Derimot: Nå begynner sannheten langsomt å sige inn i vest: Ukraina går mot militært nederlag. – Derimot

derimot.no:

NY Times tilstår at Ukraina er i trøbbel

Av Larry C. Johnson, 2. november 2024

X-CIA-analytiker

Om du vil lese eit utmerkt døme på schizophreni, så ta deg tida til å lese stykket som avisa New York Times publiserte på fredag –  As Russia Advances, U.S. Fears Ukraine Has Entered a Grim Phase (Medan Russland rykkar framover fryktar USA at Ukraina har gått inn i ein stygg fase). Det er ei blanding av sanning og løgner. Følgande avsnitt er representativt:

«Amerikanske militære og etterretningstilsette har konkludert med at krigen i Ukraina ikkje lenger står i stampe, ettersom Russland gjer jamne framsteg, og pessimismen i Kyiv og Washington djupnar.

Den synkande moralen og spørsmåla om framhald av amerikansk støtte eller ikkje, vil halde fram med å utgjere ein trussel mot Ukrainas krigsinnsats. Ukraina tapar territorium i aust, og styrkane deira inne i Russland har blitt delvis pressa tilbake.

Det ukrainske militæret slit med å rekruttere soldatar og utruste nye einingar. Talet på soldatar drepne i strid, rundt 57 000, er halvparten av Russlands tap, men likevel betydeleg for det mykje mindre landet.»

Dei to første avsnitta er sanne. Men det tredje, om 57 000 døde ukrainarar sidan februar 2022? Komplett mannskit. Ukraina har 30 000 drepne i strid i Kursk sidan august. Det reelle dødstalet for Ukraina ligg nærare ein million. Det er derfor Ukraina “slit med å rekruttere soldatar og utruste nye einingar.

NY Times-reporterane styrkar løgnene i neste avsnitt:

«Russlands mangel på soldatar og forsyningar har også forverra seg, sa Vestlege offisielle tenestemenn og ekspertar. Og gevinstane i krigen har kome med høge kostnadar.»

Russland har lide eit tap på rundt 80 000 drepne i strid sidan februar 2022, men rekrutterer 30 000 nye soldatar kvar månad – og det har dei gjort sidan oktober 2022 – og dei har no eit estimert tal på 800 000 soldatar spreidd ut langs den 150 mil lange kontaktlinja. Ukrainas styrkar er på halvparten av det talet.

Videobevis for ukrainske tap er ganske overbevisande. Her er ein ukrainsk kyrkjegard i 2022.

Her er ein nyare, og eg berre skummar overflata av det som er lagt ut på YouTube.

Overraskande nok innrømmer NY Times at US-amerikanske etterretningsanalytikarar tok feil med omsyn til utsiktene for Russland i juli 2024:

«US-amerikanske statlege analytikarar 

konkluderte i sommar med at Russland ikkje var truande til å gjere signifikante framsteg i Ukraina i dei komande månadane, ettersom dei dårleg trente styrkane deira kjempa med å bryte gjennom ukrainske forsvarsverk. Men den vurderinga viste seg å vere feil.

Russiske troppar har avansert i Donbas-regionen i det austre Ukraina. Dei har gjenvunne meir enn ein tredjedel av territoriet som ukrainske styrkar erobra i ein overraskande offensiv i Kursk-regionen i vestre Russland i år. Talet på russiske drone-angrep over Ukraina har auka frå 350 i juli til 750 i august og 1500 i september.»

La meg minne om kva eg skreiv i august i år:

«Så la oss sjå på nokre avgjerande kjensgjerningar:

  1. Ukraina lir katastrofale militære tap og har ingen trent reservestyrke som dei kan sende ut i kamp.
  2. Ukraina manglar ein levedyktig kampflykapasitet.
  3. Ukraina manglar lager av tanks, køyrety, artilleri, artillerigranatar.
  4. Ukraina har ikkje trygge treningsfasilitetar/basar på eige territorium, og dei lyt sette sin lit til at andre NATO-land står for opplæringa. (Dette betyr at treninga blir avgrensa og ikkje er standardisert.)
  5. Ukrainas motoffensiv, som var meint å bryte forsvarslinjene i russiske Surovikin, har slått feil, og Ukraina manglar kampkraft til å eskalere angrepa.
  6. Russland har derimot rikeleg med topptrente reservar, artilleri-ammunisjon, artilleri (mobilt og fast), kryssarmissil, dronar, over tusen kampfly, angrepshelikopter og massive luftvernsystem.
  7. Russland er sjølvforsynt med dei kritisk viktige naturressursane som trengst til å forsyne forsvarsindustrien sin.
  8. Russland er ikkje lenger avhengig av Vesten for handel, og økonomien deira veks trass i Vestens økonomiske sanksjonar.

Mange Vestlege analytikarar insisterer på at situasjonen som utfaldar seg i Ukraina er fastlåst, og dei postulerer at krigen med Russland vil trekke ut i langdrag i åra som kjem. Nonsens. Gitt kjensgjerningane som er skisserte over, fell fordelane heilt på den russiske sida. Ukraina har ikkje ein einaste fordel over Russland på dette stadiet. Etter mitt syn er det usannsynleg at den russisk/ukrainske krigen vil resultere i ein fastlåst situasjon.»

I det minste innrømmer no reporterane i NY Times at det ikkje er ein fastlåst situasjon. Men dei klarer enno ikkje å fatte djubda av Ukrainas katastrofale situasjon. Dei skriv:

«Pentagon meiner Ukraina har nok soldatar til å kjempe i 12 månadar til, sa ein offisiell tenestemann. Deretter vil dei brått kome til kort, sa han.

Ukraina omdirigerte nokre av sine nyoppretta brigadar til å støtte inntrenginga i Kursk i staden for å bruke dei – slik planen opprinneleg var – til å forsvare austre og sørlege Ukraina, eller til å bygge opp reservar til ein forventa motoffensiv i 2025, sa Pentagon-tenestemenn.»

Sjølv om Ukraina på magisk vis skulle greie å rekruttere nok soldatar til å erstatte dei hundretusentals som døydde i år, kor skal dei trene? Og dessutan, sjølv om dei samlar inn 200 000 dei neste to månadane (og det kjem ikkje til å skje), så ville eit legitimt treningsprogram til å produsere funksjonelle brigadar ta meir enn eit år. Uansett er alle forsøk på å sette ihop ein slik styrke inne på ukrainsk terriotorium umogleg – Russland vil angripe og øydelegge den.

Dessverre for ukrainarane finst det enno nokre nøkkelpersonar i USAs statsapparat som klamrar seg til eit falskt narrativ og ein illusorisk draum. Ukraina er ein vandrande daud mann, ein dødsdømd pasient med kreft på 4. stadium.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/ny-times-concedes-ukraine-is-in-trouble/

Forsidebilde: Dmitry Bukhantsov

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...