Derimot: Om tusenmeters-blikket og patroner på taket. Larry Johnson kommenterer Bidens avskjedstale og FBI-rot. – Derimot
derimot.no:
I kjølvannet etter at de kapitalgruppene som finansierer Demokratenes valgkamp tvang Biden til å trekke seg til fordel for den uerfarne, mislikte og konturløse Kamela Harris, skjer det mye mediemanipulering av henne. Hun skal pyntes og oppskrytes som en kommende dronning. Norske medier ligger ikke langt etter i denne virksomheten.
Larry Johnson kommenterer denne prosessen kort men viser også hvordan kunnskapløshet og mangel på presisjon sniker seg inn blant toppledere i USA. Den samme prosessen har vi sett over hele vesten under etiketten «New Public Mangement». Det viktigste er ikke å ha fagkunnskaper om det du skal være øvertse leder for, men å kunne lede. Det er derfor norske statsråder kan gå fra departement til departement uten kunnskaper om det området de skal være sjef for.
Knut Lindtner
Redaktør
Joe Bidens tusenmetersblikk og FBI innrømmer at direktør Chris Wray leverte ein feilaktig påstand
av Larry Johnson, 25. juli, 2024
Om ein såg noko av den forvirrande talen til Joe Biden frå Det ovale kontor på onsdag, så kunne ein ikkje unngå å legge merke til det sprø ansiktsuttrykket hans. Eg har sett det uttykket før. Første gong i eit fotografi som hang på veggen i ein av korridorane til Pentagon. Det hadde tittelen «The 1000 yard Stare», «Tusenmetersblikket». Det var eit ekte foto frå Andre verdskrig av ein soldat som leid av granatsjokk. Her er coveret på ei bok om emnet. Samanlikn det med bildet av Biden.




Eg trur han er like granatsjokka. Han gav inga forklaring på avgjerda si om å trekke seg som Demokratanes kandidat. Men grunnen stod skriven over heile ansiktet hans, og kunne høyrast i den fordreide, skurrande røysta. Likevel var det fram til den katastrofale debatten – og sjølv etterpå – mange Demokratar og dei fleste hovudmedia som framleis insisterte på at Joe Biden var «sylskarp». Det er ein levande demonstrasjon på gaslighting-manipulasjon. No går gasslysbrennarane for fullt medan mange Demokratar, Hollywood-stjerner og dei tradisjonelle media insisterer på at Kamala er ein politikk-ekspert og ein politisk kung-fu-meister. Jada, det vil sikkert fungere for dei.
Over til høyringane om det mislykka Trump-attentatkomplottet. Eg såg deler av høyringa i House of Representatives Judiciary Committee og høyrde Chris Wray påstå at FBI fann «åtte patronar» (cartridges) ved liket til den mistenkte skyttaren, Thomas Crooks. Hæ?
Ein patron (cartridge),[1][2] også kjend som ein runde, er ein type førehandsmontert skytevåpenammunisjon som pakkar inn eit prosjektil (kule, skot eller hagl), eit framdriftsmiddel (røyklaust pulver, krutsubstitutt, eller krut) og ei tennhette i ei metallisk-, papir- eller plastisk hylse som er nøyaktig tillaga for å passe inn i løp-kammeret til eit kammerladd skytevåpen, for behageleg transport og handsaming under skyting.
Med andre ord hevda Wray at åtte UAVFYRTE rundar vart funne ved sidan av liket av Crooks. Ikkje berre er Wray sjefen for FBI, men han var og tidlegare statsadvokat og burde vite at når ein presenterer bevis, så kan ei ukorrekt framstilling av bevisa ikkje unnskyldast. Så, vart det funne åtte patronar eller var det åtte tomhylser FBI fann – altså det som er att av ein runde etter at den er avfyrt?
Eg bestemde meg for å spørje FBI, og – den skal dei ha – dei svarte straks. Her er e-postutvekslinga:
—–Original Message—–
From: Larry Johnson
Sent: Thursday, July 25, 2024 2:02 PM
To: NPO <NPO@FBI.GOV>
Subject: [EXTERNAL EMAIL] – Clarification of Director Wray’s Claim
Mitt namn er Larry Johnson. Eg arbeider med ein artikkel som skal publiserast i morgon tidleg (26. juli).
Under vitnemålet til direktør Wray i Kongresshøyringa på onsdag slo han fast at ÅTTE PATRONAR (“EIGHT CARTRIDGES”) vart funne ved sidan av kroppen til den angivelege skyttaren.
Ein «patron» (“cartridge”) er ein heilt intakt runde med ammunisjon. Ei «tomhylse (“shell casing”) er det som er tilbake etter at ein patron er skoten ut av eit skytevåpen.
Snakka direktør Wray feil, eller stemmer det at FBI fann åtte rundar av heilt intakt ammunisjon.
Takk
Larry Johnson
From: “NPO@FBI.GOV” <NPO@FBI.GOV>
Subject: RE: [EXTERNAL EMAIL] – Clarification of Director Wray’s Claim
Date: July 25, 2024 at 4:10:10 PM EDT
To: Larry Johnson
Cc: “
NPO@FBI.GOV” <
Åtte tomhylser vart funne på taket nær skyttaren.
Takk.
FBI National Press Office
Så der har du det. Wray rota det til. Heldigvis var han ikkje i retten. Påstanden hans kunne ha redda dagen for sjølv ein dårleg forsvarsadvokat. Viss Wray ikkje ein gong kan framstille eit så enkelt faktum korrekt, så reiser det tvil om kor nøyaktig resten av vitnemålet hans er.
Forsidebilde: Lexica