Derimot: Russiske arkiv: Avliver polske myter om 2. Verdenkrig. – Derimot
derimot.no:
75 år seinare: Nyleg deklassifiserte dokument frå krigstida avslører mytar om frigjeringa av Warszawa under Andre verdskrig
Warszawa vart frigjort av sovjetiske styrkar for 75 år sidan i dag (16. jan.) – og polske offisielle tenestemenn har sidan den gong skjult den sentrale hendinga under ei kappe av mytar. Men no har nyslopne historiske dokument hjelpt til med å kaste litt lys over sanninga.
Styresmaktene i Warszawa hadde ingen planar om å feire denne datoen – men det er ikkje første gong Polen har ignorert frigjeringa av hovudstaden sin. Sidan kollapsen til Sovjet-blokka tidleg på 1990-talet har politikarar over heile aust-Europa pusha førestillinga om at Sovjetunionen og nazi-Tyskland hadde eit like stort ansvar for å starte Andre verdskrig – og idéen om at soldatane i Den raude armé leidde ein brutal okkupasjon, i staden for å frigjere Polen, har festa seg grundig i historiebøkene til landet.
Det synet er framleis rådande i nokre andre europeiske statar også – men eit funn av nyleg deklassifiserte dokument frå krigstida, publisert av Russlands forsvarsdepartement, fortel ei anna historie.
Myte 1: «Berre den polske hæren var sanne heltar»
Med Polen under nazi-okkupasjon, vart hæren deira (Armia Krajowa/AK), som støtta landets regjering som sat i eksil i London, ei dominerande motstandsrørsle. I tiår har AK av mange i det moderne Polen blitt gjort stas på som dei ekte heltane og patriotane i historia, medan polakkane som hjelpte Sovjet-styrkane ofte blir demoniserte som forrædarar.
AK blir hylla i årlege seremoniar rundt ein kvit obelisk som vart reist til deira ære i sentrum av Warszawa på 90-talet. I 2019 gjorde president Andrzej Duda ære på overlevande AK-medlemmar, då han kalte dei rollemodellar og ein «dyrebar historisk skatt».
Men dei avdekka depesjane frå Den raude armé avslører at imaget til krigarane i den polske arméen er blitt kvitvaska. Dei deklassifiserte rapportane viser faktisk at AK-avdelingar etter slutten på krigen i mange tilfelle viste ei åtferd som var mindre beundringsverd – som omstreifande væpna, kriminelle gjengar som kidnappa og drap polske politimenn og «terroriserte» vanlege folk som vågde hjelpe sovjetarane.
I november 1945 angreip AK-agentar ein politistasjon i byen Kepno og drap alle som var der – inkludert kona og dei to barna til ein av politimennene. Same månad myrda dei ein medlem av det pro-sovjetiske polske arbeidarpartiet i bustaden hans i byen Pulawy framfor kona hans, og såra barnet deira. AK-opprørarar starta også ein skremselskampanje mot polakkar som samarbeidde med sovjetiske styrkar. Éi åtvaring laud: «Ta barna dykkar og førebu dykk på å døy.»
Myte 2: «Den raude arméen knuste 1944-opprøret»


Ivrige etter å forkaste eitkvart positivt minne om sovjetisk frigjering av Warszawa, vel Polen i dag i staden å fokusere på eit heroisk, men mislykka, opprør som tok stad i bygatene hausten 1944. Duda skulda i fjor Den raude armé for å ha vore «passive» under opprøret, underforstått for å late nazistane utrydde polakkane som seinare kunne reise seg mot sovjetarane.
Denne tanken er vanleg i polske media. Ein artikkel publisert i storavisa Rzeczpospolita i fjor påstod at Sovjetunionen nekta å hjelpe rebellane fordi dei såg revolten som «ein unik sjanse til å øydelegge den uavhengigheitsinnstilte eliten i den polske nasjonen med tyske hender.»
I røynda var det slik at medan den polske revolten mot nazistane var i full gang, så frigjorde Den raude armé Warszawas Praga-distrikt på austsida av Vistula-elva – men troppane mangla tilrekkeleg med middel til å fortsette vidare og gå direkte på Warszawa, seier dei deklassifiserte dokumenta. Trass i at dei var tom for flybrennstoff, viser transkripsjonar av Den raude arméen sine radiomeldingar at sovjetarane likevel greidde å forsyne polske rebellar med mat, våpen og ammunisjon. Den raude armé bomba også visse delar av byen etter bøn frå rebellane.


I kontrast til dette kan vi lese i dokumenta at USA og Storbritannia sine flyslepp var «ineffektive». Éin gong sende Dei allierte 80 fly på eit luftstøtteoppdrag, men 95 prosent av sleppa deira landa i tysk-kontrollerte område.
Dei sovjetiske rapportane indikerer også at oppstanden sjølv var lite uttenkt frå starten av. Depesjar skildrar korleis rebellar, væpna med berre handvåpen og granatar, mislykkast i å innta viktige strategiske utpostar og øydelegge togliner som tyskarane brukte til å transportere styrkar rundt byen. Til sist vart ikkje rebellane sine provisoriske gatebarrikadar noko stort hinder for stridsvogner og artilleri.
Myte 3: «Alle polakkar såg på Den raude arméen som vonde okkupantar»
Det polske statsdrivne Institutt for nasjonalt minne (instytut pamięci narodowej, IPN) og det polske utanriksdepartementet har gitt Den raude ermé sine soldatar rolla som ikkje frigjerarar frå nazismen, men berre som «totalitære okkupantar», som ikkje var stort forskjellige frå Hitler sine troppar.
I interne rapportar har Den raude armé vedgått at polakkane i visse område faktisk var meir sympatisk innstilte mot AK-opprørararane. Men i Warszawa var det store fleirtalet «venlege og imøtekomande» mot Den raude armé, og takka soldatane deira for å kvitte landet med nazistar.
«Tyskarane ønska å drepe oss, men sovjetarane redda oss, og no er vi heime att,» vart ein lokal mann sitert på etter at dei sovjetiske troppane redda 50 polakkar nær byen Rzeszow, rett før dei skulle transporterast til Tyskland for slavearbeid.
Myte 4: «Sovjetarane plyndra Polen etter krigen»
I følge IPN kom ikkje sovjetiske troppar med anna enn destruksjon, ettersom «Det polske samfunnet vart slavar under sovjetisk styre og under styret til Moskva sitt kommunist-regime over dei neste tiåra.»
Polen låg i ruinar etter nazi-okkupasjonen, så det første målet for dei sovjetiske styrkane var å distribuere mat og sette stopp for hungersnauden. Ein rapport frå dei sovjetiske militære autoritetane nemner korleis arméen mellom 1944 og 1945 forsynte landet med 316 000 tonn poteter og ferske grønsaker, og 138 000 tonn korn. Folk mottok også mengder av ulike verkty og andre gode som buskap, plogar, traktorar og skurtreskarar, madrassar og symaskiner.
Vidare behandla feltmedisinarane til Den første kviterussiske fronten fleire titals tusen lokale innbyggarar på arméhospitala, medan avdelinga sine toglinetroppar gjenoppbygde mange jarnvegar, vegar og bruer som hadde blitt øydelagde under krigen.
Omsett av
Monica Sortland
Kjelde: https://www.rt.com/news/478443-poland-warsaw-liberation-myths/
Lenke til ein engelskspråkleg video om saka: https://www.youtube.com/watch?v=EblrajoYq14
Bilder m/kommentarer er lagt til av Knut Lindtner
Tidligere publisert på derimot.no