Derimot.no

Derimot: Ønsketenkningen i vestlige medier er påfallende: Russland går tom for presisjonsmissiler!

derimot.no:

Av Larry Johnson, Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Larry Johnson er x-CIA-analytiker.

Vi har for lengst gått over i det latterlege. Vestlege etterretningsanalytikarar og lærde som har insistert at Russland er i ferd med å gå tom for presisjonsmissil, har teke konsekvent feil sidan mars 2022. Eg bestemte meg for å grave litt i dette takka vere svogeren min, som gav meg ein link til ein nyleg artikkel av den russiskfødde akademikaren Konstantin Sonin, som for tida arbeider ved Universitetet i Chicago. Sonin skreiv:

«Økonomiske sanksjonar hadde naturlegvis andre umiddelbare effektar. Det å avgrense Russland sin tilgang til mikroelektronikk, chippar og halvleiarar gjorde produksjonen av bilar og fly nesten umogleg. Frå mars til august fall russisk bilproduksjon med oppsiktsvekkjande 90%, og fallet i flyproduksjon var liknande. Det same gjeld produksjonen av våpen, som forståeleg nok har topp-prioritet for regjeringa.»

Sonin skreiv openbert dette før Russland lanserte sitt største slag nokosinne tysdag denne veka [15.november 2022] ved å bruke presisjonsmissil. Sonin tilbyr som «fakta» Russlands chip-mangel når dei militære fakta på bakken i Ukraina viser noko anna. Ironisk er det USA som lid av chip-mangelen. Dersom du bur i USA og prøver å kjøpe eit nytt køyretøy, vil du oppdage at der er temmeleg få nye bilar å oppdrive hjå forhandlarane. Kvifor? Ingen data-chippar for dei nye bilane. Men det er eit anna tema for ein annan dag.

So lat meg ta deg med på ein tilbake-til-framtida-turné om dei gjentekne, feilaktige påstandane om at Russland har lite presisjonsvåpen. Lat oss byrje med klovnestykket som er kjent som Institutt for krigsstudiar.

Lat oss deretter stille tilbake klokka to månader. Det er tidleg september og den lykkeleg uvetande lesaren som les gjennom Newsweek blir fortalt at det er ingen måte Russland kan erstatte sitt stadig mindre lager av missil:

«Den ukrainske statsministeren Denys Shmyhal vart sitert i ein Politico-artikkel publisert måndag [5.september 2022], der han sa at Ukraina estimerte at Russland berre hadde rundt ‘fire dusin’ hypersoniske missil igjen.

‘Desse er dei som har presisjon og nøyaktigheit på grunn av mikrochippane dei har,’ sa han. ‘Men på grunn av sanksjonar påført Russland, har leveransane av dette høgteknologiske mikrochip-utstyret… stoppa opp, og dei har ingen måte å fylle opp igjen desse lagera.’»

Men påstanden om at Russland hadde lite igjen kom ut tidlegare på året. I mai, til dømes, utforska Moscow Times spørsmålet «Er Russland i ferd med å gå tom for presisjonsmissil?», og oppdaga ein medlem av Biden-administrasjonen som insisterte at Russland var på randa av kollaps:

«Ein amerikansk tenestemann fortalde journalistar i ein briefing tidlegare denne månaden at Russland har ‘lagerproblem når det gjeld presisjonsstyrte våpen og ammunisjon’.

Desse rapportane blir bekrefta av ei endring i russiske taktikkar, spesielt ein auke i bruken av konvensjonelle, ikkje-styrte bomber, spesielt i hamnebyen Mariupol. Ikkje-styrte våpen vart visstnok brukte i åtak i Mariupol på Azovstal-stålfabrikken, forsvart av ukrainske soldatar, so vel som på eit sjukehus for gravide og fødande, og eit teater.

Mange analytikarar trur at vestlege sanksjonar tydar at Russland vil slite med å erstatte reservane sine av presisjonsmissil.

Spesielt krev guidesystema for presisjonsmissil halvleiarar og transistorar som verken er marknadsførte i Russland eller tilgjengelege frå Kina, ifølgje eksperten Lewis.

‘So med mindre russarane har planlagt i forkant og hamstra våpen, ammunisjon eller vestleg mikroelektronikk, eller auka produksjonen før krigen, kjem dei til å gå tom for gass når det gjeld presisjonsstyrte våpen,’ sa Lewis.»

Dersom du greier å følgje tråden, mistenkjer eg at du plukkar opp eit tema – ukrainske tenestefolk insisterer bestemt at Russland har brukt alt dei eig og har, og lettlurte vestlege etterretningsanalytikarar, lærde, politikarar og journalistar gulpar opp denne nonsensen. Ta ein titt på 27.april 2022.

Ikkje gløym 29.mars 2022.

Med tanke på at professor Sonin og dei andre distingverte fjolsa som messar om Russland sin missilmangel har teke so konsekvent feil dei siste åtte månadene, ønskjer eg å oppmuntre dei til å byrje å kome med nokre investeringstips. Vi har eit solid empirisk rulleblad til å konkludere at same kva dei føreslår, gjer det motsette. Dei har ikkje peiling på Russlands militære evne.

Forsidebilde: Dayne Topkin

7 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 7 ganger.

Post Views: 28

Les artikkelen direkte på derimot.no