Derimot: Når noen skal svertes på grunn av Israel-kritikk trengs ikke bevis. Det er nok å skrive antisemittisk. – Derimot

derimot.no:

Ordet «antisemittisk» fungerer akkurat som ordet «antisovjetisk»

av Hans Olav Brendberg

Ny runde – ny sjanse til å forstå

Då kom ein ny runde med skuldingar om «antisemittisme» i helga – som vanleg ikkje ei einaste lenke eller eit einaste sitat som kunne underbyggja at eg var skuldig i dette tankebrotsverket.

Dei mest kompetente frukttolkarane meinte sjølvsagt eit bilete med stillehavsfrukta ananas var prov nok. Om dei trur på dette vrøvlet sjølve veit eg ikkje – men eg er redd dei gjer det. Ein annan hevda at eg var «kritisk til Holocaust» – utan at eg trur korkje eg eller han forstår heilt kva han meinte med dette.

Om nokon kan sitere meg, eller visa til tekstar (som dei har lese tilstrekkeleg til at dei kan gjengi meg redeleg) tek eg dette sjølvsagt på alvor. Men det andre er jo, og blir jo verdilaust ræl.

Men også verdilaust ræl bør ein forstå. Og i dette tilfellet er det viktig å forstå det.

Kvifor? Avdi folkemordet ikkje kom ut av lause lufta. Dette er førebudd i fleire tiår.

Det finst to veldig synlege posisjonar i tilhøvet til folkemordet i Gaza. Den eine er den entusiastiske støtten. Eit system av cherrypicking av fakta går her i hop med demonisering av islam og ei underliggjande kjensle av at vestleg sivilisasjon er truga eller i oppløysing. Israel forsvarar seg mot ein demonisk fiende – og her finst det ikkje halve åtgjerder.

Som Israel Shahak påpeikte, byrja det israelske tryggleiksestablishmentet planleggje ein «kosmisk kamp mot islam» allereide midt på nittitalet. Den ideologiske bobla dei pro-israelske støttespelarane for folkemordet lever i er bygt opp over lang tid, stein på stein. Verkelege problem – som (sjølv)ghettoisering av islamske minoritetar med påfølgjande kriminalitet og integreringsutfordringar – blir kokt saman til eit verdsbilete der Israels kamp mot ein gigantisk flyktningeleir blir eit heroisk slag for ein slags ersatz-patriotisme.

Denne posisjonen er viktig. Men det finst også ein annan posisjon det er viktig å forstå. Ein liberal eller sosialdemokratisk posisjon, som er djupt frustrert over dei endelause brotsverka på Gaza. Som er forundra og forskrekka over Trump og MAGA-fenomenet. Som i alle år har forsvart menneskerettar, internasjonalt samarbeid og liberale verdiar – inkludert den vestlege minnekulturen med Holocaustmuseum i kvar hovudstad, «snublesteinar» og resten av pakka.

Og som no er forskrekka over at ingen gjer noko for å stoppa den daglege nedslaktinga – og som heller ikkje har noko å foreslå når det gjeld kva som kan gjerast.

Begge desse posisjonane er ein integrert del av det pågåande folkemordet, og begge har mykje med sokalla «antisemittisme» å gjera.

Vi er her inne på eit fenomen som to utmerka tenkjarar har analysert.

Det generelle vart observert av Chesterton: «Når folk vel å slutta å tru på Gud, er det jo ikkje slik at dei byrjar tru på ingenting. Nei, dei byrjar tru på kva som helst.»

Det vi møter her er eit av dei mest forbeina trussystema i vestleg medvit – og eit svært godt døme på «tru på kva som helst». Eg har ikkje tenk å gå inn på ei historisk drøfting av kva «antisemittisme» har tydd historisk i ulike periodar. Det vil uansett prelle av som vatn på gåsa – for dagens «antisemittisme» handlar ikkje om historisk, sosiologisk, antropologisk eller religionshistorisk analyse. Det handlar om at store mengder folk trur fullt og fast på ein idéhistorisk konstant – og ei demonisk kraft – som dei ikkje forstår. «Antisemittisme».

Det å tru fullt og fast på det du ikkje forstår er ei av dei sentrale berebjelkane i religion.

Men dette blir understøtta av eit regime. Den amerikanske, politiske tenkjaren Joseph Sobran gav ei solid analyse av regimet for tretti år sidan. Sobrans sentrale tanke er at omgrepet «antisemittisme» tener same funksjon i vestlege, politiske system som det «antisovjetisk» gjorde i Sovjetunionen. Eg siterer:

«Sjølve ordet «antisemittisme» minnar om termen «antisovjetisk». Det tener ein liknande funksjon i å leggja til rette for skuldingar om dårleg definert skuld.

Grunnleggende rettsprinsipp

Styrken til vestleg juss har alltid vore at ein har insistert på definisjonar. Lova definerer så klart som mogleg kva vi meiner når vi snakkar om td. «mord» eller «innbilt». Vi ønskjer at sommaren og juryen skal vita nøyaktig kva tiltalen tyder. Ikkje berre for å døma dei skuldige, men også – og like viktig – for å gje vern til dei uskuldige.

Klare definisjonar legg eit krav om prov på dørstokken til den som kjem med skuldingane – og dette er heilt på sin plass. Om du løgnaktig skuldar nokon for mord eller innbrot er det ikkje berre slik at han vil bli reinvaska for skuldingane. Du risikerer å bli kraftig straffa sjølv. Difor er svært få redde for å bli skulda for mord og innbrot vi ikkje har gjort.

Dette i sterk kontrast til det juridiske systemet i Sovjetunionen, der påtalemakta hadde vide råker for å identifisera «antisovjetiske» aktivitetar. Omtrent alt som irriterte den sovjetiske staten kunne kvalifisere. Eit umogleg krav om prov låg på dei som vart skulda: Skuld vart lagt til grunn, frikjenningar skjedde omtrent ikkje. Å bli tiltalt var å allereide bli dømt. Sidan skuldinga var udefinert, var ho umogleg å falsifisere. «Falske skuldingar» var ikkje noko som fanst. Resultatet var at russarane levde i frykt.

Ordet «antisemittisk» fungerer akkurat som ordet «antisovjetisk». Sidan det ikkje er definert, er det umogleg å prova at ein ikkje er «antisemitt». Lause skuldingar om «antisemittisme» er vanlege, men ingen møter nokon gong straff for å setja fram slike skuldingar. Når omgrepet er umogleg å falsifisera, er det sjølvsagt umogleg å prova at ei skulding er falsk. Eg las eingong ein artikkel i eit jødisk tidsskrift som hevda at den første Star Wars-filmen var «antisemittisk». Eg var forbausa – men eg kunne ikkje prova at det var feil. Kan nokon?

Og sjølvsagt: Folk i det offentlege liv – og ofte elles – fryktar å gjera noko som fører til at dei får dette stempelet på seg – uansett kor uskuldige dei måtte vera.

Om du ønskjer å skilja mellom dei skuldige og dei uskuldige definerer du brotsverket nøyaktig. Om du derimot ønskjer å auka talet på domfelte, auka makta til dei som kjem med skuldingar og skapa ein atmosfære av redsel definerer du brotsverka så lauselegs om mogleg. Vi har for tida eit insentivsystem som kan ha blitt konstruert for å fremja lause, ugrunna skuldingar om «antisemittisme».»

Så nei – eg tek det ikkje spesielt tungt at eg blir skulda for «antisemittisme» – så lenge ingen kan dokumentera at eg har sagt eller skrive noko gale. Eg har heller ingen voner om å «reinvaska meg» for slike skuldingar – heilt ærleg trur eg jo faktisk eg er meir «antisemittisk» enn Star Wars.

Men det kan eg sjølvsagt ikkje prova.

Innlegget er hentet fra Trønderrød

Forsdiebilde: Levi Meir Clancy

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar