Derimot: Putin til vesten: Vestens blodsuging av Afrika, Asia og Latin-Amerika tar nå slutt. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Putin til vestlege elitar: «Vampyrballet dykkar er over»

Elitane i Vesten har ikkje gjort anna enn å utnytte land og folkeslag i Afrika, Asia og Latin-Amerika dei siste 500 åra, men no er «moroa» over. Russland sin udiskutable leiar Putin sa i eit nyleg intervju at utnyttinga av andre nasjonar av den sokalla «gylne milliarden» snart er slutt. Nemnde elitar er akkurat som vampyrar som går til åtak på og syg offer tomme for blod. Dette rapporterer RT (Russia Today). Dei skriv (mi omsetjing):

Innlegget er hentet fra Saksyndig

«Æraen der vestlege elitar kan utnytte andre nasjonar og andre folkeslag rundt om i verda er snart over, sa den russiske presidenten Vladimir Putin i eit eksklusivt intervju publisert av Rossiya 1 og RIA Novosti på onsdag [13.mars 2024].

Presidenten sa at i løpet av dei siste få hundreåra, har den sokalla ‘gylne milliarden’ blitt vant til å kunne ‘fylle vommene sine med menneskekjøt og lommene sine med pengar’ sidan dei har vore ‘parasittar’ på andre folkeslag i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

‘Men dei må forstå at vampyrballet snart er slutt,’ sa Putin.

Blodsugingen av verdens befolkning er snart over.

Han la til at borgarane i dei nemnde regionane, som har blitt konstant utnytta av Vesten dei siste 500 åra, har byrja å assosiere Russland sin kamp for suverenitet med ‘sine eigne draumar om suverenitet og uavhengig utvikling’.

På same tid sa Putin at vestlege elitar har eit særs sterkt ønske om å ‘fryse den noverande situasjonen’ og halde på ‘den urettferdige stoda når det gjeld internasjonale affærar’.

Tidlegare, i hans nøkkeltale til Russland si Føderale forsamling førre månad, sa Putin at Vesten, med sine ‘kolonivaner’ for å ‘tenne nasjonale konfliktar over heile verda’ har tenkt å gjere alt dei kan for å hindre Russland si utvikling og gjere dei, som dei gjorde med Ukraina, om til ein døyande, fallert stat.

‘I staden til Russland ønskjer dei eit avhengig, svinnande, døyande rom der dei kan gjere akkurat som dei vil,’ sa han.

De smarte i vesten forstår at de må endre politisk retning.

Presidenten følgde opp desse kommentarane i intervjuet på onsdag, og sa at mange vestlege elitar, som har blitt ‘blinda av sin russofobi’ vart ‘opprømte’ då dei var i stand til å presse Russland til det punktet der dei måtte lansere sin militæroffensiv i Ukraina for å gjere slutt på krigen som Vesten starta i 2014.

‘Eg trur dei til og med var glade, fordi dei trudde at no skulle dei gjere kort prosess med oss gjennom eit vell av sanksjonar, gjennom i praksis å ha erklært ein sanksjonskrig mot oss, og ved hjelp av vestlege våpen i hendene på ukrainske nasjonalistar,’ sa Putin, og antyda at tankane hans låg bak vestlege krav om å ‘påføre eit strategisk nederlag mot Russland på slagmarka’.

No ser Vesten ut til å ha innsett at å slå Russland på denne måten ikkje berre er usannsynleg, men umogleg på grunn av kor samla [det russiske] folket står, den grunnleggjande grunnmuren og stabiliteten i økonomien, og det veksande potensialet til militæret, sa presidenten.

‘Dei som er smartare’ har no kome til den konklusjonen at det er naudsynt å endre strategien i relasjon til Russland, rekna Putin med.»

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar