Derimot: Moskva-samtalar: Ein samtale med utanriksminister Lavrov. – Derimot
derimot.no:
Av Larry C. Johnson

For ei ære. Eg vart invitert, saman med Judge Napolitano og Mario Nawfal, til å intervjue Russlands utanriksminister Lavrov på måndag. Herr Lavrov er smart, sjarmerande, morosam og ganske tilnærmeleg. Han er ikkje den som driv med skitsnakk. Han gjorde seg ikkje til. Etter å ha samtalt med han i over 90 minutt, kom eg ut med ny respekt for dugleiken hans som fullendt diplomat. Sjølv om kvar av oss hadde førebudd eit par spørsmål vi ville stille han, fór desse ut vindauget så snart konversasjonen starta. Det var ingen grenser for kva vi kunne spørje han om.
Der var ein ekstra godbit før hr. Lavrov dukka opp … vi fekk snakke i tretti minutt med Maria Zakharova i avslappa omgivnader. Ho er like delar sjarmerande og tøff. Eg tenker på ho som ein jernneve inni ein luksuriøs fløyelshanske. Ein formidabel diplomat i seg sjølv.
Her er ei oppsummering av hovudpoenga til hr. Lavrov under diskusjonen vår:
- Eg trur det som no skjer i USA er ein retur til normaliteten. […] Faktum er at ein normal administrasjon utan, du veit, ukristelege idéar, kom til makta, og reaksjonen vart slik ein eksplosjon i media, i politikken over heile verda … veldig interessant og veldig avslørande.
- Då vi møttest i Riyadh med Marco Rubio, Mike Waltz og Steve Witkoff, føreslo dei møtet, og dei sa: høyr her, vi ønsker normale relasjonar i den forstand at grunnlaget for den amerikanske utanrikspolitikken under Donald Trumps administrasjon er USAs nasjonale interesse. Men samtidig forstår vi at andre land også har sine nasjonale interesser.
- Det er veldig godt forstått at land som USA og Russland aldri vil ha identiske nasjonale interesser. Dei vil ikkje samsvare kanskje i ein gong femti prosent. Men når dei faktisk samsvarer, må den situasjonen nyttast til å utvikle denne samtidige og likelydande interessa. Men når interessene ikkje samsvarer, men står i motsetning til kvarandre, så må dei ansvarlege landa gjere alt dei kan for at denne motsetninga ikkje skal få degenerere til konfrontasjon, spesielt militær konfrontasjon, som ville bli katastrofal for mange andre land.
- Å starte den spesielle militæroperasjonen var ei avgjerd vi tok fordi alle andre forsøk, alle andre alternativ for å bringe ting inn i ein positiv dimensjon, slo feil gjennom ti år etter det illegale kuppet i Kiev, i strid med avtalen som vart signert kvelden før med tyskarane, franskmennene og polakkane som garantistar.
- Eg trur ikkje amerikanarane vil trekke seg frå NATO. I det minste har president Trump aldri hinta om at det kan skje. Men det han faktisk sa rett ut, var at viss de vil at vi skal forsvare dykk, gi dykk sikkerheitsgarantiar, så må de betale det som trengst.
- Men president Trump ønsker ikkje å gi desse sikkerheitsgarantiane til Ukraina under Zelensky. Han har sitt eige syn på situasjonen som han presenterer likeframt no og då, nemleg at denne krigen aldri burde ha starta – å trekke Ukraina inn i NATO bryt med landets Grunnlov og uavhengigheitserklæringa frå 1991, som var grunnlaget for at vi anerkjende Ukraina som suveren stat. Av mange grunnar, mellom anna at denne erklæringa sa: null NATO, null blokker, nøytral status. Ein annan ting som erklæringa også stadfesta og konsoliderte: alle rettane til russiske og alle andre nasjonale minoritetar skal respkterast.
- Europa og Storbritannia, dei vil heilt tydeleg at dette skal halde fram. Måten dei tok imot Zelensky på i London etter skandalen i Washington, det er ein indikasjon på at dei vil auke innsatsen og førebur eitt eller anna som skal presse Donald Trump-administrasjonen tilbake til aggressiv åtferd mot Russland.
- Det hadlar ikkje om territoria, det handlar om folket som ved lov vart fråtatt historia si. Territorium er viktige berre fordi det bur folk på desse territoria. Folka som bur på desse territoria er etterkomarar av dei som gjennom hundretals år bygde opp Odessa og andre byar på desse landområda, som bygde hamner, vegar, som grunnla desse områda og som hadde tilknytning til historia der.
Amerikanarane veit at vi ikkje vil svike forpliktingane våre, det vi juridisk har forplikta oss til, dei politiske forpliktingane som vi utviklar saman med Kina.
Om du vil lese utskrifta av heile samtalen [på engelsk], klikk her.

Mario Nawfal, den unge mannen som sit mellom Judge og meg i videoen med Lavrov, var ei glede å ha med seg. I den modne alder av 30 behandla han Judge Nap og meg som to respekterte bestefedre. Å kunne vere saman med Judge Napolitano i fem dagar – det var første gong vi har vore fysisk saman på heile den tida eg har kjent han – var spesielt hyggeleg. Judge og eg møttest til frukost kvar morgon i rommet på bildet over, den tida vi var i Moskva. Medan vi åt, spelte ein talentfull harpespelar serenadar, noko som la ein surrealistisk kvalitet til opplevinga. Staben på Metropol er også superb. Eg vil kome tilbake seinare med fleire detaljar om opphaldet vårt i Moskva.
Den videofilma samtalen:
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/a-conversation-with-foreign-minister-lavrov/