Derimot: Paul Craig Roberts:Vesten har mistet grepet på virkeligheten. – Derimot

Derimot.no
Derimot: Paul Craig Roberts:Vesten har mistet grepet på virkeligheten. – Derimot

derimot.no:

Den stadig meir utvida krigen

Paul Craig Roberts, her henta frå nettstaden LewRockwell.com, skriv:

Dr. Paul Craig Roberts har tidligere arbeidet i USAs finansdepartement og har vært medredaktør i Wall Street Journal. Hans siste bøker er The Failure of Laissez Faire Capitalism and Economic Dissolution of the West og How America Was Lost.

Den britiske utanriksministeren seier «vi må gå etter alt russisk».

«Vi skal vise Putin at vi står bak Ukraina fullt og heilt: vi vil jakte på pengane og oljen, vi vil stoppe gassen, vi vil stoppe skipa,» erklærte den britiske utanriksministeren Cameron.

Storbritannia «jaktar på» selskap som utfører forretningar med Russland «over heile verda», sa Cameron. «Vi skal sanksjonere selskap i Kina, Tyrkia, Kirgisistan, til og med i Israel, som vi trur forsyner tobruksmateriale [engelsk dual-use material]» til Russland, la han til.

Dette er konsekvensen av Putin sin vanvurderte «avgrensa militæroperasjon i Ukraina». Det er ekstraordinært at russisk etterretning mislykkast i å informere Putin at ein langsamt veksande krig ville late Vesten bli involvert, og dermed gjere det om til ein krig mellom NATO og Russland.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Putin snakkar framleis om å forhandle fram fred med Ukraina, trass det faktum at Ukraina, NATO og Washington har gjort det heilt tydeleg at dei einaste vilkåra for fred er at Russland trekkjer seg ut av Ukraina, inkludert Krim, betaler for alle skadane og dei døde ukrainarane, og aksepterer NATO-medlemskap for Ukraina.

Ein kan berre undrast over den fullstendige mangelen på realisme i det Vesten fører krig til Russland.

Er planen til Kreml å sitje der som skyteskiver og berre respondere defensivt etter at Russland blir angripe, eller har Putin kome med ei siste åtvaring? For to dagar sidan sa Putin at egoismen og hykleriet til Vesten har produsert ein farleg situasjon «som fører verda nærare punktet det ikkje går an å vende tilbake frå». Orda til Putin minner om den serbiske presidenten Vucic sine ord om at «toget har forlate stasjonen og ingen kan stoppe det».

Putin sa at krava til vestlege leiarar om «å påføre eit strategisk nederlag på Russland, som har det største arsenalet av atomvåpen, viser den ekstreme eventyrlegheita til vestlege politikarar. Anten forstår dei ikkje omfanget av trugselen dei sjølve lagar, eller dei er rett og slett besette av trua på sin eigen straffefridom og eksklusivitet. Begge kan bli om til ein tragedie.»

Det er ekstraordinært at ikkje berre den vestlege verda, men heile verda ignorerer den farlege situasjonen som Putin skildrar. Kvifor har ikkje FN påført Washington sanksjonar for å provosere atomkrig? Kvifor er det patriotisk å fremje krig, men ikkje fred? Eg har åtvara mykje lenger enn Putin har gjort, og takka eg har fått, er å bli kalla ting og sett på lister over russiske «agentar/verktøy».

Den komande krigen kunne ha blitt unngått dersom Vesten hadde følgt Minsk-avtalen. Avtalen heldt Donbas i Ukraina ved å gje dei to republikkane ei viss grad av autonomi for å stoppe Ukraina sine åtak på Donbas-befolkninga. Putin støtta avtalen i åtte år, trass vedvarande provokasjonar. Som den tyske kanslaren og den franske presidenten innrømte, dreiv Vesten berre og lest som dei støtta Minsk-avtalen medan Vesten bygde ein diger ukrainsk hær som var i stand til å undertrykkje Donbas-republikkane.

Før dei intervenerte i februar 2022, gjorde Putin og Lavrov eit siste forsøk på å forhandle ein gjensidig tryggleiksavtale med Vesten, men møtte ei kald skulder frå Vesten. Tydelegvis hadde Vesten intensjon om ein konflikt frå byrjinga av.

Kva tenkte Vesten på?

Kvifor trudde Putin at Russlands intervensjon kunne avgrensast til Donbas? Putin såg Washington styrte den ukrainske regjeringa, installere ei nikkedokke, demonisere og gå til åtak på den russiske befolkninga i Donbas, nekte alle russiske forslag om å unngå konflikt, og tvinge Russland til å beskytte dei russiske områda som hadde blitt angripne av Ukraina av Sovjet-leiarar. Vesten visste sanneleg at Kreml ikkje berre kunne sitje på gjerdet medan den russiske befolkninga vart massakrert.

I Putins forsvar er han kanskje for human til å fatte vondskapen som har Vesten i sitt grep. Kanskje hans sentralbankdirektør og russiske nyliberale økonomar sa til han at Russland ikkje hadde råd til ein krig. Kanskje Putin trudde at Vesten ville ta til fornuft.

Men Vesten har ikkje teke til fornuft. Vesten går med fullt overlegg mot ein krig med Russland. Som president Vucic sa: «ingen prøver å stoppe krigen. Ingen snakkar om fred. Fred er nesten eit forbode ord.»

Det er ein ekstraordinær situasjon. Som avdøde Steven Cohen og eg la vekt på so fort vi såg Vesten eggje opp til konflikten mot Russland, er situasjonen farlegare enn Kuba-krisa. På den tida forstod Washington at det var naudsynt å roe ned spenningar. I dag gjer Washington spenningar verre med vilje, og der er inga bekymring for konsekvensane.

Konklusjonen min er at Vesten har mist grepet om røyndommen og fører død og øydelegging på seg sjølv.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Forsidebilde: CARLO HUMMEL

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar