunnen til at Obama skifta meining, låg i Porton Down, forsvarslaboratoriet i Wiltshire. Britisk etterretning hadde henta ut ei prøve av sarinen som var brukt i angrepet 21. august, og analysane viste at gassen som var brukt ikkje samsvarte med partia ein visste fanst i den syriske armeen sine kjemiske våpenarsenal. Meldinga om at saka mot Syria ikkje kunne understøttast vart raskt sendt av garde til US joint chiefs of staff. Den britiske rapporten auka tvilen i Pentagon; stabssjefane førebudde allereie ei åtvaring til Obama om at planane hans om eit vidtrekkande bombe- og missilangrep på Syrias infrastruktur ville kunne føre til ein breiare krig i Midtausten. Følgeleg leverte dei amerikanske offiserane ei åtvaring i siste sekund til presidenten, som etter deira meining førte til at han kansellerte angrepet.

…Joint chiefs visste og at Obama-administrasjonen sine opne påstandar om at berre den syriske armeen hadde tilgang til sarin, var feil. Etterretningssamfunna i USA og Storbritannia hadde visst om sidan våren 2013 at visse rebell-grupper i Syria dreiv og utvikla kjemiske våpen. Den 20. juni leverte analytikarar for US Defense Intelligence Agency ei høgt sikkerheitsgradert, fem-siders diskusjonsemnebrifing til visedirektøren for DIA, David Shedd, som slo fast at al-Nusra hadde ei sarin-produksjonscelle: programmet deira var ifølge dokumentet «det mest avanserte sarin-komplottet sidan al-Qaida sitt forsøk før 9/11». (Ifølge ein konsulent i USAs Forsvarsdepartement har etterretningsvesenet der lenge kjent til at al-Qaida eksperimenterte med kjemiske våpen, og dei har i hende ein video av eit av gass-eksperimenta deira på hundar.)

9 deadly facts about Sarin gas that killed hundreds in Syria | Lifestyle News – India TV
Sarinangepet i Syria skulle henges på den syriske regjeringen. Men USAs etterretning visste at det var jihadistene som stod bak for å utløse vestlig intervensjon i landet.

DIA-dokumentet sa vidare: «Tidlegare fokus for IC [intelligence community, etterretninga] hadde vore nesten utelukkande på syriske lager av CW [chemical weapons, kjemiske våpen]; no ser vi at ANF prøver å lage sine eigne CW … Al-Nusrah Front sin relative handlefridom inne i Syria fører oss til den vurderinga at gruppa sine CW-aspirasjonar vil bli vanskeleg å avbryte i framtida.» Dokumentet er basert på hemmelegstempla etterretning frå mange byrå: «Tyrkia- og Saudi-baserte tilretteleggarar,» stod det, «prøvde å skaffe seg sarin-ingrediensar i store mengder, titals kilogram, sannsynlegvis til den føresette storskalaproduksjonen i Syria.» (På spørsmål om DIA-dokumentet, svarte ein talsmann for direktøren for den nasjonale etterretninga at: «Eit slikt dokument vart aldri verken etterspurt eller produsert av etterretningsanalytikarar.»)

Då dei første rapportane kom om angrepet i Ghouta, starta eg med det same å sjå på etterretningsbrifingar til Joint Chiefs of Staff som var publiserte i dagane før angrepet. Eg tenkte som så at dersom det syriske militæret var den skuldige, så ville USA sitt etterretningsvesen ha oppdaga at dei syriske kjemiske våpenavdelingane gjorde førebuingar til angrepet. Korfor? Fordi USA var ein del av Israel sitt varslingssystem. Ein var redd for at Syria kunne kome til å bruke kjemiske våpen mot Israel, og USA brukte sine tekniske middel til å overvake aktiviteten til dei syriske militæravdelingane som i så fall ville ha utført eit slikt angrep. Syrarane brukte eit binært kjemisk våpensystem. Det betyr at to kjemikaliar måtte blandast i hop for å skape eit dødeleg brygg. Den typen aktivitet kan oppdagast av etterretninga sitt tekniske utstyr. Merkeleg nok fanst det ingen føregåande etterretning som indikerte nokon slags aktivitet hos det syriske militæret i dagane før Ghouta. Ingenting. Nada. Null og niks.

The CIA Has a New Logo. Can Its Re-Branding Woo Millennials? - Bloomberg
For mange i vest er det overraskende å tenke seg at CIA-agenter kunne ha vært medvirkende til Sarinangrepet i Syria

Ville det overraske deg å få vite at britiske og CIA-etterretningsagentar kan ha vore involverte i Ghouta-komplottet, med oppdrag å fabrikkere eit casus belli som ville la USA og Storbritannia intervenere militært i Syria?

Og det bringer oss tilbake til Ukraina. Det finst alvorlege bekymringar for at Vesten igjen prøver å koke i hop eit falskt flagg som kan brukast til å samle eit motstrebande folk om å gå til krig mot Russland. I staden for kjemiske våpen, skal planen denn gongen angiveleg involvere detonasjon av ei skitten atombombe på erklært russisk-kontrollert territorium. Det ukrainske millitæret lir katastrofale tap og vil, trass i Vestleg propaganda, få store vanskar med å halde ein offensiv gåande. USA og deira NATO-allierte skjøner det og leitar etter eit påskot til å sende NATO-styrkar inn og redde dei. Det ser ut for at Vesten vurderer å bruke trusselen om å nedkjempe eit atomangrep som rettferdiggjering for å sende sine eigne styrkar inn i den ukrainske malstraumen.

Eg trur den ukrainske situasjonen er langt farlegare enn det som skjedde i Syria. Russlands nasjonale tryggleik står på spel, og Vesten får panikk ved utsiktene til eit Ukraina som blir slått til underkasting. I det minste gjer Russland det rette – dei går ut på førehand og varslar relevante land om at dei veit kva slags komplott som blir laga, og at dei vil gjere det som må til for å stå imot eit slikt angrep viss det skjer. Vi sit på ein kagge med kjernefysisk pulver. Be om at dei sindigaste vinn fram.

Fritt omsett av Monica Sortland

Redaksjonene har lagt til bilder m/tekst

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 11

Les artikkelen direkte på derimot.no