Derimot: På New Zeeland stilles nå en varsler for retten. Han skulle ikke sluppet statistiske data som forteller at vaksinen tok livet av mange.
derimot.no:
Når et lands statistiske data plutselig skal hemmeligholdes er det noe fryktelig galt fatt. For det betyr at sannheten er en trussel mot den rådende orden og mot myndighetene. I dette tilfellet betyr dette at de har sluppet laus på befolkningen en vaksine som har tatt livet av svært mange mennesker.
De var advart på forhånd. Den var ikke skikkelig utprøvet, likevel gjorde de det. Eneste måten å få sikkerhet på er å teste de uvaksinerte mot de vaksinerte. Lever de vaksinerte lenger enn de uvaksinerte er alt i orden. Ellers står vi overfor en forbrytelse – også i Norge.
Knut Lindtner
Redaktør
Newzealandske styresmakter i panikk etter at varslar Barry Young offentleggjorde data som viser særs høg dødelegheit til covid-19-«vaksinar»
Innlegget er hentet fra Saksyndig.
Styresmaktene i den vesle øystaten New Zealand driv no med iherdige forsøk på å avgrense skadeomfanget av lekne data som viser at enkelte parti av covid-19-«vaksinane» har ein dødsrate på godt over 20%. Natural News melder at varslaren Barry Young (56) vart arrestert etter at styresmaktene hevda at han skaffa seg ulovleg tilgang til covid-19-vaksinedata som høyrde til den newzealandske regjeringa og delte dei på Internett. Han risikerer no sju års fengsel for å ha leke denne informasjonen.
Dei skriv (mi omsetjing):
«Young er ein tidlegare IT-tilsett i helsebyrået i landet, som er kjent som Te Whatu Ora, og han står no overfor ein potensiell dom på sju år for å ha leke informasjonen.
Dataa som han delte ser ut til å vise at covid-19-vaksinar har drepe meir enn 10 millionar menneske over heile verda, og drepe rundt rekna éin person for kvar 1000. administrerte dose, i gjennomsnitt. Han leverte dataa til New Zealand-journalist Lisa Gunn [betre kjent som Liz Gunn; oms.komm.] og den amerikanske tech-millionæren Steve Kirsch, som skriv om covid-19-vaksinar og andre tema på Substack. Begge personane har sagt at dei trur dataa beviser at vaksinane drep massive tal menneske.
Young står for tida tiltalt for å ha uærleg skaffa seg tilgang til helsestyresmaktene sine databasar og har ikkje erklært seg skuldig. Då han kom inn i rettslokalet vart tilhengjarane hans so entusiastiske at dommaren åtvara dei om at dersom dei forstyrra prosederinga, måtte dei forlate lokalet. […]
Medan rettssystemet i New Zealand prøver å stilne Young, har ei vaksine-vaktbikkjegruppe i landet åtvara om at alle som no oppbevarer dataa han delte på nettet, kan misse alt dei har lagra på serveren sin.
Gruppa fortalde korleis den amerikanske genomeksperten Kevin McKernan oppdaga at heile MEGA-kontoen hans plutseleg vart stengt. [mega.nz er ei newzealandsk nettsky der ein kan oppbevare filer; tilsvarer Google Docs; oms.komm.] Kontoen hans ser ut til å ha blitt sletta som respons på ein rettsordre [engelsk injunction] frå det newzealandske helseministeriet for å hindre deling av dataa som Young lak; han hadde visstnok lasta opp dataa til Kirsch på serveren sin for å gjere det lettare for folk å laste dei ned og utføre sine eigne analysar.
I tillegg til å oppbevare dei lekne dataa, hadde han òg viktige genom- og vaksinesekvenseringsdata på serveren som har ein estimert verdi på 200 000 dollar.
På same tid rapporterte Kirsch at Wasabi, nettsida der han oppbevarer varslardataa, stengde kontoen hans utan forvarsel.
Derimot er det å forfølgje folk som oppbevarer denne informasjonen bortkasta innsats frå styresmaktene si side, ettersom dataa allereie eksisterer på det mørke nettet og er trygt lagra på tusenvis av ulike serverar, noko som tydar at trass deira beste forsøk på å slette dei, vil dei aldri forsvinne permanent.»
Sjå òg «New Zealand-varslar Barry Young intervjua av Alex Jones», publisert 6.desember 2023.
Interessant nok har ingen newzealandske tenestepersonar enno sagt at dataa er uriktige. Dei vil berre ikkje at folk skal få tilgang til denne særs fordømmande informasjonen.
Forsidebilde: Markus Spiske