Derimot: Pervertering av fakta og diskreditering av vitenskapsfolk var metoden. At jihadister i Syria stod bak kjemiske giftangrep måtte ikke nå offentligheten.

Derimot.no

derimot.no:

Pervertering av fakta og diskreditering av vitenskapsfolk var metoden.

Denne artikkelen forteller om den omfattende omskrivingen og forfalskningen av de angivelige kjemiske angrepene fra den syriske regjeringen mot sin egen befolkning. Det som fremgår er hvordan vitenskapelig artikler som klargjør at gassen må ha blitt sluppet fra opprørerne for å diskreditere den syriske regjeringen, disse artiklene er blitt stanset og anerkjente vitenskapsfolk er blitt latterlig-gjort av folk uten faglig bagasje, men med andre sterke krefter i ryggen som ikke ville at sannheten skulle komme frem.

Vitenskapen er blitt et politisk middel for en politisk hensikt – ikke et verktøy for sannhet og kunnskap. Resultatet er en pervertering av fag og metoder, med spyttslikkere som ledere for vitenskapelige institusjoner. At disse ødelegges som følge av dette sier seg selv. Artikkelen forteller om en omfattende prosess for tilgrising av vitenskapsfolk og tåkelegging av virkeligheten. Anbefales.

Knut Lindtner
Redaktør

Prestisjetung våpenekspert sensurert etter at han demonstrerte at eit dødeleg giftgassangrep – som den syriske regjeringa fekk skulda for – eigentleg var ein falskt-flagg-operasjon utført av terroristar sponsa av USA

av Jeremy Kuzmarov

Toppvitskapsmann ved teknologi-instituttet MIT i USA vart utsett for bakvaskingskampanjar, og fekk ein artikkel han hadde skrive, som eksponerte sanninga om påståtte syriske angrep med kjemiske våpen, trekt tilbake frå eit prestisjetungt vitskapeleg tidsskrift.

Engstelege redaktørar og middelmådigheiter med band til CIA rotta seg saman om å diskreditere vitskapsmannen som nekta å etterape propagandaen til styresmaktene. I staden heldt han på prinsippa sine og sa opp jobben, ein jobb han har hatt i 30 år.

Theodore Postol er ein av dei største autoritetane i verda på området kriging og våpen. Som fysikar med doktorgrad i kjernefysikk, er han professor emeritus i vitskap, teknologi og internasjonal sikkerheit ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) og tidlegare topprådgivar for sjefen for marineoperasjonar.

Under den ærerike karrieren sin mottok han utmerkingane Leo Szilard Prize frå the American Physical Society for «skarpsindig teknisk analyse av spørsmål innan nasjonal sikkerheit av avgjerande betydning for debatten om politiske retningslinjer»; Hilliard Roderick Prize frå American Association for the Advancement of Science; Norbert Wiener Award frå Computer Professionals for Social Responsibility for «avsløring av mange og viktige falske påstandar om missilforsvar»; og Richard L. Garwin Award frå Federation of American Scientists «som gjenkjenner eit individ som, gjennom eksepsjonelle bragder innan vitskap og teknologi, har gitt eit framragande bidrag til gode for menneskeslekta».

Professor Postol var også senior-redaksjonsstyremedlem av det Princeton-baserte tidsskriftet Science & Global Security i meir enn 30 år – til han sa opp jobben i protest på grunn av at tidsskriftet nekta å publisere ein artikkel han skreiv som stilte CIA og regjeringa i eit pinleg lys.

Artikkelen la fram uimotseielege bevis for at det mordariske sarin-gassangrepet den 4. april 2017 på syriske sivile, ikkje var verket til Assad-regjeringa, men ein falskt-flagg-operasjon av USA-sponsa jihadistar, som var designa for å sjå ut som at Assad hadde skulda.

Theodore Postol foreleser et publikum i London om funnene hans som er i strid med FNs Organisasjon for forbud mot kjemiske våpen (OPCW) rapport om bruk av kjemiske våpen i Syria.

Som professoren sa i oppseiingsbrevet sitt

«Avgjerda dykkar, utan forklaring, om å ikkje publisere ein grundig og omfattande vitskapeleg analyse som dekka alle dei tekniske spørsmåla, står fundamentalt i motsetning til det mest grunnleggande målet: å hegne om ærleg, teknisk diskusjon, som er grunnlaget for vitskapens framsteg. Denne avgjerda er uforståeleg, og den strir imot alt eg har stått for i karrieren min.»

For å hindre at Postol sin artikkel skulle bli publisert, vart det sett i verk ein karakterdrapskampanje mot professor Postol, for å øydelegge truverdet hans og sverte ryktet hans. Press om å refusere artikkelen vart lagt på redaktørane av tidsskriftet (som Postol i fleire tilfellet hadde vore mentor for) av utvalde medlemmar av det vitskapelege og akademiske samfunnet – som lenge hadde soge av styresmaktenes bryst, og difor lydig rotta seg saman mot den tidlegare kollegaen, med ærekrenkande artiklar og skandaløse brev som sirkulerte hemmeleg bak ryggen på han.

I eitt av desse feige breva, skrive av Gregory D. Koblentz, ein fellow ved Council on Foreign Relations (CFR), vart Postol bisart nok til og med samanlikna med ein Holocaust-fornektar.

Men det var ikkje første gong professor Postol hadde hamna i kontrovers eller hadde måtta konfrontere og eksponere styresmaktene sine løgner om sine militære «triumfar» og «suksessar».

Etter den første krigen i Den persiske golfen i 1991, publiserte Postol ein artikkel i  Science & Global Securityder han avslørte at U.S. government hadde loge om effektiviteten til missilforsvarsystemet Patriot, som dei sa hadde skote ned Scud-rakettar som Irak hadde fyrt av mot Israel.

Artikkelen gjorde til at det vart starta ei gransking i Kongressen, og Postol vart ein liten vitskapeleg celebritet med omdøme som ein mann med integritet.

Postol omtalt i The Boston Globe med en kopi av et Patriot-missil. [Kilde: archive.boston.com]

Nær 30 år seinare gjer Postol framleis det han gjer best: avslører narrativa til styresmaktene med sylskarp vitskapeleg forskning og analyse.

Men USAs politiske landskap har endra seg – dramatisk, til det verre.

Ikkje berre kan Postol ikkje lenger få publisert forskninga si i leiande vitskapelege tidsskrift; han må no også tole ærekrenkande personangrep, der han blir omtalt som ein galning, konspirasjonsteoretikar og tulling.

I eit intervju med Covert Action Magazine (CAM), fortalde Postol at «eg fekk ikkje ut arbeidet mitt om Patriot-missila. Ingen har lenger mot til å publisere ting som går imot den konvensjonelle lærdommen om visse nøkkelemne relaterte til nasjonal sikkerheit.» 

Postol la til at «universitet og universitetstidsskrift er ikkje lenger ei kjelde for sanning… Det manglar uavhengigheit for tanke og evne til å gjengi avsløringar av denne typen, og det er eit svik mot den grunnleggande moralske samfunnsplikta som vitskapsfolk og akademikarar har til å undersøke og deretter presentere sanninga om viktige saker – sjølv om det skulle gjere folk i maktposisjonar ukomfortable.»

Rapport om bruk av kjemiske våpen i Khan Shaykhun, Syria

Postol gjorde folk i maktposisjonar ukomfortable med si dissekering av regjeringas offisielle narrativ om angrep med kjemiske våpen i Syria.

Ein artikkel som han skreiv saman med Goong Chen, ein matematikar fråTexas A&M University, og fem andre vitskapsfolk, Computational Forensics for the Alleged Syrian Sarin Chemical Attack on April 4, 2017: What Actually Happened? (datateknisk etterforskning av det påståtte syriske angrepet med saringass den 4. april, 2017: Kva var det eigentleg som skjedde?), brukte rettstekniske datasimulasjonar og tredimensjonal bildeanalyse til å modellere krateret som var identifisert som kjelda til sarinen som angiveleg skulle vere sleppt ut i Khan Shaykhun, ein landsby i Idlib-provinsen under kontroll av al-Nusra-fronten.

Det påståtte angrepet tente som påskot for Trump-administrasjonensavfyring av 59 kryssarmissil mot den syriske regjeringskontrollerte flybasen ved Shayrat.

Postol og medskribentane hans konkluderte med at krateret og relatertefragment nesten heilt sikkert var forårsaka av ein utskoten improvisert rakett-assistert artilleripatron med eit høgeksplosivt stridshovud — som rebellane godt kunne ha —og ikkje ei bombe sleppt frå eit syrisk fly.

Det vart ikkje observert fragment karakteristiske for ein luftboren bombe, som t.d. halefinnar og storleiken på krateret var for liten til at det kan ha vore forårsaka av ei bombe.

Dette funnet – som vart stadfesta av ein senior-etterretningsoffiser med ekspertise innan vurdering av bombeskadar — stilte spørsmål ved angrepsscenariet skildra av USAs etterretningssamfunn og FNs Organisasjon for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) sin Joint Investigative Mechanism (JIM).

Ifølge teamet til Postol hadde der vore omfattande tukling med krateret og restane, noko som førte til feilrapportering i media.

Ei daud geit som vart funnen på åstaden viste symptom på å ha inhalert sarin, men det vart funne spor som indikerte at geita hadde blitt slept til staden med eit tau rundt halsen. Det vart også funne daude fuglar som såg ut som dei svært nyleg hadde blitt sleppte ut av eit bur.

Postol og teamet hans konkluderte med at der fanst ingen fysiske bevis for nokon sarin-behaldar på nedslagsstaden.

Eit røyr vart av OPCW unøyaktig identifisert som ein behaldar fylt med sarin; eigentleg var det hylsteret til rakettmotoren som dreiv stridshovudet fram til lokasjonen for eksplosjonen.

Kjemiske våpen lagar generalt sett ikkje store krater i bakken og sidan ingen av arbeidarane som vart sende til å rydde opp på åstaden vart eksponerte for sarin eller døydde — for kontakt med asfalten rundt krateret ville ha vore svært dødeleg rett etter eit angrep[1]— er det usannsynleg at det faktisk har blitt brukt sarin.

To menn samler inn prøver fra åstedet for angivelig kjemisk angrep uten nesten noen beskyttelse. [Kilde: «Rettsmedisinske bevis sitert av OPCW som motsier dens rapporterte analyse og konklusjoner,» gitt til forfatteren av Theodore Postol]

Ifølge journalist Seymour Hersh, vart inntrykket av at sarin var brukt skapt av ei giftig sky som kom av bombinga av eit lager for jordbruksvarer nær krateret, der det var gjødsel, disinfeksjonsmiddel og andre varer som kunne forårsake nevrotoksiske effektar lik sarin sine.

Sanninga er undertrykt

Artikkelen til Postol, Chen et al., “Computational Forensics for the Alleged Syrian Sarin Chemical Attack on April 4, 2017: What Actually Happened?” vart publisert i Global Journal of Forensic Science and Medicine i november 2020, og vart slått stort opp på nettstaden til Tulsi Gabbard då ho stilte til val som presidentkandidat.

Tulsi Gabbard

Men artikkelen vart trekt frå publisering i det meir prestisjetunge tidsskriftet Science & Global Security eit år før, etter at artikkelen først hadde blitt godkjend og sirkulerte til fagfellevurdering.

Postol hadde i over 30 år sete i redaksjonsstyret til Science & Global Security og vore mentor for dei tre hovudredaktørane som til sist blokkerte publliseringa av stykket hans.

Desse redaktørane var a) Pavel Podvig, som er tilknytt Center for International Security and Cooperation ved Stanford University; b) Zia Mian, ein senior forskningskollega og med-direktør for Princeton-universitetets Program in Science and Global Security; og c) Alex Glaser, førsteamanuensis ved School of Public and International Affairs vedPrinceton og i Department of Mechanical and Aerospace Engineering.

I eit brev til Goong Chen som CAM har fått tak i, datert 27. desember, 2019, skreiv Podvig, Mian og Glaser at dei hadde bestemt seg for å trekke tilbake hans og Postols publikasjon fordi dei hadde «identifisert ei rekke problem med redigeringsprosessen,» inkludert «bekymringar kring kompetansen til vurderingane og at editorielt skjønn blir brukt som substitutt for ei avgjerd tatt i ei fagfellevurdering for å bestemme om kritikken deira er rimeleg.»

Redaktørane slo vidare fast at dei «aksepterte ansvar for forkludring av prosessen i dette tilfellet,» og at deira «oppdaging av uaktsame feil [gjort i vurderingsprosessen] burde ha kome tidlegare … På grunn av desse editorielle feila, bestemde vi oss for å returnere manuskriptet til forfattarane utan fordom. Ikkje på noko punkt har vi sagt at manuskriptet har blitt avvist eller trekt tilbake.»[2]

Denne forklaringa er hol, for om redaktørane – som innrømde dårleg dømmekraft – forkludra vurderingsprosessen, hadde dei plikt til å finne ein rettskaffen fagfellevurderar.

Insinuasjonen om at artikkelen aldri hadde blitt avvist, er også falsk, for den vart returnert til forfattaren og aldri publisert.

Gal vurderar og Bellingcat-desinformasjon

Ifølge Postol var hovud-fagfellevurderaren som redaktørane i Science & Global Security’s valde ut ein «galning» og ein «klovn». Han var enten ein medlem av Bellingcat eller nært tilknytt organisasjonen.

Som sjølvutnemnd «etterretningsbyrå for folket,» legg Bellingcat ut rapportar som fremjar desinformasjon frå styresmaktene i USA og Storbritannia om land som desse har peika ut som mål for regimeskifte, land som Russland og Syria.

Støtta av National Endowment for Democracy (NED)— ein avleggar avCIA —inkluderer staben tidlegare militære og etterretningsfolk frå USA og Storbritannia.

Eliot Higgins, Bellingcats grunnleggar, angreip Postol i eit blogg-innlegg den 13. september, 2019, med tittelen: «Simulations, Craters and Lies: Postol’s Latest Attempt to Undermine the Last Vestiges of his Reputation» (simuleringar, krater og løgner: Postols siste forsøk på å underminere dei siste restane av ryktet sitt)

Eliot Higgins (C), grunnlegger av nettbasert etterforskningsgruppe Bellingcat, taler på en pressekonferanse om funn i forskning på Malaysia Airlines flight MH17 i Scheveningen, Nederland, 25. mai 2018.

Higgins er ein mann som droppa ut av college, aldri sette sin fot i Midtausten og som, ifølge Postol, «manglar vitskapeleg utdanning, ikkje kan noko om vitskap, og ikkje har interesse av å lære seg nokon vitskap.»

Før Den arabiske våren innrømde Higgins at han «ikkje visste meir om våpen enn ein gjennomsnittleg Xbox-eigar; all kunnskapen sin hadde han frå Arnold Schwarzenegger og Rambo.”[3]

På bloggen sin ymta Higgins om at Postol var ein russisk agent som hadde prøvd å  vidarelevere resultata av forskninga si til den russiske delegasjonen i FN.

Faktum er at Postol og teamet hans sende brev om funna sine til alle dei fem permanente medlemmane av FNs Sikkerheitsråd – Kina, Russland, Frankrike, Storbritannia og USA – og til den fungerande presidenten for Sikkerheitsrådet, Tyskland, på grunn av funnas viktige implikasjonar.

Ifølge Higgins inneheldt Postols studie feil fordi krateret som var simulert i datamodellane ikkje var likt det i Khan Shaykhun eller likna verkelege krater danna av 122-mm artillerirakettar.

Men Postol fortalde CAM at det var feil i samanlikningane til Higgins, og at han ikkje kunne ha replikert kalkulasjonane som teamets supercomputer hadde utført. Plasseringa til kapslane viste tydeleg at krateret var forårsaka av ein artillerirakett, noko som og var stadfesta av militære handbøker.

Higgins sin blogg var vidare villeiande fordi den analysert fotografi som ikkje viste det opprinnelege krateret og restane på åstaden i Khan Shaykhun, men nokre som var tatt etter at åstaden var blitt tukla med. I tillegg analyserte den den gale enden av rakettmotoren som hadde blitt snudd opp-ned.

Postol skreiv difor at Higgins’ krimtekniske analyse var «ikkje meir relevant for sanninga enn DNA-bevis frå feil blodprøve ville vere i ei mordsak.»[4]

Brot på teieplikt og interessekonflikt

Ifølge Goong Chen vart redaktørane i Science & Global Security’s informerte i oktober 2019 om at ’dommaren’ over Chen og Postol sin artikkel hadde brote teieplikta ved å la innhaldet i rapporten sive ut til Higgins, som fortalde Postol om det under ein offentleg paneldebatt i London.

Pavel Podvig sin eigen interessekonflikt var openlys, då han jobba som rådgivar for FNs generalsekretær.

Postol sin artikkel leverte vitskapsbaserte bevis for at OPCW hadde forfalska rapportar til FNs Sikkerheitsråd relaterte til kjemiske gassangrep i Syria – ei skulding som blir stadfesta av OPCW-varslaren Ian Henderson.

Ian Henderson

Bakvasking frå CFR Fellow

Gregory Koblentz, direktør for bioforsvarsprogrammet ved George Mason Universitys Schar School of Public Policy og CFR-stipendiat, var ein av pseudo-ekspertane som vart hyppig sitert i Bellingcat sine rapportar om Syria.

Koblentz fekk sin doktorgrad (Ph.D.) i MIT-programmet for sikkerheitsstudiar i 2004. Han hadde Postol som førelesar i faga atomvåpen og missilforsvar, og deltok i tilstelningar om masseøydeleggingsvåpen som Postol organiserte.

Gregory Koblentz

Koblentz sa at «den Ted Postol som skriv om Syria og kjemiske våpen, er ikkje den Ted Postol eg kjende på den tida [ved MIT].”[5]

I eit forsøk på å blokkere publiseringa av Postols Khan Shaykhun-artikkel, skreiv Koblentz hemmelege brev til medlemmar av redaksjonsstyret og redaktørar for Science & Global Security. Det kom for ein dag då Frank von Hippel, som var med på å grunnlegge tidsskriftet i 1989, viste Postol brevet han hadde fått.

Frank von Hippel

I brevet som Koblentz sende den 27. september, 2019, motbeviste han aldri vitskapen i Postols artikkel, men replikerte i staden Higgins sine forøk på sverting. Han skreiv at han hadde brukt dei to siste vekene på å prøve å «opplyse redaktørane» av Science & Global Security og redaksjonsstyret om Postols «konspiratoriske synspunkt kring bruken av kjemiske våpen i Syria,» noko som etter hans syn hadde blitt «avkrefta av den opa-kjelde-forskande nettstaden Bellingcat.»

Koblentz hevda at dersom Science & Global Security publiserte stykket til Postol, så ville tidsskriftets «prestisje og tilknytning til Princeton-universitetet bli brukt av konspirasjonsteoretikarar, høgreekstremistar, russiske desinformasjonsselgarar og Assange-apologistar til å kvitvaske regimets mest avskyelege krigsbrotsverk.»

Koblentz sa at Postol sin analyse av kjemisk våpenbruk i Syria framviste eit «mønster av ubegrunna, uvitskapelege, og ulogiske hypotesar om verda,» eit «klassisk teikn på konspirasjonsteori».

Denne konspirasjonsteorien var «ganske populær blant CW truthers, som inkluderer dei som nektar for at Holocaust skjedde eller at Al Qaida hadde ansvaret for 9/11, så vel som blant individ og organisasjonar som støttar dei syriske og russiske narrativa om at Syria ikkje har gassa si eiga befolkning.»

Ifølge Koblentz er «det å publisere Teds siste teori i Science & Global Security samanliknbart med å la Andrew Wakefield publisere ein artikkel om vaksinar og autisme i JAMA [Journal of the American Medical Association], Alex Jones ytre seg om mediedekninga av masseskytinga på Sandy Hook i Columbia Journalism Review, eller å la kjende klimaendringsfornektarar publisere ein artikkel om global nedkjøling iScience: desse er alle diskrediterte konspirasjonsteoretikarar som mest kan reknast for sjarlatanar, trass i utdanning og utmerkingar dei har fått.»[6]

Avslag og reprimande

Etter å ha fått brevet til Koblentz, konsulterte han, Mian og Glaser andre vitskapsfolk, som Princetons Robert H. Socolow, som oppmoda dei til å ikkje publisere Postols artikkel.

Robert H. Socolow

Mian og Glaser hadde deretter eit ein-timars møte med Postol, der Mian tok seg av all snakkinga. Ifølge Postol var Mian «svært arrogant på møtet, men viste teikn på at han ikkje eigentleg hadde lese artikkelen». Postol sa at han på møtet kjende seg som om han var «ein eller annan sør-asiatisk tenar som fekk reprimande av ein britisk imperialist i 1965.»

Avkall

Etterpå ga Postol avkall på stillinga si i redaksjonsstyret til Science & Global Society, ei stilling han hadde hatt i 30 år.

Han sa at det var «ei bannlysing for han å vere ein del av ein organisasjon som med eller utan hensikt prøvde å undertrykke eller feilrepresentere gyldige, vitskapelege funn som hadde konsekvensar for folkeretten og den framtidige levedyktigheita til den mellomfolkelege avtalen om kjemiske våpen.»

I eit eksklusivt intervju med CAM sa Postol at heile saka var svært emosjonell for han på grunn av hans lange venskap med og tilknytning til redaktørane av Science & Global Security , som han hadde vore mentor for, hjelpt med å få publisert artiklar og til og med hjelpt med å få seg jobbar. Han føler at dei har svika han og det vitskapelege samfunnet og gjort ein alvorleg feil når dei «ikkje stod opp for si eiga vitskapelege dømmekraft.»

Den 25. oktober, 2019 skreiv Postol og gratulerte dei tre redaktørane med å la ein «teknisk analfabet, tredjeklasses politisk vitskapsmann [Koblentz] stoppe publiseringa av ein omhyggeleg og omfattande dokumentert vitskapeleg analyse. Bra jobba!»[7]

Akademisk feigskap ved George Mason University

I november 2019 framførte Postol ein formell klage på dårleg akademisk oppførsel mot Koblentz saman med Mark Rozell, dekan ved School of Government and Public Policy ved George Mason University, der Koblentz underviser.

Postol sa at professor Koblentz hadde «feilrepresentert seg sjølv som ekspert på ei sak han påviseleg ikkje har kunnskap om, og han brukar sin falske hevd på kunnskap til å engasjere seg i ærekrenkande skuldingar mot meg og kollegaane mine.»

Som respons på brevet starta rektoren for George Mason, S. David Wu (no president for Baruch College) ei gransking som konkluderte med at sjølv om nokre av påstandane til Koblentz var «udiplomatiske», så hadde han ikkje feilrepresentert sine kvalifikasjonar, og at skuldingane om ærekrenking burde handsamast i retten.

Granskingskomitéen konkluderte med at «ytringar som somme kan karakterisere som udiplomatiske eller nedsettande, kan like fullt vere del av ein diskurs ført innanfor grensene for akademisk fridom.»[8]

Postol svarte med å skrive eit brev til George Mason Universitys rektor Tom Davis, ein tidlegare Republikansk Kongressmann, der han gjentok at Koblentz ikkje hadde vitskapeleg ekspertise til å utfordre funna hans, og at det ikkje hadde vore nokon diskurs mellom han og Koblentz som kunne falle innanfor grensene av akademisk fridom, ettersom brevet Koblentz hadde sendt var hemmeleg. Koblentz søkte aldri nokon debatt om arbeidet hans – i staden posta han informasjon som var falsk til Postols kollegaar utan hans kjennskap. [9]

Postol hevda vidare at granskingsarbeidet til George Mason var uprofesjonell og inadekvat. Postol sjølv vart aldri intervjua, og det vart aldri opplyst om kven panelmedlemmane var, og om dei hadde den nødvendige ekspertisen til å vurdere om forskninga til Postol var utført profesjonelt eller ikkje.

Postol skreiv:

Eg vart ekskludert i ein prosess som allereie frå starten av tilsynelatande var designa for å ekskludere tillegget av oppklarande bevis eller at det vart stilt spørsmål ved nøyaktigheita i påstandane som Koblentz kan ha kome med til sitt forsvar. Kort sagt, enten prosedyren var rigga eller ikkje, så var den i alle fall ikkje konstruert for å finne eit balansert og dekkande bilde av situasjonen.[10]

Postol bad om at Davis skulle rette opp i problemet, men han fekk ikkje svar på brevet. Då CAM prøvde å kontakte han, var han umogleg å få tak i.

Tom Davis

Kjemiske angrep i aust-Ghoutai 2013

Postol skreiv ein annan viktig artikkel som punkterte styresmaktenes offisielle påstandar om ny påståtte angrep med kjemiske våpen i Syria: i aust-Ghouta, ein forstad til Damaskus, den 13. august, 2013.

Desse siste angrepa gav USA påskotet dei trengde til luftåtak dei før hadde trua med, som Obama-administrasjonen hadde venta på og førebudd seg til, men halde tilbake på grunn av manglande støtte i folket.

Den 20. august, 2013 gav utanriksminister John Kerry ein dramatisk pressekonferanse der han stadfesta etterretningsvesenet sin konklusjon om at det hadde blitt utført angrep med det kjemiske våpenet sarin, frå «hjartet av regime-territorium».

Seymour Hersh siterte ein etterretningsoffiser som den gongen ymta om at farsen var falskt-flagg på linje med Tonkin-golf-hendinga som resulterte i at USA massivt ekspanderte krigen sin i sør-Vietnam.[11]

Obama-administrasjonen brukte angrepa til å rettferdiggjere Operation Timber Sycamore, eit milliard-dollars program som forsynte jihadist-opprørarar med våpen dei skulle styrte Assad med, og til å presse på for luftangrep (som vart avlyste fordi Kongressen og folket sa klart ifrå om at dei ikkje ønska).[12]

«Jeg har alle de bevisene jeg trenger, (bare ikke fakta).»

Postol-artikkelen har tittelen «The 2013 Nerve Agent Attack in Damascus, Syria: A Potentially Disastrous National Intelligence Failure» (Nervemiddelangrepet i Damaskus, Syria i 2013: ein potensielt katastrofal nasjonal etterretningstabbe). Den har enno ikkje blitt publisert. I eitt av tidsskriftene Postol leverte den til, venta redaktøren i fem månadar med å gi han fagfellevurdering etter at han hadde mottatt den – uhøyrd lenge.

Postols artikkel demonstrerte at artillerirakettmotorane som leverte saringassen i aust-Ghouta var kraftige nok til å frakte kvar av dei tunge sarin-fylte stålsylindrane mellom 2 og 2,5 kilometer (ca 1,5 miles).

Ein inspeksjon av kartet i etterretningsrapporten frå Det kvite hus, viste at angrepet berre kunne ha kome frå regjeringskontrollerte område dersom rakettane hadde hatt ei rekkevidd på over 10 km – noko dei ikkje hadde.

Human Rights Watch og The New York Times og andre mainstream-mediekanalar gjentok det offisielle synspunktet til USAs regjering om at angrepa var starta på territorium kontrollert av Syrias regjering, noko som var umogleg ifølge naturlovene.

Avisa New York Times publiserte denne grafikken over heile framsida si den 17. september, 2013, og med det understøtta dei misoppfatninga om at rapporten til dei US-amerikanske etterretningsbyråa var korrekt. Artikkelforfattaren og redaktørane i avisa antok implisitt at rakettane kunne fare 6 til 10 miles til ulike nedslagspunkt i Ghouta. I røynda kunne rakettane berre fare rundt 1,5 miles. Då  The New York Times fekk informasjon frå Theodore Postol som viste at dette hovudoppslaget på framsida var feil, publiserte dei ein kort, villeiande artikkel som ikkje refererte til historia i det alvorleg ukorrekte hovudoppslaget som feilaktig rapporterte ei mykje lengre rekkevidd for rakettane som skulle vere utskotne frå territoriet til den syriske regjeringa. I tillegg let dei vere å dementere artikkelen med den falske konklusjonen om at etterretningsdata viste at angrepet hadde kome frå regjeringskontrollert område. [Source: Theodore Postol]

Etter at Postol sin artikkel var skriven, vart mange av funna hans stadfesta av eit FN-inspeksjonsteam. På ein pressekonferanse den 16. desember 2013 sa Åke Sellström, sjefen for FN-oppdraget som skulle etterforske skuldingane om bruk av kjemiske våpen i Den syriske arabiske republikken, at ei rekkevidd på 2 km for rakettane som leverte nervemiddelet var ei «rimeleg bra gjetning».

Sellströms konklusjon vart utelaten frå rapporten til OPCW, og leiarskapet i FN korrigerte aldri USA, Storbritannia og Frankrike sine påstandar om angrepa som var falske.

James Clapper, USAs direktør for etterretninga (National Intelligence),korrigerte heller aldri den falske etterretningsrapporten som vart brukt avObama-administrasjonen til å selge krigen.[13]

Nye bevis

Etter angrepa dukka det opp ein video som viste krigarar i gassmasker – identifiserte som medlemmar av opposisjonsfraksjonen Liwa Al Islam –som avfyrte sarin-fylte Volcano-rakettar den 21. august, angrepsnatta.

Videoen vart ignorert i media og avfeia som «fake», sjølv om ein studie frå juni 2021 av Rootclaim – ein nettstad grunnlagd av tekno-entreprenøren Saar Wilf – peika på fleire landemerke, synlege i videoen, som matcha opptak frå satellitt-fotografi.

Videoen kombinert med satellittbilda hjalp forfattarane av Rootclaim- artikkelen, Michael Kobs og Adam Larson, til å lokalisere staden til eit lite område i rebell-okkuperte Qaboun med to tre-rekker, låg vegetasjon og ein brulagt platting.

Eliot Higgins meinte den syriske arméen hadde skote dei kjemiske rakettane ut frå eit militærbaseområde sør for etterretningsgreina til luftvåpenet. Men studien til Rootclaim viser at det ikkje kunne ha vore kjelda, ettersom vinkelen var feil, og ein rakett skote ut derifrå ville ha gjennombora den nordre veggen av mål-bygget, ikkje den vestre veggen, den som faktisk vart treft.

Forfattarane kom også fram til at FN, The New York Times og Human Rights Watch, som alle gav Assad skulda for å ha starta angrepet, hadde kalkulert feil vinkel for raketten.

Tre dagar etter Ghouta-angrepet vart styrkar frå Den syriske arméen, då dei kom til staden, angripne med sarin, berre 200 meter unna området der Ghouta-angrepet var kalkulert til å ha starta frå.

Dette angrepet vart utførleg forklart i ein FN-rapport som Higgins, Koblentz og Bellingcat ikkje overraskande ignorerte.

Agendaen deira er tydelegvis å prøve å forgifte debatten om Syria og sverte dedikerte vitskapsfolk som Postol, som forskar fram funn som kastar viktig lys over bedraga som utgjer fundamentet for USAs politikk.


  1. Innbyggarane i nærleiken av åstaden vart heller aldri eksponert for sarin-gassen, då dét hadde vore dødeleg. 
  2. Brev til Goong Chen, Pavel Podvig, Zia Mian og Alex Glaser, 27. desember, 2019. 
  3. Higgins’ yrkes-CV inkluderer kontorarbeid for Barclays Bank, manager of invoices for eit prosess-management-firma, hjelpeasylsøkarar til å finne bustad og arbeid med kvinneundertøy
  4. Theodore Postol, “Annotated and Highlighted Summary of Fraudulent Blog Referenced by Koblentz from George Mason University Hosted Web Site as Proof of Postol’s Incompetence and Dishonesty.” På ein konferanse i London, sponsa av Center for Investigative Journalism, debatterte Postol med Higgins som tydde til grov namnebruk og sverta Postol som “ein gamal mann som har mista grepet, ein Assadist og ein apologist for massemord.” 
  5. Greg Koblentz til Frank N. von Hippel, “AAS—Scientists Clash Over Paper That Questions Syrian Government’s Role in Sarin Attack,” 27. september, 2019, email-kopi av brev sendt til CAM av Theodore Postol. 
  6. Greg Koblentz til Frank N. von Hippel, “AAS-Scientists Clash Over Paper That Questions Syrian Government’s Role in Sarin Attack,” September 27, 2019, email copy of letter sent to the author by Theodore Postol. 
  7. Ted Postol til redaktørane, 15. oktober, 2019. Email levert avTheodore Postol. 
  8. S. David Wu, Provost og Executive Vice President til Theodore Postol, 3. april, 2020. 
  9. Theodore Postol, Brev til ’Honorable’ Tom Davis, Rektor, George Mason University, 5. mai, 2020. Levert av Theodore Postol. 
  10. Ibid. 
  11. I Tonkin-golf-hendinga laug Johnson-administrasjonen om at nord-Vietnam hadde angripe to US-amerikanske skip. 
  12. Sjå Jeremy Kuzmarov, Obama’s Unending Wars: Fronting the Foreign Policy of the Permanent Warfare State (Atlanta: Clarity Press, 2019), kap. 9. 
  13. Dette var ikkje den einaste gongen Clapper støtta feilinformasjoneller laug, ikkje berre til folket i USA (som mange politikarar gjer på rein rutine), men i vitnemål framfor Kongressen, noko som er eit brotsverk ein kan få fengselsstraff for. 

Omsett av Monica Sortland

https://covertactionmagazine.com/2021/11/22/prestigious-weaponry-expert-censored-after-demonstrating-that-a-deadly-poison-gas-attack-blamed-on-the-syrian-government-was-really-a-false-flag-operation-by-u-s-funded-terrorists/

Forsidebilde: Lexica

16 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 16 ganger.

Post Views: 49

Les artikkelen direkte på derimot.no