Derimot: Presidentvalget i Polen: Vending bort fra NATO/EU. – Derimot

derimot.no:

PiS held på presidentskapet i Polen

Andre runde av det polske presidentvalet gjekk av stabelen den 1. juni. Resultata vart:

  • Karol Nawrocki – PiS: 10,606,877 røyster, altså 50,89%
  • Rafal Trzaskowski – KO: 10,237,286 røyster, 49.11%
Polens nyvalgte president Karol Nawrocki

• Presidentskapet tilhøyrer difor framleis partiet PiS. Presidenten i Polen har vetorett over alle avgjerdenen til regjeringa, og Karol Nawrocki fekk støtte for følgande åttepunktserklæring:

  • Eg vil ikkje signere på noko som aukar skattane, bidrag, royalties, eller introduserer nye skattetakstar.
  • Eg vil ikkje signere noka lov som set restriksjonar på kontantstraumane, og eg vil verne om den polske zloty’en.
  • Eg vil ikkje signere noka lov som set restriksjonar på fridommen til å ytre meiningar som ikkje strir mot den polske grunnlova.
  • Eg vil ikkje tillate at polske soldatar vert sende til ukrainsk territorium.
  • Eg vil ikkje signere noka lov for ratifisering av ukrainsk medlemskap i NATO.
  • Eg vil ikkje signere noka lov som set restriksjonar på polakkars tilgang til våpen.
  • Eg vil ikkje akseptere overføring av kompetanse frå autoritetane i Republikken Polen til organ i Den europeiske unionen.
  • Eg vil ikkje signere ratifiseringa av nye EU-traktatar som svekkar Polen si rolle, til dømes ved å svekke landets røysterett eller fjerne vetoretten.

Det polske folket er framleis merka av at landet deira forsvann fire gongar i si historie (sist under Andre verdskrig). Landet er splitta i dei som fryktar Russland mest og dei som fryktar Tyskland mest. I praksis satsar majoriteten av polakkar difor på … USA.

Dei oppfattar «Den europeiske unionen» som eit tysk prosjekt; Statsminister Donald Tusk har til og med vorte skildra som ein «tysk agent» av Karol Nawrocki; det er sant at Donald Tusk er ein barndomsven av Angela Merkel, som han har heile sin politiske karriere å takke for. Ein liten minoritet av polakkane vil heller ha «Tre hav-initiativet» (dvs. Jozef Pilsudski sitt prometheanske prosjekt, Intermarium, eit framhald av ‘Samveldet av to nasjonar’ som bestod av Polen og Litauen).

I tillegg til dette kjem traumet over massakrane før og under Andre verdskrig, uutførte av dei ukrainske «integrale nasjonalistane» som no sit med makta i Kiev. I tillegg til at leiaren deira, Stepan Bandera, myrda den polske innanriksminister Bronisław Pieracki, prøvde den ukrainske opprørshæren (UPA) å etnisk utreinse Volhynia ved å massakrere minst 100 000 polske sivile. Polakkar er difor splitta i synet på den russiske militære spesialoperasjonen i Ukraina. På den eine sida har dei solidaritet med ukrainarane i møte med ein russisk «invasjon», på den andre sida deler dei stort sett den russiske frykta for nazi-kollaboratørar (jmf innlegg nr. 2920 i VIN). Minnemarkeringa for Volhynia-massakrane har difor vorte ei sak for staten, spesielt sidan Ukraina nektar å delta. 

Innlegg nr. 3564 frå Voltaire, International Newsletter – N°136 – 6 June 2025 

Omsett frå engelsk av Monica Sortland

Forsidebilde: KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar