Derimot: Noen må få beskjeder slik. Det hypersoniske missilet var en melding til vesten. – Derimot

derimot.no:

Moskva avslører føremålet med testen av Oreshnik‑missilet

Russia Today (RT) formidlar:

Moskva vil bruka alle middel dei har til rådvelde for å forsvara sine nasjonale interesser, og håpar Washington har forstått dette etter testoppskytinga av det hypersoniske missilet Oreshnik, har Russlands utanriksminister Sergey Lavrov sagt til den amerikanske journalisten Tucker Carlson.

Carlson, som intervjua president Vladimir Putin tidlegare i år, returnerte til Russland for å snakka med Lavrov etter mislykka forsøk på å setja seg ned med Ukrainas Vladimir Zelensky.

«Me ønskjer ikkje å forverra situasjonen, men sidan ATACMS og andre langdistansevåpen blir brukte mot fastlands-Russland så å seie, sender me signal,» sa Lavrov. «Me håpar at det siste, for eit par veker sidan, signalet med det nye våpensystemet kalla Oreshnik, vart teke på alvor.»

Russland skaut opp det hypersoniske mellomdistanse-ballistikk-missilet på eit ukrainsk militær-industrielt anlegg i Dnepropetrovsk. Videoar som gjekk rundt på sosiale medium viste lysglitter frå himmelen som trefte djupt under jorda, etterfølgd av sekundære eksplosjonar. Staden har vore forboden for pressa sidan den gongen.

Oreshnik- (Hasselnøtt) missilet

Ein halvtime før oppskytinga av Oreshnik sende Russland ei melding til USA ved å bruka den nukleære ikkje-konfliktlinja, slik «at dei ikkje forvekslar det med noko større og verkeleg farleg», ifølgje Lavrov. Carlson noterte at Oreshnik «høyrest veldig farleg ut» åleine.

«Beskjeden er at de, eg meiner USA og USAs allierte, som også leverer desse langdistansevåpena til Kiev-regimet, må forstå at me ville vera klare til å bruka alle middel for ikkje å la dei lykkast med det dei kallar strategisk nederlag for Russland, sa Lavrov til Carlson. Moskva er «klar til å gjera kva som helst for å forsvara våre legitime interesser,» la han til.

Med tilvising til dei nylege kommentarane frå ein amerikansk admiral om teoretisk akseptabel bruk av atomvåpen, sa Lavrov at denne typen retorikk var «verkeleg urovekkjande» og ser ut til å rekna med at Russland ikkje har «raude linjer» eller ikkje er villig til å handheva dei.

«Dette er ein veldig alvorleg feil,» sa den russiske diplomaten.

På spørsmål om USA og Russland er i krig, sa Lavrov at det er ein uerklært «hybridkrig» akkurat no, og Moskva gir Washington beskjed om at han ikkje bør eskalera.

Sidan ein faktisk krig med USA «ville ha ein kjernefysisk karakter,» forklarte veterandiplomaten, «vil me absolutt unngå alle misforståingar. Og sidan nokre menneske i Washington og nokre menneske i London, i Brüssel, ser ut til å vera lite i stand til å forstå, vil me senda ytterlegare meldingar viss dei ikkje trekkjer nødvendige konklusjonar.»

Sjå heile intervjuet her.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...