Derimot: Hemmelig nettverk? Hvem styrer egentlig i USA? – Derimot

derimot.no:

To bøker av Jim Marrs handlar om det hemmelege nettverket som vil innføre eit globalt overvakingsregime der dei eig alt og vi eig ingenting.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

I våre tider, der eliten blir meir og meir desperat etter å få fortgang i innføringa av sin Nye verdsorden, er det passande å børste støvet av to bøker av den amerikanske forfattaren og journalisten Jim Marrs. Begge bøkene baserer seg på ideen om at moderne historie og det moderne samfunnet er skapt og styrt av ein hemmeleg elite. Om dette høyrest ut som ein konspirasjonsteori, er det fordi eliten gjennom over hundre år med medieprogrammering og indoktrinering har fått folk til å tru at det nettopp er ein konspirasjonsteori. Dei vil ikkje at folk flest skal gjere eigne undersøkingar og finne ut kva som eigentleg skjer. Då blir dei nemleg avslørt og vil misse all makt.

Jim Marrs

Den fyrste boka, som vart publisert i 2010, har tittelen The Trillion-Dollar Conspiracy: How the New World Order, Man-Made Diseases, and Zombie Banks Are Destroying America [«Billiondollar-konspirasjonen: Korleis den nye verdsordenen, menneskeskapte sjukdommar og zombie-bankar øydelegg USA».]. I sin omtale av boka skriv Belle Carter i Natural News (Saksyndig si omsetjing):

«Boka, publisert i 2010, påstår at eit hemmeleg nettverk av globale elitar – som opererer gjennom institusjonar slik som Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken], Bilderberg-gruppa og etterretningsbyrå – har orkestrert finanskollapsar, styrte pandemiar og tæra vekk borgarrettar for å konsolidere makt. Marrs, ein tidlegare avisjournalist som vart alternativ-forskar, vev saman fleire tiår med historiske hendingar, lekne dokument og politisk kritikk for å argumentere at USA blir systematisk plukka frå kvarandre frå innsida.

Marrs slår fast at finanskrisa i 2008 ikkje var eit uhell, men eit kalkulert trekk av ‘zombie-bankar’ – finansinstitusjonar som er haldne i live av statlege bail-outs trass at dei er insolvente [manglar betalingsevne]. Han viser til Troubled Asset Relief Program (TARP), som injiserte 700 milliardar dollar i bankar på randa av konkurs, som evidens på eit rigga system. […]

Kritikken hans omfattar òg sjølve sentralbanken, som han kallar eit ‘privat bankkartell’ med uhindra makt. ‘Federal Reserve er ikkje meir føderalt [federal] enn Federal Express,’ skriv Marrs, og gjengjev med dette ein lenge hevda konspirasjonspåstand om at sentralbanken er uavhengig frå statleg kontroll.

Ein av dei mest kontroversielle seksjonane i boka påstår at løynde krefter har brukt sjukdommar som våpen til å kontrollere befolkninga. Marrs peiker på historiske amerikanske program for biologisk krigføring, slik som Prosjekt MKUltra, og antydar at moderne epidemiar – inkludert kronisk utmattingssyndrom [ME] og autoimmune sjukdommar – kan vere knytte til patogen som er laga i laboratorium. Han viser til ein memo av Henry Kissinger til National Security Council [Nasjonalt tryggleiksråd] frå 1974, der det stod at befolkningsvekst i utviklingsland trugar amerikanske ressursar, som eit utkast til forsøk på avfolking.

Marrs argumenterer at politikken etter 11.september, inkludert Patriot Act og utvidinga av Homeland Security, har normalisert orwelliansk overvaking. Han set søkjelyset på bruken av dronar innanlands, biometrisk sporing og militarisert politi som eit steg mot autoritarisme. ‘Krigen mot terror vart ein krig mot privatliv,’ slår han fast, og knyter desse tiltaka til eit vidare ‘sivilhær’-initiativ under Obama-administrasjonen.»

Marrs oppmodar kort fortalt til at motgifta mot konspirasjon er transparens – at desse «hemmelege elitane» faktisk fortel folk kva dei driv med.

Den andre boka har tittelen Rule by Secrecy: The Hidden History That Connects the Trilateral Commission, the Freemasons and the Great Pyramids [«Hemmeleghaldsstyre: Den skjulte historia som bind saman Trilateral-kommisjonen, frimurarane og dei store pyramidane».]. Kevin Hughes i Natural News har følgjande omtale av boka (igjen Saksyndig si omsetjing):

«Boka, som dukkar djupt ned i hemmelege organisasjonar, historiske overdekkingar og finanselitar, argumenterer at mesteparten av moderne historie har blitt forma ikkje gjennom tilfeldigheiter, men av bevisst, skjult design. Frå hemmelege samfunn til globalistiske tenkjetankar, vev Marrs eit provokativt teppe av skjult påverknad – eit som hovudstraumsdiskursen ofte avfeiar som konspirasjon. Men som historia har vist, kan gårsdagens utkantteoriar ofte bli dagens unektelege sanningar.

Marrs har som ståstad at hemmeleghald er den raude tråden som bind saman regjeringar, konsern og religiøse institusjonar gjennom historia. Medan ei viss grad av løyndom kan vere godarta, åtvarar han at vondsinna konspirasjonar – slik som å undertrykkje medisinske kurar eller starte og styre krigar – trivst i skuggane.

‘Kunnskap er makt, og dei som kontrollerer hemmelegheitene sit med makta,’ skriv Marrs. Denne premissen fører etterforskinga hans til organisasjonar slik som Trilateral-kommisjonen, Council on Foreign Relations (CFR) [«råd for utanlandsrelasjonar»] og Bilderberg-gruppa, som han hevdar opererer som forvaltarar av globalpolitikken.

Trilateral-kommisjonen, som vart grunnlagt i 1973, blir av Marrs framstilt som meir enn eit diplomatisk forum. Medlemslista – som er fylt med konsernleiarar, politikarar og akademikarar frå Nord-Amerika, Europa og Japan – antydar ein koordinert innsats for å styre internasjonale affærar. […]

På liknande vis har CFR, som vart etablert i 1921, sett sine medlemmer okkupere viktige roller i regjeringar, frå statsministrar til CIA-direktørar. Marrs argumenterer at slike overlappingar slører til linja mellom offentleg teneste og privat agenda.

Bilderberg-gruppa – ei årleg samling av politiske, finans- og medieelitar for spesielt inviterte – vår ein spesielt grundig gjennomgang. Trass at dei som er til stades er høgprofilerte, finst der ingen offentlege referat frå desse møta som går føre seg bak lukka dører – ein mangel på transparens som nører opp under mistankar om avtalar gjort under bordet. Marrs skriv at medan journalistar faktisk er til stade der, blir lite rapportert, noko som etterlèt publikum i mørket om diskusjonar som kanskje formar økonomiske og geopolitiske strategiar.

Marrs sporar moderne maktstrukturar til dynasti-bankfamiliar slik som Rothschild og Morgan. Han argumenterer at formuane deira vart bygt ved å monopolisere kreditt og påverke regjeringar. Danninga av Federal Reserve i 1013, orkestrert under eit hemmeleg møte på Jekyll Island, blir presentert som eit viktig vippepunkt i konsolideringa av finanskontroll.»

Framveksten av multinasjonale konsern, sentralisert valuta og overvakingsstatar er ifølgje Marrs evidens for at vi er på veg mot Den nye verdsordenen, eit globalt regime utan landegrenser og individuell fridom. Vi må gjere det vi kan for å stoppe dei, og det å avsløre dei er ein vesentleg del av strategien. Alle må få vete kven som står bak sceneteppet og styrer idioten på scena.

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar