Derimot: Russisk toppanalytiker: Ukrainakrigen vil knekke den vestlige eliten.

derimot.no:

Sergej Karaganov: «Vestlege elitar vil ikkje overleve Ukraina-konflikten»

Henta frå Free West Media. Omsett av og henta frå saksyndig.

Den russiske geopolitikaren og mangeårige rådgjevaren til presidenten, Sergej Karaganov, gjorde i eit nyleg intervju ei omfattande vurdering av Ukraina-konflikten, og snakka òg om moglege framtidige scenario.

Sergej Karaganov

Samtalen med New York Times kan sjåast på som ein oppfølgjar til eit intervju i april 2022 med det britiske tidsskriftet New Statesman, og eit anna i juni i det italienske geopolitiske tidsskriftet Limes.

Karaganov tolka krigen i Ukraina som eit resultat av den krypande «forholdseskaleringa» mellom NATO og Russland. Han sa at han hadde forventa krigsfaren lenge før og åtvara mot den. Derimot var den russiske leiarskapen overtyda om at det politiske Vesten snart ville kollapse, på grunn av økonomiske svakheiter, so vel som eit generelt politisk og moralsk forfall. I grunnen byrja den Nye kalden krigen for meir enn eit tiår sidan, og difor til og med før Euromaidan i Ukraina i 2014.

Vestlege elitar var ute etter å stoppe Ukraina sitt pågåande forfall ved å utnemne Ukraina til ei rampe for å råke «hjartet til Russland». Konflikten var uunngåeleg frå Moskva sitt synspunkt, som er grunnen til at Russland valde å slå til fyrst.

Folk stoler ikkje lenger på leiarane sine i Vesten

I lys av dei talrike krisene og den desperate situasjonen i den vestlege leiarskapseliten, var reaksjonane i Vesten føreseielege, ifølgje Karaganov. Til sjuande og sist handlar den noverande militære konflikten ikkje om Ukraina. Heller er konflikten beint fram eksistensiell for dei vestlege elitane, som i aukande grad misser tilliten til sitt eige folk.

Den noverande herskande vestlege eliten vil ikkje overleve denne konflikten, spådde Karaganov. Likevel vil dei fleste vestlege statar, når dei har kvitta seg med den «liberale globalist-imperialismen» påtvinga dei på slutten av 1980-talet, visseleg blomstre igjen.

I lys av det politiske, økonomiske og moralske forfallet i Vesten, gjer Russland klokt i å halde avstand i dei neste ti til tjue åra. Etter ei delvis endring av eliten i Vesten, vil relasjonane derimot vende tilbake til normalen. På ingen måte følgjer Russland det sjølvmordsaktige valet om å isolere seg sjølv frå resten av verda. Snarare er verda i prosessen rundt å endeleg frigjere seg sjølv frå vestleg hegemoni, og kan berre vinne ved å gjere det på den måten.

Kanselleringskulturen har skulda

Ifølgje Karaganov er den internasjonale sentrale faktoren vekk frå Russland, nært relatert til fenomenet rundt den sokalla «kanselleringskulturen». Russisk kultur, faktisk alt som er russisk, blir offer for den lagnadstunge rørsla i Vesten. Derimot er dette eit fundamentalt problem i Vesten, som òg er opptekne med å «kansellere» si eiga historie, sin eigen kultur og kristne moralar og verdiar. Til sjuande og sist har derimot den aggressive vestlege politikken òg fordelar – den har hjelpt til med å reinse russisk samfunn og elitane av «gjenverande pro-vestlege element».

I kontrast til Vesten, har Russland framleis vore i stand til å oppretthalde tankefridom og intellektuell diskusjon. I alle tilfelle kan ein ikkje finne fenomen slik som kanselleringskultur eller «overveldande politisk korrektheit» i Den russiske føderasjon. Russland stengjer heller ikkje seg sjølv ute frå europeisk kultur; dei vil i staden forbli ein av dei få stadene i framtida som tek vare på skattane til europeisk, vestleg kultur og deira åndelege verdiar.

Kva er Russland sine mål?

Karaganov skildra takinga av Donbass og erobringa av heile sør- og aust-Ukraina som Russland sine minimumskrigsmål. Området som framleis er under kontrollen til Kiev må bli politisk nøytralisert og fullstendig avmilitarisert, la han til.

Den russiske leiarskapen, sa Karaganov, stod overfor eit eksistensielt val. Dersom Russland ønskjer å sjå utviklinga av sin «stolte og suverene stat» ivareteken, må den noverande kampen for ein framtidig «rettvis og stabil verdsorden» halde fram.

Tilfeldigvis er Ukraina berre ein liten del av det omfattande forfallet av «verdsordenen til den globale liberale imperialismen» som vart påtvinga verda av USA. Verda bevegar seg for tida mot eit mykje meir rettferdig og friare system av multipolaritet og mangfald av sivilisasjonar og kulturar. Eit av sentra til den komande verdsordenen vil dukke opp i Eurasia, med Russland i si naturlege rolle som «sivilisasjonen til sivilisasjonane», og den nordlege garantøren av global balanse.

I april 2022, i eit intervju med den italienske avisa Corriere della Sera, hadde Karaganov allereie sagt at «krig var uunngåeleg, dei var eit våpenhovud til NATO. Vi tok det særs tunge valet å slå til fyrst, før trugselen vart dødelegare.» Han sa vidare at krigen i Ukraina «vil bli brukt til å restrukturere russisk elite og russisk samfunn. Det vil bli eit meir militant-basert og nasjonal-basert samfunn, og drive ikkje-patriotiske element vekk frå eliten.»

Han sa òg at «avmilitarisering tydar øydelegging av ukrainske militærstyrkar – det skjer og det vil akselerere. Naturlegvis, dersom Ukraina blir forsynt med nye våpen, kan det forlenge pinen… Krigen vil føre til siger, på ein eller annan måte. Eg antek at avmilitarisering vil bli oppnådd, og der vil skje de-nazifisering òg. Som vi gjorde i Tyskland og Tsjetsjenia. Ukrainarane vil bli langt fredelegare og vennlegare mot oss.»

Kven er Karaganov?

Sergej Karaganov er sett på som ein av Russlands pionerar innan utanriks- og tryggleikspolitikk. Han har lenge vore kjent for sine provokative og polariserande ytringar. I meir enn to tiår var Karaganov ein påverknadsrik rådgjevar til dei russiske presidentane Jeltsin og Putin. Han var medgrunnleggjar og æresleiar i Russlands eldste NGO, Råd for utanriks- og forsvarspolitikk (CFDP), so vel som det viktige utanrikstidsskriftet Russia in Global Affairs.

Den vitskaplege direktøren ved fakultetet for verdsøkonomi og internasjonale relasjonar ved det anerkjente russiske universitetet Høgare skule for økonomi, ser òg på seg sjølv som den åndelege faren til Russlands orientering mot Asia- og Stillehavsregionen.

Forsidebilde: iStock

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...