Derimot: Om årskull og om lengde. Ukraina mister snart hele årskull i krigen.

derimot.no:

Ein mann sørfra kjørte nordover på ferie på syttitallet. Det tok si tid, med dei vegane som då fanst. Omsider hadde han kome fram til Tana Bru, og medan han fylte bensin kommenterte han at vegane her nord ikkje akkurat var av det breidaste slaget.
Mannen på bensinstasjonen smilte, og spurte tilbake:

Men ka dokker synes om lengda»?

Innlegget er hentet fra Trønderrød og skrevet av Hans Olav Brendberg

Lengde er ein viktig eigenskap, og det er ikkje alltid ein kan få oversikt frå kvart enkelt punkt på vegen. Ikkje om vegen er veldig lang.

Russland og Ukraina har i utgangspunktet ei ganske lik demografisk historie, med botnmål rett før år 2000. Då var årskulla for gutar nede i under 100 000 i Ukraina, og kring 700 000 i Russland. I åra etter byrja tilveksten å ta seg noko opp.

Tanks og pansra køyretøy sprengt av miner og granatar på den ukrainske slagmarka

Kor mange årskull ungdom skal ofrast?

Krigen i Ukraina har no vara i 16 månader. Vi kjenner ikkje tapstala korkje på russisk eller ukrainsk side, men det er neppe tvil om at det dreier seg om titusenvis av drepne soldatar. For kvar veke krigen dreg ut i tid vil hundrevis, kanskje fleire tusen bli drepne. Demografisk er det likevel nokre skilnader. Tala for soldatar Ukraina har tilgang til er mindre enn det ser ut som: Delar av årskullet på knapt 100 000 er gutar fødd i Donbass eller på Krim som no blir mobilisert på russisk side av fronten. I tillegg kjem sjølvsagt dei millionane som har flykta – anten til Polen, Ungarn eller andre land i vest. Eller til Russland.

Så etter kvart som krigen dreg i langdrag, er nok det tilgjengelege, ukrainske årskullet nærmare 50 000 enn 100 000. Med like tapstal på 1000 pr. veke for både Ukraina og Russland, vil Ukraina ofra heile årskullet sitt for kvart år krigen varar. Medan Russland med like, numeriske tap vil ofra under 10 % av årskullet for kvart år krigen varar.

Det er ingen som søkjer noko diplomatisk løysing no, tvert imot. Det tyder at den leiande stormakta – USA – ser seg tent med å halda krigen gåande fram til neste presidentval. I november 2024.
Det er 16 månader til med krig – og med tapstal på td. 1000 mann i veka, vil så langvarig krig føra til at Ukraina må ofra minst eitt årskull til. Om tapstala overstig 1000 mann pr. veke, må det fleire årskull til.

Vil dette tvinga Russland i kne? Eg ser ingen teikn til dette.

Kven skal ta det politiske tapet?

Afghanistankjennarar som Barth Eide og andre meinte vel krigen i Afghanistan var tapt i 2007-2008. Deretter handla det om å unngå å få det politiske ansvaret for nederlag i ein krig som militært var tapt. Det brukte ein tolv år, og enorme ressursar på.

Den lenge varsla vår/sommaroffensiven til Ukraina tyder ikkje på at NATO har noko vinnaroppskrift på slagmarka. Det ein får til, er å halda krigen gåande. Men den politiske prestisjen som er investert overstig sjølvsagt det som skjedde i Afghanistan, med god margin.

Difor er demografien viktig, for det er berre i beste fall ein kan tenkja seg steg i retning av forhandlingar om 16 månader.

Den ukrainske gangaren må med andre ord piskast til travfart i 16 månader til, trass i eit blodtap som inneber at nasjonen truleg mistar over eit årskull for kvart år krigen dreg ut i tid. Dette er den klokaste politikken vestlege leiarar for tida er i stand til å samla seg om.

Så det er også svaret på spørsmålet om korleis krigen utviklar seg – i ein situasjon er frontane flyttar seg med sneglefart, om i det heile.

«Men ka dokker synes om lengda»?

Forsidebilde: Joshua Earle

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...