Derimot: Russiagate var en løgnkampanje. En rekke sentrale USA-topper kan bli siktet. – Derimot

derimot.no:

Obama-administrasjonen prøvde å iscenesette eit kupp

USAs etterretningssjef Tulsi Gabbard sleppte [i sommar] ein rapport om korleis etterretningsvesenet hadde halde tilbake informasjon som beviser at «russiske og kriminelle aktørar verka ikkje inn på presidentvalet i 2016 via cyberangrep på infrastruktur». 

Eit meir detaljert dokument om desinformasjonen som hevda at Russland blanda seg inn i USAs presidentval, har også blitt publisert.

Den no diskrediterte 3019-rapporten til Special Counsel Robert Mueller har aleine kosta $32 millionar.

Tulsi Gabbard har publisert kring 100 dokument som støttar konklusjonane hennar.

Tulsi Gabbard kommenterte: «Nokon må bli sikta. Dei som er ansvarlege – same kor mektige dei var då det skjedde, og same kven som deltok i dette forræderske komplottet mot det amerikanske folket – må alle stillast til ansvar.»

USAs president Donald Trump kommenterte med å understreke at dei nye DNI-dokumenta var «ugjendriveleg bevis» på at Barack Obama prøvde å gjennomføre eit statskupp. «Dette er den største skandalen i landets historie,» sa han.

Som svar på spørsmål om rapporten hennar, publiserte Tulsi Gabbard den 14. august e-postar utveksla etter 22. desember 2016 mellom forgjengaren hennar, James Clapper, og sjefen for National Security Agency på den tida, Mike Rogers. Desse viser at dei to mennene hadde intensjonar om å halde oppe narrativet om russisk innblanding i presidentvalet, sjølv om dette hadde blitt avkrefta.

Melding nr. 3741 i Voltaire, International Newsletter – N°140-141 – September 5, 2025

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar