Derimot: Mangfold er så mye. Kvinnediskriminering er også en del av mangfoldet. – Derimot

derimot.no:

Noreg blir stadig meir utrygt, og omgrepet «nordmann» blir forsøkt utvatna av hovudstraumsmedia

Sjå òg «Å vere optimistisk kan av og til vere synonymt med å leve i fornekting», publisert 17.mai 2022, «Har vi eigentleg ein grunn til å framleis feire 17.mai?», publisert 17.mai 2023, og «Det tidlegare demokratiet Noreg lèt overnasjonale aktørar vere herrar i vårt hus», publisert 17.mai 2024.

Temaet for årets «17.mai-tale» frå Saksyndig-redaktøren er innvandring. Og ikkje alle typar innvandring, men den typen ukontrollert masseinnvandring av dei som ikkje ønskjer å integrere seg i det norske samfunnet. Det handlar ikkje berre om manglande vilje til å lære det norske språket, men at dei rett og slett ikkje vil tilpasse seg våre verdiar, lover og reglar. Resultatet er eit meir utrygt Noreg der folk stoler mindre og mindre på både kvarandre og samfunnet.

Etablissementet er på dei kriminelle innvandrarane si side, for masseinnvandringa er bestemt frå høgste hald. Eliten vil ha uintegrerbare innvandrarar i hopetal i den vestlege verda, for dette er i tråd med deira visjonar om ei utskifting av befolkninga. Då må omgrep skifte tyding gjennom sokalla «nytale». No skal alle klassifiserast som «nordmenn», og utlendingar blir i straffesaker konsekvent omtala med norske nemningar – til dømes «nordfjordingane» som gruppevaldtok ei verjelaus jente på eit jorde i Nordfjord. Saka vekte stor kontrovers i byrjinga av 2025, og der distriktsredaktør Dyveke Buanes forsvarte NRK sitt redaksjonelle val om å kalle utlendingane for «nordfjordingar», ved å seie at etnisiteten deira ikkje er relevant, og «når man har norsk statsborgerskap, så er man norsk».

Her er det bildet ChatGPT kommer opp med når vi spør om å lage et bilde fra en typisk nordmann fra Nord-Gudbrandsdalen. Og det er dette de fleste norske får i hodet med en slik karakteristikk.

Denne utvatninga av det norske har gått eit steg vidare. No blir til og med utanlandske statsborgarar referert til med norske nemningar, til dømes den somaliske statsborgaren som NRK omtala som «mann i 20-årene frå Nord-Gudbrandsdal». Han hadde tent på verneverdige Dombås kyrkje og forårsaka skadar for over 40 millionar kroner. Han innrømte i retten at han sette fyr på kyrkja for å hemne koranbrenninga i Kristiansand i 2019. Nyheitssjef for NRK Innlandet, Ragnhild Moen Holø, forsvarte NRK sitt redaksjonelle val med at dei heller fokuserte på sjølve hendinga, og at dei seinare skreiv om motivet. Ho nektar for at NRK heldt religiøst motiv og landbakgrunn skjult.

Ei mindre alvorleg handling fann stad fyrste helga i mai 2025, der to slåsskampar oppstod på to ulike Leos lekeland, fyrst i Haugesund, deretter i Stavanger. Alle dei involverte i begge slåsskampane var frå Midtausten. VG nemnde ikkje landbakgrunnen, medan Nettavisen og Uten Filter gjorde det.

Å ikkje opplyse om eigentleg landbakgrunn til gjerningsmenn kan vere til hinder for debatt om forholdet mellom innvandring og kriminalitet. Faktum er at innvandring kan gjere Noreg til eit sokalla lågtillitssamfunn der ingen stoler på nokon. Fram til ganske nyleg har tilliten generelt vore høg i Noreg, men denne tidsepoken ser diverre ut til å vere over. Som redaksjonen i den nyoppstarta nettavisa Rabulisten skriv 13.mai 2025:

«En ny rapport fra Folkehelseinstituttet kaster et uvanlig ærlig lys over en utvikling mange lenge har forsøkt å fornekte: Tilliten i Oslo smuldrer, og det skyldes ikke økonomi eller klasse alene, men demografi. Når VG-journalist Shazia Majid peker på innvandringen som årsak til tillitskrisen, bekrefter hun det norske politikere og journalister i årevis har ignorert: Masseinnvandringen har en høy pris.»

Og vidare:

«Dette er symptomet på en langt mer grunnleggende etnisk, religiøs og kulturell kollisjon som norske politikere og journalister har forsøkt å ignorere eller benekte i flere tiår.

Den logiske konklusjonen melder seg: Fremmedkulturell masseinnvandring, kombinert med lave fødselsrater hos vertsbefolkning, er en alvorlig trussel mot det norske høytillitssamfunnet. […]»

I kombinasjon med aukande kriminalitet og minkande tillit, har vi styresmakter som blir stadig meir totalitære. Meiningar som avvik frå normalen skal sensurerast, og dei som ytrar meiningane skal straffast gjennom scenenekt, sosial utstøyting, tap av jobb, eller ved at politi og psykiatri blir brukt som våpen mot dei. Eliten har bestemt at nordmenn ikkje lenger har fridom til å ytre seg, berre fridom til å tenkje. Som Kjetil Tveit skriv i ein artikkel på Steigan publisert 12.mai 2025:

«Norge er verdens mest woke nasjon, sa MDG-lederen Arild Hermstad stolt 8. mai. Jeg er ikke så stolt.

Og her ser du hva det betyr i praksis:

To Wikipedia-versjoner omtaler nøyaktig den samme hendelsen: Da iranske forfattere i 1977 reiste seg mot regimet og krevde ytringsfrihetMen på norsk er det blitt til at de kjempet for tankefrihet – som i George Orwells framtidsdystopi 1984. Han må ha visst mer enn vi aner.

Tankefrihet. Ikke ytringsfrihet. Altså retten til å tenke fritt – men ikke nødvendigvis si det.»

Du kan i Noreg anno 2025 tenkje kva du vil – men tankane skal du halde for deg sjølv. Elles…

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde er KI-generert

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar