Derimot: Nylig frigitte dokumenter.Tyske helsemyndigheter visste at covid-tiltakene var svindel! – Derimot

Derimot.no
Derimot: Nylig frigitte dokumenter.Tyske helsemyndigheter visste at covid-tiltakene var svindel! – Derimot

derimot.no:

Når dette viser seg å være tilfelle i Tyskland må det mest nærliggende spørsmålet for oss være om det samme var tilfelle i Norge. Men det er ingen politikere på Stortinget som tør å stille slike spørsmål og det forteller mye om nasjonalforsamlingen vår og vårt politiske system.

Knut Lindtner
Redaktør

Tyskland: COVID-responsen driven av politikk, ikkje av vitskap

Helsestyresmaktene laug med vilje om COVID fordi dei ikkje ville miste politikarane sin respekt. Dei visste at COVID var MINDRE farleg enn influensaen!

Av Steve Kirsch

25. JUNI, 2024

Eg kan ikkje tru at mainstream-media ignorerer denne svære historia.

Etter fleire rundar med søknad om innsyn og rettsavgjerder, gav til slutt Robert Koch Institut i Tyskland (tilsvarande norske Folkehelseinstituttet eller CDC i USA) motvillig slepp på dokument som viste at helsetenestemenn med vilje laug til folket om farane ved COVID og COVID-vaksinen, for å sleppe budsjettkutt.

Ingenting i verdspressa om denne historia. Det er ikkje meininga at du skal få vite.

Videoen

Sjå denne utmerkte 6 minutt lange videoen (på engelsk) som professor Stefan Homburg har laga på eige initiativ. Den er kort og konsis.

Om du trudde statlege institusjonar arbeidde for ditt beste, vil denne videoen knuse illusjonane. Det er ein Rumble-video; den ville nok stri mot YouTube sine «community standards».

Tyske journalistar kjempa hardt for å få offentleggjort desse dokumenta.

Tyske journalistar anmelde den tyske regjeringa for å skaffe innsyn i den interne kommunikasjonen til Robert Koch Institut (RKI), som er Tysklands svar på CDC. Rettssaka var naudsynt sidan innsynsretten vart krenka. Då dokumenta endeleg ved dom vart tilgjengelege, var mesteparten redigerte. Etter vidare press fekk journalistane til slutt ut originaldokumenta.

Aaron Siri har erfart det same med CDC i USA. Same modus operandi.

Dokumenta

Du kan finne dei her (på tysk), på nettstaden til RKI.

Men det er 2515 sider, så dei fleste kjem ikkje til å lese alt.

Så la meg oppsummere for dykk.

Topp 7 avsløringar

Her er dei sju største avsløringane frå videoen. Frank Ploegman skal ha æra for å ha sett ihop denne lista:

1. Ekspertane visste allereie i januar 2021 om at propp-sprøyta til AstraZeneca medførte fare for den livstruande komplikasjonen cerebral sinusvenetrombose [blodpropp i hjernen, mrk.]. Dei «gløymde» å informere folk om dette faktum.

2. Ekspertane innsåg at det ikkje fantest bevis for at stikka reduserte sjukdomssmitte, men dei informerte ikkje folk om det. I staden gjorde dei medkjensle om til eit våpen og spreidde offisiell feilinformasjon om at alle burde ta sprøyta «for å beskytte bestemor» og oppnå flokkimmunitet gjennom vaksinering, sjølv om begge deler er umogleg dersom sprøytene ikkje ein gong reduserer smitte.

3. Ekspertane visste at sjølv N95-munnbind [slike som blir brukt av kirurgar for å hindre dropesmitte frå kirurgens munnbakteriar til pasientens opne sår. Porene i filteret er ikkje små nok til å stoppe partiklar som er så små som virus, mrk.] ikkje fungerte utanfor sjukehusets fire veggar, men likevel vart det gjort obligatorisk. Kort sagt var ekspertane dei ekte «feilinformasjonsspreiarane».

4. Ekspertane frårådde stenging av skular, men regjeringa gjorde det likevel.

5. Ekspertane sa at ‘COVID’ ikkje måtte samanliknast med influensa, forde den er MINDRE farleg enn influensa er. Dei visste og at berre gamle og sjuke hadde auka risiko, men likevel fekk dei det til å verke som at sjølv unge, friske folk stod overfor ein alvorleg helsefare. Gjennomsnittsalderen på ‘COVID’-pasientar som døydde var 83 år, og det er OVER gjennomsnittleg forventa levealder, som var på 81,26 år i 2019.

6. Regjeringa gav ekspertane ordre om å «rekommandere» det som regjeringa ville. Så det var ikkje slik at regjeringa «følgde vitskapen», slik dei påstod ad nauseam (til det kjedsommelige), men i staden vitskapen, «The Science™» som følgde regjeringa sine ordrar. RKI fekk ordre om å halde farenivået høgt, sjølv om det heilt tydeleg ikkje føregjekk noko som var utanfor det vanlege. RKI var ikkje noko anna enn regjeringas pressekontor, med oppgåve å selge dei politiske avgjerdene som «vitskap», medan det i realiteten var så langt frå sanninga ein kan kome.

7. Korfor følgde RKI regjeringa sine ordrar? Fordi dei frykta å bli forbigått og irrelevante. Åtferda deira beviser klart at dei fann dette verre enn å villeie folkemassane.

Oppsummering

Dei tyske helseautoritetane visste at influensa var verre enn COVID, dei visste at masker ikkje fungerte, dei visste at AstraZeneca-vaksinen var dødeleg, dei visste at nedstengingar (lockdowns) ikkje var tilrådd, og dei visste at sprøytene ikkje reduserte overføring av viruset, men dei heldt alt dette for seg sjølv så dei kunne fortelle eit eventyr om at vi kunne stoppe smittespreiinga om vi berre alle gjorde vår del og tok vaksinen.

Trur du nokon vil lytte neste gong dei ropar «ulv, ulv!»?

Omsett av Monica Sortland

https://kirschsubstack.com/p/german-cdc-documents-show-politics

Forsidebilde er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar