Derimot: Operasjon Warp Speed.Var alle pandemi-tiltakene i virkeligheten en kamuflert militær operasjon?

Derimot.no

derimot.no:

Operasjon Warp Speed var ein global militæroperasjon som tok kontroll over medisin og domstolar

Innlegget er hentet fra Saksyndig.

Då Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærte «ei global helsekrise av internasjonal bekymring» 30.januar 2020, var det amerikanske forsvarsdepartementet (DoD) allereie klare til å ta kontroll over medisin- og domstolssystema både i USA og i utlandet. Saman vart statlege og offentlege helsetenestepersonar militante i sin respons, der dei stengde ned og kontrollerte rørslene til befolkninga; dei la føringar på forsamlingsretten, utdanning, dyrking (stenging av kyrkjer) og føretak. Kort fortalt ei militær løysing på eit medisinsk problem som dei sjølve hadde skapt. Dette skriv Natural News (mi omsetjing):

«Før ein årsaksagent kunne identifiserast og isolerast for ein påstått global pandemi, vart farmasøytiske selskap (Moderna, Pfizer, Johnson & Johnson) allereie verva av DoD til å masseprodusere ein genetisk sekvens for eit nytt medisinsk eksperiment som på bedragersk vis skulle bli utført under påskotet ‘vaksinasjon’. Ved bruk av manipulasjon, bestikkelse, undertrykking og tvang, oppnådde dette DoD-programmet maksimal lydigheit i befolkninga overfor dette eksperimentet. Den dåverande presidenten i USA slutta seg til dette programmet og skrytte til og med over å vere arkitekten bak det.

Nedstengingar, hald-dykk-heime-ordrar, opphøyret av foreldrerettar, massedistribuering av bedragerske testprogram, ulovlege mandat og ymse kvitvask-operasjonar vart brukt til å tvinge masselydigheit overfor dette medisinske eksperimentet slik at ein kunne ‘vende tilbake til normalen’. Dette medisinske eksperimentet var ein militæroperasjon heilt frå byrjing av, og ymse aspekt av den vart koordinert i 2019 av medlemmer av World Economic Forum på Event 201.

Dette i forkant planlagde vaksineprogrammet vart designa for å reprogrammere protein-syntesen i menneskeceller, noko som introduserte dei laboratorie-konstruerte piggproteina i menneskekroppen (med katastrofale resultat). Dei farmasøytiske selskapa var berre brikker i eit større spel som handla om befolkningskontroll. Deira sokalla vaksinar fekk naudgodkjenning utan skikkeleg testing på dyr, medan dei forårsaka ymse medisinske skadar under den forkludra 2020-2021-utrullinga. Den manglande effektiviteten til dette programmet innsåg ein fyrst eit år seinare, då ein to-dosars-protokoll for ‘fullvaksinasjon’ vart vraka og erstatta med fleire ‘boosterar’. […]

DoD brukte Operasjon Warp speed for å ta kontroll over helseinstitusjonane i andre land. Til dømes vart heile folkehelsesektoren og den medisinske infrastrukturen i Australia teken, og borgarar vart tvinga til å bu i eit medisinsk Apartheid, med karanteneleirar. Ei gruppe australske vitskapsfolk, legar og medisinske akademikarar tek no til motmæle mot DoD for å ha teke institusjonane i Australia. Gruppa, leia av Phillip Altman, hevdar at det amerikanske DoD ‘hadde ei dominerande rolle i responsen på SARS-CoV-2-viruset og den vidare utviklinga, produksjonen og distribueringa av covid-19-vaksinane.’

I Australia var nedstengningstiltakene særlig ille.

DoD marknadsførte desse biologiske våpena for massedistribusjon som ‘vaksinar’. DoD handterte ikkje berre distribusjonen, men dei eigde òg sprøyteglasa og designa dei gedigne bløffane av nokre kliniske forsøk. Sjølv om Pfizer tok del i medisinsk skadeverk i enorm skala, hevdar den multinasjonale korporasjonen at dei er beskytta av DoD fordi dei berre var eitt av selskapa som fekk betalt av DoD for å utføre ‘storskala marknadsføringsdemonstrasjonar’. Eit Pfizer-søksmål påstår at selskapet er immunt mot påstandar om skadeverk fordi DoD visste at desse storskala marknadsføringsdemonstrasjonane var bedragerske. Alle vaksineprodusentane mangla kapasiteten til å produsere injeksjonane sjølve, og var difor avhengige av oversikta som DoD sitt Operasjon Warp Speed-program hadde.

DoD skapte inntrykk av at dei normale reguleringsprosessane vart følgde under utrullinga av covid-19-vaksinar; derimot gjekk programmet utanom grunnleggjande regulerande rammeverk for å tvinge produkta på den globale befolkninga. DoD vrei seg òg unna lovverket, noko som garanterte at operasjonen deira hadde vern mot strafferettsleg ansvarleggjering. Deira farmasøytiske motstykke fekk eit immunitetsskjold i kontraktane sine med regjeringar rundt om på kloden. Ved å heve operasjonen sin over lova, førde DoD og dei regulerande styresmaktene befolkninga bak lyset om dei ‘trygge og effektive’ vaksinane. Statlege tenestepersonar forsikra borgarskapen igjen og igjen om at der var nok oversikt til å sikre tryggleik og effektivitet, sjølv om det medisinske eksperimentet vart utført på befolkninga direkte, utan nokon som helst vitskaplege standardar eller integritet.

Myndighetene fritok legemiddelfirmaene for ansvaret for vaksineskader og vaksinedødsfall.

Altman og hans medforfattarar hevdar at involveringa det amerikanske militæret hadde i dette globale, medisinske eksperimentet var ein hemmeleg operasjon, og at det amerikanske og australske folket ikkje fullt ut forstår kor mykje planlegging som stod bak, og mangelen på oversikt som fann stad under ei militant utrulling av ein eksperimentell vaksine som bar med seg omfattande medisinske feil.

‘Det amerikanske DoD oppfatta tydeleg ein trugsel mot den nasjonale tryggleiken, og alle avgjerder frå det punktet til i dag var gjenstand for full kommando og kontroll frå dei,’ skriv dei. ‘Mange uventa konsekvensar har blitt utfallet av denne hemmelege militære responsen på eit folkehelsetema.’

Overdekkinga av SARS-CoV-2-opphavet av statlege tenestepersonar, NIH, FBI, DoD, CIA, konsernmedia og Silicon Valley-sensuren, har alt å gjere med å dekkje over dette planlagde globale militæreksperimentet på befolkningar rundt om i verda.

Spørsmålet no er: Kva slags multinasjonale organisasjonar infiltrerte og pressa DoD til å utføre dette globale medisinske eksperimentet? Kvifor vart det amerikanske militæret vendt mot seg sjølv og tvinga til å skade befolkningar og fjerne sine modigaste og friskaste tenestemedlemmer?»

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar