Derimot: Panikken brer seg i Nato.Ingen missiler fra vesten kan redde Ukraina og Nato fra nederlaget. – Derimot
derimot.no:
Vesten mistar hovudet; kanskje er det dags for «High Hopes»
30. mai 2024 av Larry Johnson
Presidenten har, likt ein orkesterdirigent, primært i oppdrag å sikre at alle element av regjeringa speler i takt. Det er eit anna ord for «harmoni». La meg seie det på ein snill måte: Joe Biden er ingen Herbert von Karajan, den vidkjende dirigenten for Wiener- og Berlinersymfonien. Han er ikkje ein gong som den absurd overdrivne Spike Jones. Skulle tru John Hiatt hadde Biden i tankane då han skreiv denne lyrikken:
But the master of disaster
Gets tangled in his Telecaster
He can’t play it any faster
When he plays the blues
When he had the heart to ask her
And every note just shook the plaster
Now he’s just a mean old bastard
When he plays the blues
Biden Master of Disaster, Katastrofemeisteren. Så, har du fleire nyheiter, Kaptein Openberr? Biden-administrasjonen sender alarmerande blanda signal rundt politikken sin om å bruke missil som USA har levert til å bombe mål inne i Russland. Eg veit at visse nøkkelpersonar innan russiske medium er forvirra. Eg mottok følgande spørsmål frå ein Izvestia-reportar:
På ein pressekonferanse i dag sa Pentagon-talskvinna Sabrina Singh at Det kvite hus sin politikk ikkje har endra seg, og at dei insisterer på at Ukraina kan vinne viss dei brukar våpen innanfor grensene sine utan å råke russisk territorium. Seinare publiserte
Politico ein artikkel der ei anonym kjelde var sitert på å seie at Biden i løynd hadde authorisert ukrainarane å angripe Russland med dei leverte våpena.
Kva betyr alt dette? Korfor seier dei så forskjellige ting? Korleis kan ein i det heile tatt vurdere ei slik avgjerd?
Svaret mitt var enkelt og greitt: «dei er inkompetente.» Det synlege kaoset i Biden-administrasjonen hadde kanskje vore underhaldande om det hadde vore ein Monty Python-sketsj eller ein gamal bit frå Saturday Night Live med Dan Aykroyd og John Belushi. Men det er det ikkje. Desse klovnane speler med ekte kjernefysisk eld.
La meg legge fram eit scenario — Donald Trump er president, og etter gjentatte avslag frå den mexicanske regjeringa om å stoppe straumen av fentanyl inn i USA, gir han militæret ordre om å krysse grensa og utrydde narko-kartella. Som svar på dette trekket, vel Russland å ope forsyne regjeringa i Mexico med kryssarmissil som kan råke amerikanske byar som Austin, San Antonio, Albuquerque og Phoenix. Og la oss anta at Mexico fyrer av desse missila og råkar militærbasar i og rundt desse byane. Kva trur du kravet frå folket i USA ville ha vore? La Russland vere i fred? Det trur eg ikkje.
Slik er det Biden-administrasjonen og mange av NATO-medlemmane ter seg. Dei kjem med ufatteleg krigerske og stupide truslar, og russarane – ikkje berre Putin – merkar seg det og førebur seg på ein hard respons i tilfelle Vesten skulle følge truslane opp i praksis.
Verdt å merke seg at vestlege våpensystem har blitt brukte i over eit år til å angripe mål inne i Russland – spesielt Belgorod. Men Russland har tatt det med fatning, og i staden fokusert på å utnytte sin fordel på slagmarka og øydelegge Ukrainas kraftforsyningssystem.
Faren ved å kome med truslar om å angripe Russlands strategiske radar-system, som er avgjerande for å oppdage eit fiendtleg atomangrep, er at russiske leiarar ikkje har den luksusen å vente og sjå korleis ting utfaldar seg. Vestlege feilvurderingar kan provosere russarane til å kome dei i forkjøpet og sjølve fyre av taktiske atomvåpen.
Vestens omsynslause snakk, og slik dei eggar opp Ukraina til å angripe lenger inn i Russland – langt unna grenseområdet – er endå ein indikator på at Vesten har full panikk. Planen deira om å demontere og øydelegge Russland ligg i grus. Når CNN erklærer at stridsvogna M1 Abrams er ein kalkun, så byrjar ein fatte omfanget av katastrofen som utfaldar seg.
Og som eit utropsteikn til USAs dyre krigsmaskineri sin fiasko: eit F-35-fly på veg frå Lockheeds produksjonsfasilitet krasjlanda og gjekk opp i flammar utanfor Albuquerque. Whoops! Endå ei 100 millionar dollars brevvekt åt skogen (sjå på slutten av denne artikkelen, så vil du forstå den obskure referansen).
Russarane trappar opp presset på ukrainske styrkar langs heile den 150 mil lange frontlinja, og dei vinn stadig terreng ettersom Ukraina overgir den eine landsbyen etter den andre. I denne korte videoen kan du sjå 7 ukrainske soldatar som gir opp kampen nær Ocheretino.
Oppe i nord, rundt Kharkov, sprenger Russland bruer og gjer det nesten umogleg å levere nye forsyningar til dei ukrainske einingane på nordsida av elva.
Det er ikkje berre i Ukraina at USA kjem til kort. Hugsar de den piren som USAs militær nett hadde fullført på kysten av Gaza? Jepp, den er vekk. Den sokk under bølgene.
Samtidig, i Raudehavet, har dei fordømde Houtiane enno ikkje fått med seg at det var meininga dei skulle ha overgitt seg til den mektigaste marinen i verda no. I staden for å neie fint, har houtiane skote ned endå ein Predator-drone til $30 millionar. Det var nummer seks.


Korleis kan det ha seg at ein gjeng karar i kjolar og sandalar slår Lloyd Austin sin Operajon Prosperity Guardian?
Eg har løysinga. Grav opp Frank Sinatra, gjenoppliv han og la han leie ein ny kampanje basert på evig optimisme og håp:
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock