Derimot: Ny studie i Japan.Overdødelighet på 115 000 etter 3. vaksinering. – Derimot

derimot.no:

Overdød i Japan på 115 000 etter tredje COVID-skot; ny studie forklarer korfor

av Dr. Joe Wang

The Epoch Times 22. april, 2024

Ein ny studie om skadeverknadar av COVID-vaksinen vart publisert den 8. april i det fagfellevurderte legemedisinske tidsskriftet Cureus. Det er til dag dato den største studien på biverknadar av COVID-vaksinen, og resultata er mildt sagt sjokkerande.

I studien, som ber tittelen “Increased Age-Adjusted Cancer Mortality After the Third mRNA-Lipid Nanoparticle Vaccine Dose During the COVID-19 Pandemic in Japan” (auka aldersjustert kreft -dødelegheit etter tredje dose av mRNA-lipid nanopartikkel-vaksinen under COVID-19-pandemien i Japan), brukte fem japanske forskarar eit fullt datasett av landets 123 millionar store befolkning (Japan har verdas høgste vaksinasjonsrate) til å stidere samanhengen mellom overskytande kreftdødsfall og masse-COVID-vaksinasjon.

Forskarane leverer og ei solid forklaring på korfor desse dødsfalla skjedde etter mRNA-injeksjonen.

Som tidlegare vaksine-forskar, las eg artikkelen i Cureus med stor interesse. Min kollega i Epoch Times, Megan Redshaw, hahar skrive ein utmerkt artikkel om denne studien. Her vil eg sette fokus på nokre punkt som eg meiner er verde å gjenta.

Overdød etter tredje skot

Studien viser at det var 1 568 961 dødsfall totalt i Japan i 2022. Cirka 1 453 162 dødsfall var forventa basert på statistiske estimat utifrå før-pandemisk informasjon. Altså var det 115 799 fleire dødsfall enn forventa i 2022.

Dei 115 799 “aldersjusterte ekstra-dødsfalla” i 2022 skjedde etter at to tredelar av den japanske befolkninga hadde mottatt tredje dose av COVID-vaksinen.

Basert på Japans helsedepartement sine data, telde eg opp 39 060 innrapporterte COVID dødsfall i 2022. Så fleirtalet av dei overskytande dødsfalla i Japan i 2022 var ikkje forårsaka av COVID-infeksjon, men har i staden sterke samband med vaksineringa.

Skade av vaksinen, ikkje viruset

Studien viser at i 2020, etter at COVID-19 byrja spreie seg i Japan, men før vaksinering var tilgjengeleg, var det aldersjusterte talet på dødsfall 28 000 færre enn det som var estimert. Og i 2021, medan viruset heldt fram og det var avgrensa COVID-19-vaksinering (den starta i februar), var det 25 000 fleire dødsfall enn estimert.

Basert på overdøden i 2022, konkluderte dei japanske forskarane slik:

“Statistisk signifikant auke i aldersjusterte dødsratar for kreft generelt og visse spesifikke typar av kreft, nærare bestemt eggstokk-kreft, leukemi (blod), kreft i prostata, leppe/munn/svelg, bukspyttkjertel og bryst, vart observert i 2022 etter at to tredjedelar av befolkninga i Japan hadde mottatt minst tre dosar av SARS-CoV-2 mRNA-LNP-vaksinen.”

“Denne markerte mortalitetsauken til desse ERα-sensitive krefttypane kan kanskje tilskrivast fleire av mekanismane til mRNA-LNP-vaksinsjonen i staden for COVID-19 infeksjonen sjølv eller redusert kreftbehandling grunna nedstenginga (lockdown),” skreiv forskarane.

Enkelt sagt avslørte studien at mRNA COVID-stikket sannsynlegvis er årsaka til dei overskytande dødsfalla i Japan.

Seks typar kreft hadde signifikant overdød

Studien presenterte tala for dødsfall av alle årsaker (totalt antal døde), men såg også nærar på detaljane rundt kreft-dødsfalla. Det vart funne at av dei 20 typane av kreft, hadde seks av dei – kreft i eggstokk(ane), blodet (leukemi), prostata, leppe/munn/svelg, bukspyttkjertel og bryst – statistisk signifikant overdødelegheit i 2021, og den auka vidare i 2022.

Den signifikante auken i mortalitet for dei seks spesifikke krefttypane kan ikkje skuldast på mankoen på helsetenester under pandemien. Redusert kreft-screening og helsestell på grunn av nedstengingar burde ha auka dødstala for alle typar kreft. Men det vart ikkje observert nokon slik auke i andre typar kreft i Japan i 2022.

Så kva er det som er så spesielt med akkurat desse seks krefttypane? Dei er alle kjende for å vere sensitive for østrogenreseptor alfa (ERα). [Store norske leksikon skriv: «østrogenreseptor er en rutinemarkør ved klassifisering av alle ondartete svulster i brystet. Fravær av østrogenreseptor er en dårlig prognostisk markør og sees i lite differensierte, klinisk aggressive svulster.», mrk.]

Forskarane forklarte korfor desse krefttypane ikkje berre oppstod etter vaksinering, men også drap menneske innan kort tid etter at dei hadde fått sprøyta.

Kan vaksinen øke sjansen for kreft?

Kreft etter sprøyta: ei vitskapeleg forklaring

Eg arbeidde som forskar hos Sanofi Pasteur, eit av verdas største vaksine-selskap, i over 10 år. one of the world’s largest vaccine companies, for more than 10 years. Som Sanofis frontfigur for utvikling av SARS-CoV-1-vaksinar i 2003, fann eg at hypotesane til dei japanske forskarane verka svært fornuftige.

Eg håpar de kan tole fagterminologien eg vil bruke, for den er viktig for å forstå dei moglege rollene som mRNA-vaksinen kan ha spelt for kreft-utviklinga.

ER’ar (estrogen receptors, østrogenreseptorar) er ei gruppe protein som ein finn inne i celler. Dei er reseptorar som kan aktiverast av kjønnshormonet østrogen. ERα er ein av dei to klassane av ER’ar, ein viktig regulator i kroppen sitt reproduktive system.

Forskning publisert i det fagfellevurderte tidsskriftet Science Advances i november 2022 screena 9000 menneskelege protein for å sjå kva slags protein som lettare bind seg til piggproteinet (spike (S) protein) til SARS-CoV-2, og fann at S-proteinet spesifikt bind seg til ERα. Bindinga “oppregulerer transkripsjonsaktiviteten til ERα.”

Med andre ord: når S-proteinet til (viruset) SARS-CoV-2 er introdusert inn i menneskekroppen (med smitte eller vaksinasjon), bind det seg til ERα og fungrerer som ein kjernereseptor koregulator [? a nuclear receptor coregulator] som forstyrrer cellas normale funksjon og fører til at celler og organ sluttar å fungere slik dei skal.

Dette kan forklare korfor død forårsaka av dei seks ERα-sensitive krefttypane auka i 2022 i Japan etter at to tredjedelar av befolkninga hadde mottatt (minst) tredje dose av mRNA-vaksinen.

Vaksinen leverer S-genet til SARS-CoV-2, som kaprar vertscella for å produsere S-protein. S-proteina blir produserte inne i cella, så bind dei seg til ERα, forstyrrer cellas normal funksjon og fører til utvikling av kreft.

Kreft er ein sjukdom der nokre av kroppens celler veks ukontrollerbart og spreier seg til andre delar av kroppen.

For friske personar er det slik at nokre celler døyr, nokre aldrast og nokre blir til kreftceller. Alt dette skjer utan at personen veit om det, for kroppens immunsystem arbeider konstant med å takle slike problem. Men viss immunsystemet blir kompromittert, utviklar det seg sjukdom, inkludert kreft.

Plenty med bevis har byrja dukke opp som viser at COVID-19-vaksinen har potensial til å blande seg kraftig inn i kroppens immunsystem. Denne nye japanske studien leverer fleire bevis for omfanget av dette fenomenet.

Vaksinasjon og undertrykking av immunovervakinga av kreft

Det har blitt vist at mRNA-vaksinen ikkje berre har potensial til å forårsake kreft, men at den også kan svekke immunsystemet si evne til å gjenkjenne og undertrykke kreft-tumørar.

I ein studie publisert sist oktober rapporterte Konstantin Fohse og kollegaar om at vaksinering med BNT162b2 endra kroppens ibuande immunresponsar og resulterte i svekka immunovervaking av kreft.

Skaden forårsaka av COVID-vaksinar ville ha vore mindre dersom vaksineringa ikkje hadde vore så omfattande og dosane ikkje hadde vore så høge på grunn av booster-skota.

Dei japanske forskarane fann at i kvar Pfizer/BioNTech-dose er det ca 13 billionar SARS-CoV-2 mRNA-LNP molekyl [det er tretten tusen milliardar av, nærare bestemt, «oppskrifta» til piggproteinet (S) til koronaviruset som byrja spreie seg i 2019, mrk.]. For Modernaer talet 40 billionar. Sidan ein gjennomsnittleg menneskekropp har ca 37,2 billionar celler, har éin dose [av Modernas] COVID-19 mRNA-LNP mange nok molekyl til å spreie seg til kvar einaste celle i kroppen.

Som eg før har skrive, tvert imot påstanden til Centers for Disease Control and Prevention (CDC) om at “etter at kroppen har produsert ein immunrespons, kvittar den seg med alle vaksine-ingrediensane” fordi uridin i normalt RNA no blir erstatta med pseudo-uridinet i COVID-19 mRNA-LNP, så veit vi no at det modifiserte RNA’et no lever i kroppen i fleire månadar og til og med kan finne vegen inn i spedbarn via morsmjølk.

Den japanske studien vart skriven før oktober 2023, og brukte informasjon frå 2022 og tidlegare. Medan COVID-vaksineringa held fram i mange land, er det skremmande å tenke på kor mange folk som kan døy eller utvikle kreft dersom trenden frå 2022 held fram.

Uviss framtid

Medan styresmakter rundt om i verda framleis påstår at COVID-19-vaksiner er “trygg og effektiv” og held fram med å pushe vaksinering, er det uvisst korleis framtida blir.

For COVID-19 mRNA-LNP-molekyla som allerie er i kroppane til hundretals millionar menneske, vil bli der og halde fram med å produsere S-proteinet som forstyrrer immunsystemet og forårsakar kreft og andre sjukdommar.

Studiar som denne av dei japanske forskarane burde ha blitt gjennomførte i land som USA, Canada og Storbritannia og publiserte i medisinske topp-tidsskrift utan sensur, slik at vi kan lære frå feila og hindre at dei skjer igjen. Diverre har ikkje det skjedd.

Men ein kan håpe på at fleire og fleire vitskapsfolk og forskarar vil finne motet som skal til og påpeike det openlyse: at COVID-19-vaksinen ikkje er trygg.

Det er og verdt å merke seg at det medisinske tidsskriftet Cureus vart oppkjøpt av Springer Nature Group i desember 2022. Gruppa eig anerkjende vitskapspublikasjonar som mellom andre Nature og Nature Medicine.

COVID-vaksineskade har vore eit tabu-emne for vitskapsfolk og legevitskapelege tidsskrift. Mange folk vart kansellerte då dei prøvde å trasse sensuren. Det er forfriskande å sjå at Springer Nature publiserer den japanske studien.

*

Joe Wang, Ph.D., var molekylær biolog med over ti års erfaring innan vaksineindustrien. Han er no president for NTD Television Network (Canada), og skriv fast for The Epoch Times.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: National Cancer Institute

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...