Derimot: Politisk krise i Israel.Gantz trekker seg fra krigskabinettet. – Derimot

Derimot.no
Derimot: Politisk krise i Israel.Gantz trekker seg fra krigskabinettet. – Derimot

derimot.no:

Det er politisk krise i Israel som følge av Gazakrigen. En kan mene hva en vil om den, men den vil forandre Israel for alltid. I nord er Hezbollah en formidabel militær og politisk kraft som truer Nord-Israel militært og Iran har vist hva de kan med sine supersoniske missiler.

I Rødehavet truer houthiene skipsfarten. Russland antyder at de kan forsyne houthiene med missiler som kan senke USAs krigsskip i området hvis ikke USA besinner seg i Ukraina. Dette vil være et svar på USAs levering av langtrekkende missiler til Ukraina. Den ene stedfortrederen (Ukraina er USAs og f.eks houthiene kan blir Russlands) er like god som den andre.

Og nettopp nå besøker 4 russiske krigsskip Cuba på dørterskelen til USA. Det er også en advarsel. At Gantz trekker seg i israel forteller at parallellt med den militære utviklingen i Gaza-krigen vokser det også frem en politisk krise. USA og og Israel har rotet det godt til for seg selv, men over oss henger oss faren for en altødeleggende atomkrig. USAs ledere har ingen revers (ryggegir), bare eskalering og snart er det bare atomvåpen de ikke har levert til Ukraina.

Israel har dem, men kan de bruke dem?

Knut Lindtner
Redaktør

Israels Gantz trekk seg frå Krigskabinettet, krev nyval

Gantz informerte Det kvite hus om sine planar om å trekke seg fleire dagar på førehand

Dave DeCamp 

Benny Gantz, leiaren av Partiet for nasjonal einskap, annonserte på sundag at han ville trekke seg frå kriseregjeringa og Krigskabinettet som vart oppretta etter 7. oktober, og han bad statsminister Benjamin Netanyahu sette ein dato for nyval.

Gantz sa Netanyahu hindra Israel i å oppnå «ekte siger» i Gaza. «Eg ber Netanyahu: fastsett ein valdagsdato det er semje om. Ikkje la folket vårt splittast,» sa han.

Det at Partiet for nasjonal einskap trekk seg, tvingar ikkje fram val sidan koalisjonen til Netanyahu framleis held 64 av 120 sete i Knesset. Gantz bad andre slutte seg til han, inkludert forsvarsminister Yoav Gallant, som er medlem av Netanyahus parti Likud, men nyleg kritiserte statsministeren for hans mangel på ein langsiktig plan for Gaza.

Gantz’ trekk kjem nokre veker etter at han trua med å trekke seg viss ikkje Netanyahu ville gå med på ei liste med krav innan 8. juni. Krava inkluderte godkjenning av å etablere ein administrasjon samansett av folk frå USA og Europa, arabarar og palestinarar, som skulle styre i sivile saker i Gaza under Israels sikkerheitskontroll, noko som ville bety ein langsiktig israelsk militær okkupasjon.

Benny Gantz er en israelsk generalløytnant og politiker. Fra 2011 til 2015 var han den 20. forsvarssjefen og fra 2005 til 2007 var han øverstkommanderende for den israelske hæren. (Fra Wikipedia)

Haaretz rapporterte om at Gantz hadde informert Det kvite hus om sine planar om å trekke seg for fleire dagar sidan og bede om USA si meining. Artikkelen sa: «Offisielle tenestemenn i USA fortalde Gantz at dei ikkje ville blande seg inn i israelsk politikk, men at dei hadde merka seg den skjøre tilstanden til forhandlingane om gislar og våpenkvile. Hans avgang vil berre føre til sterkare press frå USA på Netanyahu.»

Tidlegare i år vitja Gantz USA og møtte fleire høgare tenestemenn under turen som ikkje var godkjend av Netanyahu.  Haaretz-artikkelen sa at US-amerikanske tenestemenn hadde sett på Gantz som sin «føretrukne samtalepartnar» i krigskabinettet.

Mange i USA ser på Gantz som Netanyahus moderate opposisjon. Men ein av dei tinga Gantz kritiserer Netanyahu for, er at han ikkje gjekk snart nok inn i sør-Gaza-byen Rafah.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Jason Leung

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar