Derimot: Politisk USA-analytiker:Israel og USA er taperne. Iran er vinneren. – Derimot

derimot.no:

Israel og USA er dei store taparane; vinnarane er iranarane, seier John Mearsheimer

av Alfredo Jalife-Rahme

Det israelske angrepet på det iranske konsulatet i Damaskus fekk ikkje den effekten som Tel Aviv hadde håpa på. Tvert imot nytta Teheran provokasjonen til å få demonstrert sine overlegne hypersoniske missil, som er umoglege å avskjere, sjølv for USA.

I Tel Aviv held det israelske politiet fram med å arrestere demonstrantar under gissel-familiane sine protestar mot statsminister Netanyahus politikk.

John Mearsheimer, namngjeten professor ved Universitetet i Chicago – bannlyst av multimedia som er kontrollerte av “Israelslobbyen” [1] – heldt ein konferanse ved CIS (Centre for International Studies) i Australia den 15. mai [2], som han oppsummerte i intervjuet med Judge Andrew Napolitano [3].

Mearsheimer har ikkje noko behov for å omringe seg med innleigde heiagjengar, og Tom Switzer i australske CIS ser han som den tredje viktigaste geopolitikaren i USA. Han tilhøyrer den neorealistiske skulen for internasjonale relasjonar [4], og i den strålande utgreiinga si tar han utgangspunkt i situasjonen i Israel før og etter 7. oktober, då det braut ut krig mellom den palestinske sunnimuslimske Hamas-geriljaen og Israel under leiarskapet til statsminister Netanyahu.

Etter folkemord, etnisk reinsing og apartheid, er hovudtesa hans på dette vendepunktet i historia at Israel er i alvorleg trøbbel, for regjeringa til statsminister Netanyahu har ikkje greidd å oppnå sine to erklærte mål: 1) slå Hamas og 2) frigi dei israelske gislane som Hamas kidnappa.

Mearsheimer siktar til standpunktet til US Deputy Secretary of State, Kurt Campbell, som nyleg tok over for khazaren [5] Vicky Nuland, som leid eit audmjukande nederlag i Ukraina då ho ville påføre Russland eit strategisk nederlag kopla med regimeskifte, noko det blir stadig vanskelegare å få til. Kurt Campbell tvilar på om Israel kan oppnå full siger på slagmarka mot Hamas [6]. Bortsett frå den vondsinna pro-israelske propagandaen som vi får servert i den overveldande majoriteten av multimedia i Vesten, har Israel sitt problem med Hamas blitt overskugga av den meir sofistikerte libanesiske sjiamuslimske geriljaen til Hizbollah, som sit på eit arsenal av 150 000 missil(sic sic sic), og Jemens Ansar Allah (“følgarar av Gud”) -gerilja, meir kjent som “houthiane”, som nyleg fyrte av sitt første missil mot Israel.

Med dette som bakteppe argumenterer Mearsheimer for at Israel er den store taparen i denne konflikten og at denne pariastaten har dradd USA med seg i nederlaget, noko som har ført til djup uro hos dei arabiske allierte (Egypt, Jordanog dei seks petro-monarkia i Den persiske golfen). Dette nederlaget har gagna både Russland og Kina, som spektakulært har entra scena og etablert utmerkte relasjonar med Saudi-Arabia og Iran. Etter mitt syn er USA sitt tap i Gaza mykje mindre enn det dei lir i Ukraina og lusingen dei fekk med den hjartelege klemmen som Kinas president Xi og Russlands motpart Putin [7] delte. USA sitt nederlag i Ukraina skissar opp konturane av den nye verdsordenen, medan Israels felle for USA i Gaza utdjupar den.

Mearsheimer si forklaring på Irans relative triumf er rett og slett fascinerande. Den dreier seg om tre hovudpunkt: først 1. april, då Israel bomba det iranske konsulatet i Damaskus utan å først varsle sin næraste allierte, USA. Deretter 14. april, då Iran viste sine musklar og – med førehandsvarsel til USA via Oman – bombarderte Israel med sine missil og dronar, der omlag halvparten, grunna ein stillteiande avtale med USA, vart skotne ned . Og til sist den 19. april, då Israels frykta hemn mest likna fødselsskriket til ei mus som kjem ut av eit fjell: dei øydela kun ein radar i Isfahan.

Mearsheimers diagnose på korfor Israel er den store taparen: landet mista si legendariske avskrekking mot eskalasjonsdominans [8]. Men han nemner ikkje dei ni uoppdagbare hypersoniske missila som råka to israelske flybasar nær atomkraftverket Dimona, som gjer Iran til den einaste “hypersoniske avskrekkaren” i regionen [9]. Mearsheimer seier heller ingenting om at Israel sit på over 300 hemmelege atombomber, som kan føre til at det oppstår ein situasjon med gjensidig avskrekking mellom Israel og Iran, der Iran når som helst sjølve kan byrje utstyre seg med atombomber.

Alfredo Jalife-Rahme

Kjelde La Jornada (Mexico)

Omsett avMonica Sortland

Forsidebilde: Louis Hansel

[1The Israel Lobby and U.S. Foreign Policy, John J. Mearsheimer & Stephen M. Walt, Penguin Books (2008) [2] «Why Israel is in deep trouble : Prof. John Mearsheimer with Tom Switzer«, YouTube. [3] «Prof. John Mearsheimer : Donor Class vs. the First Amendment«, YouTube, Judge Napolitano – Judging Freedom, 18 mai 2024. [4] «Biography : John J. Mearsheimer«, André Munro, Britannica, May 6, 2024. [5] «El invento (sic) de la «Tierra de Israel»– la «Tierra de Canaan» espoliada–, según el historiador Shlomo Sand«, Alfredo Jalife-Rahme, La Jornada, 25 de febrero de 2024. [6] «Israel’s ‘total victory’ in Gaza is unlikely, top US official says«, Matt Berg & Alexander Ward, Politico, May 13, 2024. [7] «Putin en Beijing : ¡Segundo Encuentro en 7 meses!«, Alfredo Jalife, Radar Geopolítico, YouTube, 16 de mayo de 2024. [8] «Escalation Dominance in America’s Oldest New Nuclear Strategy«, Aaron Miles, War on the rocks, 12 september 2018. [9] “Iran’s hypersonic missiles generate deterrence through terror, says Scott Ritter”, by Alfredo Jalife-Rahme , La Jornada (Mexico), Voltaire Network, 22 April 2024.Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...