Derimot: Robert Kennedy jr. vil aldri bli president i USA med denne typen utsagn: «Vi har koselig sosialisme for de rike og nådeløs kapitalisme for de fattige.»

Derimot.no

derimot.no:

Robert F. Kennedy Jr. treffer spikaren på hovudet: han eksponerer alle løgnene amerikanarar blir fortalt om Russlands krig i Ukraina

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Robert F. Kennedy Jr., som erklærte sist veke at han stiller som presidentkandidat mot Joe Biden i Det demokratiske partiet sin 2024-nominasjon, var, viser det seg, ein av dei siste gjestene som deltok i Tucker Carlson sitt Fox News-program før programleiaren fekk sparken måndag.

Og takk og lov at den populære verten hadde RFK Jr. som ein av sine siste gjester, fordi han sleppte fleire bomber som utfordra den konvensjonelle kunnskapen blant amerikanarar og andre i Vesten om at Ukraina «vinn», eller til og med har ein sjanse til å slå det mykje større Russland.

«Det generelle temaet i talen min var denne korrupte blandinga av statleg og korporativ makt, som har – som gjer landet vårt om til eit korporativt kleptokrati. Til eit system av… koseleg sosialisme for dei rike og denne forma for brutal, nådelaus kapitalisme for dei fattige,» fortalde Kennedy til Carlson, og refererte til talen hans der han erklærte sitt kandidatur.

«Det held oss i ein krigstilstand. Dei hjelper bankar å halde seg flytande, medan dei, veit du, på same tid, denne månaden, fortalde den amerikanske regjeringa 30 millionar menneske at dei kom til å kutte i trygda deira, matkupongane deira med 90%, dei tok 15 millionar menneske av Medicare [det føderale helseforsikringsprogrammet; oms.an.]. Same månad gav dei 300 millionar dollar til Silicon Valley Bank og auka kostnaden til Ukraina-krigen til 113 milliardar. Vi sender 113 milliardar til Ukraina. Heile budsjettet til EPA [det amerikanske miljøbyrået; oms.an.] er 12 milliardar. Budsjettet til CDC er 11 milliardar,» heldt han fram.

«Vi har 57% av amerikanske borgarar som ikkje kan gripe fatt i tusen dollar om dei står i ei krise. Ein fjerdedel av borgarane våre går svoltne,» la RFK til. «So vi kuttar i trygda og matkupongane med 90%, og vi betaler og hjelper bankane, vi betaler for ein krig som, veit du, vi eigentleg ikkje har råd til.»

Han la deretter til: «Og måten vi gjer det på, er å trykkje pengar. Vi har trykt opp 10 hundreåir med pengar dei siste 14 åra. Og det er det som forårsakar inflasjon, som får matprisane til å stige, og som er ein beskatting av dei fattige. Veit du, vi har fått prisane på essensielle matvarer slik som kylling, meieriprodukt og mjølk til å auke med 76% dei siste to åra. Og no kuttar vi i folks matkupongar og reddar bankar same månaden. Det gjev inga meining, og vi må bli kvitt denne typen korporativ-kontroll-regjering. Det kjem av, veit du, at demokratiet vårt utviklar seg til eit korporativt plutokrati [rikmannsstyre; oms.an.].»

Som respons spurde Carlson nevøen til John F. Kennedy: «Eg ville tru at det du akkurat sa, og eg er berre ærleg, eg er einig i mesteparten av det. Men sjølv om eg ikkje var det, ville eg tru, dæven, det var ein verkeleg interessant ting å seie. Du har eit koherent verdssyn. Du har skrive mange bøker om desse temaa. Du har heilt tydeleg tenkt på det. Du er ikkje der for pengane sin del, so fortener ikkje desse problema ei brei høyring før folket går inn i eit presidentvalsår? Det verkar for meg som dei gjer det.»

«Eg ville tru at dei gjer det, og spesielt problema knytt til krig. Du veit, sonen min reiste og kjempa i Ukraina. Som eg sa i dag, trur eg at, du veit, dei mest respekterte diplomatiske guruane slik som Henry Kissinger og Jack Matlock og Larry Wilkinson alle har sagt at Ukraina-krigen r eit stort problem for landet vårt fordi, frå eit geopolitisk synspunkt, det driv russarane nærare kinesarane, som er det verste som kan skje for oss,» la RFK Jr. til.

«Men vi er der av dei rette grunnane fordi vi har vanvitig medkjensle for det ukrainske folket og den ulovlege invasjonen, brutaliteten, og i tillegg deira ære og mot. Sonen min tente der borte. Han vart med i ei spesialstyrkeeining som ein maskingeværskyttar. Han kjempa i Kharkiv-offensiven,» sa han.

Deretter sleppte Kennedy ei massiv bombe: Talet ukrainarar og russarar som vart drepne har blitt vilt forvrengt mot Moskva.

«Men spørsmålet er, kvifor er vi i Ukraina? Fordi Lloyd Austin, forsvarsministeren, sa at vi er der for å utmatte russarane. President Biden har sagt at vi er der for å fjerne Vladimir Putin frå plattforma og embetet sitt. Og det er grunnen til at vi er der og at vi drep mykje av Ukraina, som brikker i ein stadfortredarkrig mellom to store makter,» sa han.

«Her er éin ting eg vil seie. Ingen snakkar om dette. Der er 14 000 ukrainske sivile som har døydd, men 300 000 soldatar. Russarane drep ukrainarar i eit sju-til-éin, åtte-til-éin-forhold. Dei kan ikkje oppretthalde dette. Vel, det vi blir fortalt om denne krigen er rett og slett ikkje sant,» la han til.

Forsidebilde: Wikimedia Commons

Les artikkelen direkte på derimot.no