Derimot: Medieløgner på steroider: Fra infeksjon til injeksjon: Et propagandamestervek.

derimot.no:

New York-professor meiner «pandemien» var eit globalt propaganda-meisterverk frå infeksjon til injeksjon

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Professor Mark Crispin Miller er ein anerkjent propagandaekspert ved New York universitet. Han meiner at covid-19-«pandemien» var eit globalt propaganda-meisterverk frå byrjing til slutt. Han meiner at det som skjedde under covid er ulikt alt anna som har skjedd i historia – han skildrar heile greia som ein propagandainnsats på steroidar. Dette formidlar Ethan Huff på NewsTarget, systersida til Natural News. Han skriv (mi omsetjing):

«‘Media har vore uunnverlege for heile denne operasjonen, og eg vil ta det litt lenger,’ skal Miller ha sagt. ‘Eg vil seie at sidan byrjinga av 2020 har vi vore gjenstand for ‘eit rullande torevêr av propaganda’, den eine etter den andre.’

Mark Crispin Miller er professor i medievitenskap ved New York University. (Fra Wikipedia)

Det heile byrja med det sokalla ‘viruset’, som stat/regjering og media brukte for å piske folk inn i vanvit. So, medan alle sat heime under nedstenging, vart George Floyd-falskflagget utført i Minneapolis og verda.

Store delar av verda gjekk glipp av det, men akkurat slik mange hadde åtvara om, var George Floyd-hendinga ein psykologisk operasjon (psy-op), i og med at han ikkje vart myrda slik det vart påstått. Alt dette og meir til blir diskutert i den nye dokumentaren The Fall of Minneapolis.

‘So hadde vi 2020-valet,’ sa Miller vidare om det neste propagandastykket som dukka opp etter covid og George Floyd. ‘Der var denne sokalla ‘storminga’ [av den amerikanske kongressen]. Det var ei bølgje av forskrudd hysteri… fordi det var ikkje ei storming… ei heller eit kuppforsøk.’

‘So var der Ukraina, og heile forhistoria til Russlands invasjon mangla fullstendig i all dekninga… Alt dette er resultatet av at media gjer det motsette av det som det er meint å gjere.’ […]

Medan USA visstnok, i det minste på papiret, sikrar pressefridom i Grunnlova, blir der i praksis fortalt særs lite sanning av dagens media.

Spesielt dei siste tre åra såg vi media spreie løgn etter løgn etter løgn som del av ein splitt-og-hersk-strategi, der ein tok ned landet gjennom nøye orkestrert propaganda.

‘Grunnlovsfedrane innsåg at det var heilt naudsynt å ha ei fri presse,’ sa Miller. ‘Dette var før konsernmedia-kartella, som er det vi har no.’

‘Grunnlovsfedrane visste… at for å tilby ei motmakt til føderal makt, måtte vi absolutt ha ei fri presse. Grunnen til at pressa er beskytta i First Amendment [som regulerer mellom anna ytringsfridom; oms.komm.] er at… den fortel sanningar som dei føderale styresmaktene ikkje vil at vi skal vete.’

Om det ikkje var for den korrupte, lygande pressa, ville ikkje det ikkje ha stått so dårleg til i USA som det no gjer. Der ville aldri ha vore nokon ‘pandemi’ i det heile om ikkje media hadde pumpa befolkninga full i nonstop-covid-propaganda dag etter dag, veke etter veke og år etter år i samsvar med statlege påbod og dekret.

Ei verkeleg fri presse ville ha stilt spørsmålsteikn ved omtrent alt som staten/regjeringa vigla opp og pressa på nasjonen som ‘løysingar’ på det sokalla ‘viruset’, heller enn å fremje det heile som ‘vitskapleg’.

‘Å seie at pressa har feila djupt og inderleg er å faktisk gje dei for mykje ære,’ fastslår Miller.

‘Dei har vore fullstendig delaktige gjennom dette marerittet, som har radikal avfolking og øydelegging av demokratiet som mål… om du so mykje som fortel den andre sida av historia, blir du folkefiende nummer éin.’

Bortsett frå kanskje ei global utveksling av atomvåpen, har ingenting meir vellykka redusert folketalet i verda som covid. Meir enn 700 millionar mRNA (modRNA) biovåpen-injeksjonar vart administrert i USA åleine, saman med 13 milliardar rundt om i resten av verda.»

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...