Derimot: Robert F. Kennedy Jr.: CIA drepte min onkel, USAs president John F. Kennedy.

Derimot.no

derimot.no:

Robert F. Kennedy Jr: «CIA sitt drap på onkelen min var eit vellykka statskupp, USA har aldri kome seg igjen»

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av og henta frå saksyndig.

Robert F. Kennedy Jr. har skulda CIA for å myrde president John F. Kennedy, og skildra attentatet som eit «vellykka statskupp» som USA «aldri har kome seg etter».

Robert Francis Kennedy jr. er en amerikansk advokat, radiovert, forfatter og miljøvernaktivist. Han er sønn av tidligere justisminister Robert F. Kennedy og nevø av tidligere president John F. Kennedy. Wikipedia

Kennedy Jr. responderte etter at Nasjonalarkivet offentleggjorde tusenvis av nye JFK-dokument no i veka. Men ikkje alle JFK-dokumenta vart offentleggjorde trass for at det er nesten 60 år sidan han døydde. Rundt 3% av dei statlege dokumenta relatert til JFK blir framleis haldne tilbake frå folket.

Offentleggjeringa består av 13 173 dokument relatert til den offisielle etterforskinga rundt 1963-attentatet på president Kennedy.

Fox News-vert Tucker Carlson sa at han snakka med nokon som har sett dei skjulte filene. Carlson seier at denne kjelda påstår at CIA var «involvert» i mordet på John F. Kennedy.

«Vi snakka med nokon som har tilgang til desse framleis gøymde CIA-dokumenta,» sa Carlson på programmet sitt.

«Personen er djupt kjend med kva dei inneheld. Vi spurde denne personen direkte: hadde CIA ein finger med i spelet på mordet på John F. Kennedy, ein amerikansk president? Og her er svaret vi fekk, ordrett: ‘Svaret er ja. Eg trur dei var involvert. Det er eit heilt anna land enn det vi trudde det var. Det heile er falskt.’»

Robert F. Kennedy Jr. lovpriste Carlson sine eksplosive avsløringar om onkelen hans.

«Den modigaste nyheitssendinga på 60 år,» sa Kennedy. «CIA sitt mord på onkelen min var eit vellykka statskupp som demokratiet vårt aldri har kome seg etter.»

Ifølgje The Guardian:

Eit av dei nyleg offentleggjorde dokumenta, datert september 1964, set strek under det poenget. Etter førespurnad frå kommisjonen, hadde CIA søkt gjennom sine eigne filer for eit samband mellom Oswald [Kennedys offisielle drapsmann; oms.an.] og Jack Ruby, den lokale nattklubbeigaren som skaut og drap Oswald på direktesendt TV i kjellaren til Dallas-politiet sitt hovudkvarter to dagar etter Kennedy-attentatet.

«Gjennomsøking av Central Intelligence Agency [CIA]-filer har produsert ingen informasjon om Jack RUBY [sic] eller hans aktivitetar,» står det i dokumentet.

«Central Intelligence Agency har ingen indikasjon på at RUBY og Lee Harvey OSWALD nokosinne kjende kvarandre, var tilknytte eller kan ha vore tilknytte på nokon som helst måte.»

Offentleggjeringa torsdag [15.desember 2022] av tusenvis av dokument tydar at 95% av CIA sitt arkiv om attentatet no er tilgjengeleg for folket. Som eit siste steg vil der vere ein «intensiv eittårig gjennomgang» av alle dei gjenverande stengde filene før ei fullstendig opning av dokumenta innan 30.juni 2023.

Avdekkinga av CIA-dokumenta har vore forseinka i årevis. I 1992 gav Kongressen ordre om full offentleggjering innan oktober 2017, men fristen vart skoven fram i tid av president-dekret frå både Donald Trump og Joe Biden.

Forsidebilde: iStock

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no