Derimot: Norsk studie: Covid-vaksinering fører til økt dødelighet.
derimot.no:
Norsk studie indikerer samanheng mellom vaksinering og auka dødstal
Ein analyse av vaksine-statistikk for bortimot ein halv milliard europearar viser at landa med høgast grad av vaksinering også har den høgaste overdødelegheita.
Jarle Aarstad og Olav Andreas Kvitastein, begge professorar ved Høgskulen på Vestlandet, har tatt føre seg dei offisielle statistikkane (frå Eurostat) for covid-vaksinering og totale dødstal (uansett årsak) for samtlege 27 EU-land pluss Noreg, Sveits, Liechtenstein og Island. Resultata er publiserte i den enno ikkje fagfellevurderte rapporten Is there a Link between the 2021 COVID-19 Vaccination Uptake in Europe and 2022 Excess All-Cause Mortality?
Analysen deira viser at landa med høgast grad av vaksinering også har den høgaste overdødelegheita. For kvart prosentpoeng auke i vaksineringa i 2021 per månad, aukar den månadlege dødelegheita i 2022 med 0,105 prosent. I land med relativt låg vaksinasjonsgrad, er det lågare grad av overdødelegheit eller til og med underdødelegheit i same periode.
Dataa viser og at dei fire mest folkerike landa er nokre av dei mest vaksinerte. Grunna treigheit i det statistiske rapporteringssystemet, er berre dei 9 første månadane av 2022 med i rapporten, som vart publisert på Preprints.org i februar i fjor. Men dei to forskarane har lova å oppdatere dataa når dei har fått dei i hende (og Eurostat har faktisk oppdaterte data for 2022 no, så då varer det vel ikkje så lenge).
Dr. John Campbell, som har følgd nøye med sidan starten av koronasirkuset og har over 2,7 millionar følgarar på YouTube-kanalen sin, har via ein av episodane sine, Excess deaths, correlation study, til den norske studien. Han rosar forskarane både for å vere finansielt uavhengige (ikkje sponsa av t.d. farmasiindustrien) og for dei særs viktige resultata dei har funne.
Monica Sortland
Forsidebilde: Towfiqu barbhuiya