Derimot: Professor Michael Hudson:Korleis finansverda er blitt ein livsfarleg parasitt
derimot.no:
I eit lite føredrag, som er gjengitt under i ein videofilm, fortel Michael Hudson, professor i økonomi ved Universitetet i Missouri, dei grunnleggjande fakta om korleis toppfinansen fungerer i dag.
Finansselskapa investerer der dei trur profitten er høgst og raskast, og det er ikkje i fabrikkar og produktive verksemder, men i allereie skapte verdiar, som aksjar og verdipapir, bustad og slakt av føretak.
Da dei var bankerotte under finanskrisa i 2008, så vart dei berga av plutokraten Obama, som ikkje nasjonaliserte dei, slik dei hadde venta, i staden fekk dei uhorveleg mykje ny likviditet frå sentralbanken (Federal Reserve), såkalla ‘quantitative easing’ (fint skal det lyde), i praksis ny gjeld, som no heile tida må løysast inn med ny gjeld. Gjelda må auke meir enn økonomien for å unngå eit nytt krakk. Det er slik rentesrente (‘compound interest’) fungerer.
Dette kan sjølsagt ikkje halde i lengda, krakket kjem med visse før eller seinare.
Hudson fortel òg mykje om den perverse bustadmarknaden i USA. Der er det no gått så langt at over helvta av huseigarane har avtale med bankane at dei berre betaler renter på lånet, slik at lånet aldri blir nedbetalt. I praksis er det banken som eig huset, medan «eigaren» betaler alle utgiftene, som vedlikehald, skatt osb.
[Det er nesten så ein vonar at krakket snart kjem, slik at desse vondhuga og uuthaldelege tilstandane må opphøyre.]
4 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 5 ganger.
Post Views: 14