Derimot: Medienes tryllekunst. Plutselig er Al-Qaida og IS blitt respektable. Syria: Her er en helt annen historie. – Derimot

derimot.no:

Korleis Washington og Ankara gjorde regimeskifte i Damaskus

av Thierry Meyssan

Overraskande dristig forsikrar internasjonal presse oss om at det ikkje er eit militaristisk regimeskifte vi ser i Syria, men ein revolusjon for å styrte Den arabiske republikken Syria. Det at den tyrkiske hæren og USAs spesialstyrkar er der, blir halde skjult for oss. Vi blir mata med propaganda om brotsverk dei tilskriv «Bashar», som allereie fleire gongar er blitt dementerte. Kannibalistiske halsavkjerarar forvandlast til respektable revolusjonære. Igjen lyg den internasjonale pressa for oss, medvite.

Voltaire Netzwerk | Paris (Frankrike) | 17. desember 2024

Abu Mohammed al-Jolani, tidlegare nummer 2 i IS, no Damaskus’ nye sjef, gir ein pressekonferanse ved den store Umayyade-moskeen.

På 11 dagar vart Den arabiske republikken Syria, som tappert hadde stått imot angrep frå jihadistar støtta av den største koalisjonen i historia sidan 2011, styrta. Så kva skjedde?

Først av alt, sidan 15. oktober 2017 har USA organisert ei kringsetting av Syria, forbode all handel med landet og forbode Dei sameinte nasjonane, FN, å delta i gjenoppbygginga [1]. Denne strategien vart i 2020 utvida til Libanon med lova Caesar Act [2].

Vi, medlemmar av Den europeiske unionen, EU, har alle deltatt i dette brotsverket. Fleirtalet av syrarane var underernærte. Pundet hadde kollapsa: det som var verdt 1 pund før krigen, i 2011, var verdt 50 000 då Damaskus fell (pundet vart tre dagar seinare revaluert, takka vere ein injeksjon av pengar frå Qatar). Dei same årsakene har alltid same effekt, Syria vart nedkjempa slik Irak vart det før dei, då utanriksminister Madeleine Albright gratulerte seg sjølv med å ha forårsaka døden for ein halv million irakiske barn gjennom sjukdom og underernæring.

På den andre sida var det rett nok jihadistane i Hayat Tahrir al-Sham (HTS) som inntok Damaskus, men det var ikkje dei som vann militært. Den 27. november tok HTS, væpna av Qatar og styrt av den tyrkiske hæren forkledd som «Syrias Nasjonale Armé» (SNA), kontrollen over motorvegen M4 som tente som våpenkvilelinje. I tillegg hadde HTS og Tyrkia avanserte dronar som ukrainske rådgivarar styrte. Til sist hadde HTS fått med seg uigur-kolonien frå Turkestans islamske parti (TIP), som hadde vore beskytta i al-Zanbaki i 8 år [3]. Dei israelske, russiske og kinesiske operasjonsarenaane har difor smelta saman.

Så angreip desse styrkane Aleppo, som fram til då hadde blitt forsvart av Den iranske revolusjonsgarden. Sistnemnde trekte seg ut utan eit ord, og berre ein liten garnison av Den syriske arabiske arméen var tilbake for å forsvare byen. Med det ujevne styrkeforholdet, gav den syriske regjeringa troppane sine ordre om å trekke seg tilbake til Hama, noko dei gjorde den 29. november, etter ein kortvarig kamp.

Den 30. november drog Syrias president Bashar al-Assad til Russland. Ikkje for å delta i eksamenen til sonen Hafez ved Universitetet i Moskva, der han studerer, men for å søke hjelp. Dei russiske styrkane i Syria kunne berre bombe jihadistane sine konvoiar, fordi dei berre er luftstyrkar. Dei prøvde difor å blokkere ruta til HTS og Tyrkia. Dei kunne ikkje intervenere mot dei på bakken. Aleppo var tapt. Forøvrig har Tyrkias president Recep Tayyip Erdoğan, i samsvar med tradisjonane i landet sitt [4], aldri anerkjend tapet av dei osmanske territoria til Hellas (Tessaloniki), dei kypriotiske øyene, Syria (Aleppo) og Irak (Mosul).

Då dei sovande jihadist-cellene vart reaktiverte av Tyrkia, måtte den alleiere utmatta Syriske arabiske arméen kjempe på alle frontar på same tid. Det var det general Maher el-Assad (presidentens bror) prøvde på, forgjeves.

Ali Larijani, spesialutsending frå ayatollah Ali Khamenei, drog til Damaskus for å forklare tilbaketrekkinga til Revolusjonsgarden frå Aleppo og for å fastsette vilkår for militærhjelp frå Den islamske republikken Iran; kulturelle vilkår som ein sekulær stat ikkje kan gå med på. I ein telefonsamtale med sin iranske motpart, Masoud Pezeshkian, sa president Bashar al-Assad at “terroristeskaleringa” hadde til mål å “prøve å fragmentere regionen, bryte ned statane og teikne opp det regionale kartet på nytt, i samsvar med interessene og måla til til Amerika og Vesten.” Men det offisielle kommunikéet gjenspeglar ikkje stemninga under samtalen. Den syriske presidenten ville vite kven som hadde gitt Revolusjonsgarden ordre om å overgi Aleppo. Han fekk ikkje noko svar. Han åtvara då president Pezeshkian om konsekvensane for Iran dersom Syria fall. Ingenting fungerte. Teheran heldt fram med å kreve at ein skulle overlate dei nøkkelen til Syria for å forsvare landet.

Den 2. desember landa general Jasper Jeffers III, øvstkommanderande for USAs Spesialstyrkar (United States Special Forces, UsSoCom), i Beirut. Offisielt kom han for å overvake implementeringa av den munntlege våpenkvileavtalen mellomi Israel og Libanon. Med tanke på oppgåvene hans, er det openbert at dette berre blir ein del av oppdraget hans. Han vil overvake erobringa av Damaskus, gjort av tyrkarane bak HTS.

Den 5. desember gjentok USA framfor FNs Sikkerheitsråd skuldingane sinemot president Bashar al-Assad om at han hadde brukt kjemiske våpen til å undertrykke folket sitt. Dei ignorerer dei mange innvendingane, vitnemåla og granskingane som har vist at dette ikkje er anna enn krigspropaganda. Kjemiske våpen er hovudargumentet til den gigantiske anglosaksiske overtalingsmaskina. Det var dette argumentet som let FNs nummer 2, Jeffrey Feltman, forby gjenoppbygginga av Syria. Det var det som overbeviste folkeopinionen i Vesten om at «Bashar er bøddelen i Damaskus» og gav han skulda for alle dødsfalla i krigen som vart starta mot landet hans.

Samtidig informerte Pentagon HTS og den tyrkiske hæren om at dei kunne halde fram med framrykkinga si, ta Damaskus og styrte Den arabiske republikken Syria.

Den 6. og 7. desember gjekk Doha Forum av stabelen i Qatar. Mange figurar frå Midtausten deltok ved sidan av Russlands utanriksminister Sergei Lavrov. På sidelinjene av Forumet vart det gitt ein garanti til Russland, som representerte president al-Assad, om at soldatane til Den syriske arabiske arméen ikkje ville bli forfølgde og at militærbasane til Den russiske føderasjonen ikkje ville bli angripne. Ein annan garanti vart gitt til Iran om at sjiittiske heilagdommar ikkje ville bli øydelagde, men det verkar som Iran allereie var ovetydde om dette.

Ifølge Hakan Fidan, tden tyrkiske utanriksministeren, meinte Benjamin Netanyahu og Joe Biden at operasjonen ende der. Det var Pentagon som, saman med Storbritannia, beslutta å halde fram heilt til Den arabiske republikken Syria var styrta [5].

I New York vedtok Sikkerheitsrådet einrøystes Resolusjon 2761 [6]. Den autoriserer å ignorere sanksjonar mot jihadistar under “humanitære operasjonar”. FN, som aldri har godkjend berging av folk som har blitt knuste under åket til IS, har no plutseleg autorisert handel med HTS. Denne heilomvendinga til Sikkerheitsrådet korresponderer med instruksjonane frå FN-rådgivar Noah Bonsey, som han la fram allereie i februar 2021, då han arbeidde for George Soros [7].

Abu Mohammed al-Jolani, leiaren for HTS, gir Jomana Karadsheh eit intervju for CNN. Ho set han i rampelyset, medan utanriksdepartementets nettside Rewards for Justice framleis tilbyr opptil 10 millionar dollar for informasjon som kan føre til at jihadistleiaren blir arrestert [8]

Den 7. desember tar HTS and Tyrkia Saidnaya-fengselet. Dette er ei kjempesak for krigspropagandaen, som har gitt fengselet kallenamnet “menneskeslakteriet”. Det blir hevda at tusentals menneske vart torturerte og avretta der, og at lika deira vart brende i eit krematorium. I tre dagar leitte Dei kvite hjelmane, ein frivillig organisasjon som både har redda liv og deltatt i massakrar, gjennom fengselet og områda rundt, på jakt etter løynde undergrunnstunellar, torturkammer og eit krematorium. For ein nedtur! Dei fann ingen bevis for dei påståtte brotsverka. Til slutt isceneset CNN-journalisten Clarissa Ward lauslatinga av ein fange som ikkje har sett dagens lys på tre månadar, men likevel er rein, vel-kledd og med velstelte neglar [9].

Skuldingane om tortur og summariske avrettingar er desto vanskelegare å bere, sidan Bashar al-Assad i 2011 gav ordre om å forby alle former for tortur og oppretta eit Departement for nasjonal forsoning med ansvar for å gjenintegrere syrarar som hadde slutta seg til jihadistane. Han gav omtrent førti gongar amnesti til desse mennene.

Den 8, desember gav president Bashar al-Assad sine menn ordre om å legge ned våpena. Damaskus fell utan kamp. Jihadistane rulla straks ut på førehand opptrykte banner og limar symbolet til det nye regimet på uniformane sine. Den tidlegare Al-Qaida-krigaren og seinare IS’ nummer 2, Abu Mohammed al-Jolani, som eigentleg heiter Ahmad al-Sharaa, tok makta. Omkransa av britiske kommunikasjonsrådgivarar gav han ein tale i den store Umayyade-moskéen som etterlikna talen til IS-kalif Abu Bakr al-Baghdadi ved den store Al-Nouri- moskéen i Mosul i 2019.

HTS behandlar no kristne som mustamin (islamisk klassifisering for ikkje-muslimske utlendingar som bur på avgrensa basis på muslimsk territorium), og skånar dei for dhimmi-pakta (ei rekke rettar og plikter som er reserverte for ikkje-muslimar) og betaling av jiziya-skatt. I september 2022, for første gong på eit tiår, vart det halde ein seremoni til ære for santa Anna i den arameiske kyrkja i den kristne landsbyen al-Yacoubiyah, utanfor Jisr al-Shugur, vest for Idlib.

3000 soldatar frå den syriske arabiske arméen har gått i eksil i Irak. Dei blir avvæpna og innkvarterte i telt ved grenseovergangen Al-Qaim border crossing, deretter overførte til ein militærbase i Rutba. Baghdad har kunngjort at dei vil prøve å få garantiar for at dei trygt kan returnere heim [10].

Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF) har starta ein operasjon for å øydelegge utstyret og forsvarsverka til Den syriske arabiske arméen. På fire dagar har 480 bombeangrep søkkt flåten og sett våpenlager og varehus i brann. Samtidig har bakke-team drept landets leiande vitskapsfolk.

Etter å ha vist journalistar rundt i dei tomme syriske forsvarsverka langs kystlinja, fortel Benny Kata, ein lokal militær kommandant til gjestane sine: «Det er klart vi blir her ei stund. Vi er budde på det.»

IDF invaderer allereie Syria litt meir, forbi våpenkvilelinja i Golan, som dei lenge har okkupert. Dei kunngjer at dei vil skape ei ny buffersone på syrisk territorium, for å forsvare den noverande buffersona, kort sagt annektere den. I tillegg annekterte dei fjellet Hermon slik at dei kan overvake heile regionen.

Den 9. desember drog general Michael Kurilla, øvstkommanderande for USAs styrkar i det større Midtausten (CentCom), til Amman for å møte general Yousef Al-H’naity, leiar for Jordans generalstab. Han stadfesta på ny at USA ville støtte Jordan dersom det kom truslar frå Syria under overgangsperioden.

Den 10. desember besøkte general Michael Kurilla troppane sine og troppane til Dei syriske demokratiske styrkane (kurdiske leigesoldatar) på fleire basar i Syria. Han utvikla ein plan for å sikre at IS ikkje ville forlate området dei hadde fått seg tildelt av Pentagon, og at dei ikkje ville blande seg inn i regimeskiftet i Damaskus. Straks vil intense bombardment hindre IS i å nærme seg.

HTS utnemner Mohammed al-Bashir, tidlegare jihadist-“guvernør” for Idlib, til statsminister for det nye regimet. Han er ein medlem av Det muslimske brorskapet, sponsa av britiske MI6. Frankrike, som med sin spesialutsending, Jean-Yves Le Drian, hadde forhandl om utnemninga av Riad Hijab (tidlegare sekretær for ministerrådet i 2012), innsåg at dei hadde blitt narra.

Dermed var det ikkje lenger aktuelt å gjere Jean-Yves Le Driantil statsminister i Frankrike. Tvert imot inviterer Élysée Paris sin anti-terrorismeanklagar til France2-nyheitene. Han set stopp for jubelen over den nye makta i Damaskus og beklagar at HTS er involvert i avrettinga av den franske professoren Samuel Patty (2020) og i massakren i Nice (86 døde, i 2016). Den franske pressa skifta deretter tone og byrja ispørjesette den nye makta som den internasjonale pressa framleis presenterte som respektable folk.

Den 11. desember møttest dei viktigaste palestinske fraksjonane som er til stades i Syria (Den palestinske frigjeringsfronten (PLO), Demokratisk front for frigjering av Palestina, Islamsk jihad-rørsle, Palestinsk folkekampfront, Generalkommandoen) i Yarmouk (Damaskus) i nærvær av delegatar frå HTS (avdelinga for militære operasjonar). Fatah og Hamas deltok ikkje på møtet. Dei vart bedne om å slutte fred med sin israelske allierte. Det vart bestemt at ingen fraksjon skulle ha privilegert status, og at alle skulle behandlast likt. Kvar gruppe gjekk med på å legge ned våpena sine.

General Michael Kurilla reiste deretter til Lebanon og Israel i tre dagar. I Beirut møtte han general Joseph Aoun, kommandant for dei libanesiske væpna styrkane, og kollegaen hans, den US-amerikanske generalen Jasper Jeffers III. I Tel Aviv møtte han heile den israelske generalstaben og forsvarsminister Israel Katz. Ved dette høvet sa han: “Besøket mitt til Israel, samt til Jordan, Syria, Irak og Libanon over dei siste seks dagane, har understreka kor viktig det er å sjå dagens utfordringar og moglegheiter gjennom auga til partnarane våre, feltkommandantane og soldatane. Vi må oppretthalde sterke partnarskap for å konfrontere noverande og komande truslar mot regionen.”

Den 12. desember blir Ibrahim Kalin, direktør for den tyrkiske nasjonale etterretningsorganisasjonen (Millî İstihbarat Teşkilatı – MIT), den første utlandske høgtståande offisielle tenestemannen til å besøke den nye regjeringa i Damaskus. Same dag heiser dei kurdiske leigesoldatane, som administrerer nordaustre Syria for USAs okkupasjonsarmé, landets nye flagg – grønt, kvitt og svart med tre stjerner, som stammar frå den franske mandat-perioden. Kalins besøk vil den 15. desember bli følgd av ein qatarisk delegasjon.

For å underbygge skuldingane om tortur, iscenesette CNNs Clarissa Ward, som absolutt er i storform, lik funne i eit likhus på eit sjukehus i Damaskus, slik CNN i 1989 iscenesette likfunn frå eit likhus i Timișoara, under styrtinga av Ceaușescu [11].

Ifølge FN prøver no over ein million syrarar å flykte landet. Dei har inga tru på at HTS-jihadistane brått har blitt siviliserte.

Forfattaren av denne artikkelen, Thierry Meyssan, var rådgivar for libyske og seinare syriske styresmakter i ni år. Utifrå denne erfaringa har han produsert eit grunnleggande stykke arbeid om Vestleg politikk i Midtausten:  

Before Our Very Eyes, Fake Wars and Big Lies: From 9/11 to Donald Trump.

Thierry Meyssan

Omsett av Monica Sortland

[1] “Parameters and Principles of UN assistance in Syria”, by Jeffrey D. Feltman, Voltaire Network, 15 October 2017.

[2] “Hassan Nasrallah says US wants to cause famine in Lebanon”, Voltaire Network, 17 June 2020.

[3] “The 18,000 al-Qaeda Uyghurs in Syria”, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 21 August 2018. «Uyghur fighters in Syria vow to come for China next», Sophia Yan, The Telegraph, Decembrer 13, 2024.

[4] « Serment national turc », Réseau Voltaire, 28 janvier 1920.

[5] «Fidan: Nous avons négocié avec la Russie et l’Iran pour qu’en Syrie, ça se passe sans effusion de sang», Anadolu Agency, 13 décembre 2024. ««Israël ne voulait pas qu’Assad tombe», affirme le chef de la diplomatie turque», I24 News, 16 décembre 2024.

[6] « Résolution portant exemption des sanctions contre les jihadistes », Réseau Voltaire, 6 décembre 2024.

[7] «In Syria’s Idlib, Washington’s Chance to Reimagine Counter-terrorism», New Crisis Group, Noah Bonsey & Dareen Khalifa, February 2021.

[8] «Muhammad al-Jawlani», Rewards for Justice, site consulté le 14 décembre 2024.

[9] «‘Are you serious?’: He spent months in a Syrian prison. CNN’s camera caught the moment he’s freed, Clarissa Ward, CNN, December 11, 2024.

[10] «خاص»
محمد عماد, 11 ديسمبر

[11] «Battered corpses show the horrors of life and death under Syria’s Assad», CNN December 12, 2024.Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...