Derimot: Legevitenskapen står ved en skillevei. Kampen for faglig integritet. – Derimot

derimot.no:

Kampen for integritet i legevitskapen

Navigering i eit helsesystem som er kapra av makt og profitt

av Dr. Mark Trozzi

Når eg reflekterer over dei siste åra, er det umogleg å ignorere korleis legevitskapen har blitt overtatt og manipulert for å tene agendaar som har fjerna seg langt bort ifrå omsorg for pasientane. Frå mitt perspektiv som lege, har eg vore vitne til utholing av grunnleggande prinsipp for helsevesenet, og den omfattande utrullinga av COVID-19-“vaksinen” er eit av dei mest markante døma.

.

.

Sjå her

Takk til Chris og Caroline Pomeroy og The Pembroke Freedom Group som var vertskap for dette arrangementet; Cori Slaughter og Vlad Tepes for innspeling og deling av videoen; RAIR Foundation USA for publisering av videoen; Finnigan’s Restaurant and Pub for lokalet, og Jack og Judy Lapierre for at dei gav husrom til meg og familien min. Video-kjelde: (Click Here)

Legevitskap under kringsetting

Helsevesenet har endra seg, med mektige aktørar – farmasøytiske gigantar og private donorar – som sit med uforholdsmessig mykje av kontrollen. Organisasjonar som Verdshelseorganisasjonen (WHO), som får størstedelen av finansieringa frå einingar som Gates Foundation og GAVI, verkar no vere meir på linje med private interesser enn med folkehelsa. 

Kjelde: «All for Health, Health for All», WHO Investment Case 2025-2028

Dr. Sucharit Bhakdi Interview: COVID Vaccine Blood Clot Risk Was Known, Ignored & Buried

Heller enn å fostre tillit, har denne dynamikken underminert det heilage bandet mellom lege og pasient. Privatliv og autonomi har erodert, og fagfolk som stiller spørsmål ved narrativet møter karriere-stoppande angrep.

«Vaksine»-problemet

Tradisjonelle vaksinar var utforma slik at dei introduserte svekka eller fragmenterte virus for å på trygt vis stimulere immuniteten. Men COVID-19-«vaksinen» avveik radikalt frå denne modellen. Den brukte pegylerte lipide nanopartiklar, eit leveringssystem for eksperimentelle behandlingsformer, til å transportere modifisert mRNA inn i kroppen.

Til skilnad frå tradisjonelle vaksinar, spreidde denne metoden det injiserte materialet til alle kroppsvev, inkludert hjernen og forplantningsorgana. Desse nanopartiklane gav celler instruks om å produsere piggproteinet til koronaviruset – ei gift ein veit triggar immunangrep på kroppens eigne vev.

Raude flagg og undertrykking

Tidleg i pandemien var det umogleg å ignorere inkonsekvensane. Sjukehusa var ofte tomme, samtidig som mediereportasjar hevda dei hadde sprengd kapasitet. Effektive behandlingar med til dømes hydroksyklorokin og sink vart sette på sidelinja, og diverse påbod om t.d. munnbind og nedstengingar mangla solid vitskapeleg støtte.

Utrullinga av COVID-19-«vaksinen» gjorde berre vondt verre. Det dukka opp bevis for alvorlege biverknadar, inkludert organskade, reproduksjonsproblem og plutselege dødsfall blant unge, elles friske, folk.

Ei personleg vurdering

Dette var ikkje den legevitskaplege praksisen eg hadde dedikert livet mitt til. Ettersom eg grov djupare, vart det tydeleg at dette ikkje berre var uaktsemd – det var ein koordinert innsats for å undertrykke meiningsforskjellar og tvinge fram samtykke.

Konfrontert med denne realiteten, tok eg den tunge avgjerda om å gi avkall på økonomisk tryggleik og komforten i ein stabil karriere. Eg selde heimen min, tok ut sparepengane og forlet systemets «gylne handjern» for å kjempe for sanning og integritet.

Vegen framover

Kampen er ikkje over. Rundt om på kloden arbeider legar og vitskapsfolk utrøytteleg for å eksponere desse problema og tilby ressursar til dei som er råka. Organisasjonar som t.d. FLCCC og World Council for Health står i fronlinja for å utvikle avgiftningsprosedyrar og løysingar for tilfriskning.

Utfordringane er enorme, men det er óg viljen til dei som har dedikert seg til å gjenopprette etikken og transparensen i helsevesenet. Det er på tide å ta tilbake legevitskapen til det den bør vere: ein praksis som har fokus på pasientens velvære og rettar.

Omsett av Monica Sortland

https://www.globalresearch.ca/fight-integrity-medicine/5876797

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar