Derimot: Lekkete lydopptak fra tyske offiserer.Det er mange rotne egg i den avslørte offiser-samtalen. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Den tysk/amerikanske strategiske djubden – eit klovneshow

av Pepe Escobar

for Strategic Culture den 15. mars, 2024

Sagaen om Bundeswehr-offiserane sitt komplott for å sprenge Kertsj-brua med Taurus-missil og sleppe unna med det, er slett ikkje ferdigskriven.

President Putin unngjekk ikkje å ta saka opp då han vart intervjua av Dmitry Kiselev for Russia 1/RIA Novosti:

«Dei fantaserer, oppmuntrar kvarandre, først og fremst. For det andre prøver dei å skremme oss. Når det gjeld Forbundsrepublikken Tyskland, er der grunnlovsmessige problem. Dei seier korrekt: viss desse Taurus’ane råkar den delen av Krim-brua, som sjølvsagt er russisk territorium sjølv i deira tankeverd, så er det eit brot på grunnlova til Forbundsrepublikken Tyskland.»

Likevel blir det meir og meir besynderleg.

Då transkripsjonen av Taurus-lekkasjen  vart publisert av RT, kunne alle høyre at brigadegeneral Frank Gräfe – sjef for operasjonane til det tyske luftvåpenet – snakka med oberstløytnant Fenske frå tyske Space Command Air Operations om planen om å bruke Taurus-system i Ukraina.

Eit nøkkelpoeng er at under renkespelet sitt nemner desse to at planar allereie «for fire månadar sidan» vart diskuterte med «Schneider», etterfølgaren til «Wilsbach».

Kevin Bruce Schneider er en general fra United States Air Force som har tjent som sjef for Pacific Air Forces siden 2024.

Vel, dette er tyske namn, sjølvsagt. Derfor gjekk det ikkje opp for nokon at (Kevin) Schneider og (Kenneth) Wilsbach kunne i staden vere … amerikanarar.

Men det vekte interessa til den tyske undersøkande journalisten Dirk Pohlmann – som eg hadde gleden av å møte i Berlin for fleire år sidan – og hans medundersøkar Tobias Augenbraun.

Dei fann ut at dei tysklydande namna identiffiserte amerikanarar. Og ikkje berre det: ingen ringare enn den tidlegare og den noverande sjefen [Commanders] for Stillehavsluftstyrken til USA, U.S. Pacific Air Forces.

Ekstra tullete blir det når det blir klart at Leverpølsekanslar Scholz og hans Totalenkrieg-minister Pistorius fekk vite om Taurus-planen for ikkje mindre enn fire månadar sidan.

Så her har vi tydelegvis ei soleklar sak der toppoffiserar i det tyske militæret tar imot direkte ordrar om eit angrep på Krim – del av Den russiske føderajsonen – direkte frå amerikanske offiserar i USAs stillehavsflyvåpen.

Berre det i seg sjølv opnar mappa til eit breitt spektrum – alt frå landssvik (mot Tyskland) til  casus belli (sett frå Russland sin synsstad).

Sjølvsagt blir ikkje noko av dette diskutert i dei tyske mainstream-media.

For det einaste som ser ut til å uroe brigadegeneral Gräfe litt, er sjansen for at dei tyske media kan byrje å seriøst snoke i «The three stooges-metodane» til Bundeswehr.

Dei einaste som faktisk gjorde ei skikkeleg gransking, var Pohlmann og Augenbaun.

Det ville ha vore for mykje å forvente av tyske medium av typen Bild at dei skulle analysere korleis russarane kunne kome til å respondere på Stooge-gjengen sine kjeltringstrekar mot Krim: katastrofale represaliar mot eigedom som tilhøyrer Berlin.

Det er så kaldt i Alaska

Under den muntre Bundeswehr-samtalen vart det nemnd endå ein «plan»:

«Nei, nei. Eg meiner den andre saka.» Så: «Ehm … meiner du Alaska no?»

Endå meir juicy blir det når ein veit at offiser Florstedt, ved tyske Space Command Air Operations Centre, skal møte ingen ringare enn Schneider neste tysdag, den 19. mars, i Alaska.

Og Gräfe vil også «måtte dra tilbake til Alaska» for å forklare alt på nytt til Schneider sidan han er «ny» i posten.

Så spørsmålet er: Korfor Alaska?

Inn kjem amerikansk skuggespel på ein god del «aktivitetar» i Alaska – som tilfeldigvis vedrører ingen annan enn Kina.

Og det er meir: under samtalen dukkar det opp endå ein «plan» («Auftrag», oppdrag), med eit (utydeleg uttalt) kodenamn som høyrest ut som «Kumalatra». Det alt dette fortel oss, er at Crash Test Dummy-administrasjonen i Det kvite hus, CIA og Pentagon i desperasjon verkar vedde på Total Krig på Novorossias svarte jord.

William Burns

Og no seier dei det rett ut, utan skuggespel, rett frå CIA-sjefen, William Burns, som tydelegvis er elendig på hemmeleghald. Dette fortalde Burns medlemmane av U.S. Senate Intelligence Committee tidlegare denne veka:

«Eg trur at utan tilleggsassistanse i 2024 vil ein få sjå fleire Avdijevka’ar, og dét – ser det for meg ut som – ville vere eit massivt og historisk feiltak for USA.»

Det viser tydeleg kor kraftig inntrykk Avdijevka-traumet har gjort på psyken til USAs etterretningsapparat.

Men det er framleis meir: «Med tilleggsassistanse kan Ukraina halde sine eigne på frontlinjene gjennom 2024 og inn i 2025. Ukraina kan halde fram med å påføre Russland kostnadar, ikkje berre med angrep djupt inne på Krim, men også mot den russiske Svartehavsflåten.»

Krim. Igjen.

Burns trur faktisk på at den kolossale nye «hjelpe»-pakken på 60 milliardar dollar, som må godkjennast av U.S. Congress, vil gjere Kiev i stand til å starte ein «offensiv» innan utgangen av 2024. Det einaste han har rett i, er at dersom det ikkje blir nokon ny pakke, så vil det bli «betydelege territoriale tap for Ukraina i år.»

Burns er kanskje ikkje den lysaste pæra i – etterretnings- – rommet. For mange år sidan var han diplomat/CIA-agent i Moskva, og han ser ikkje ut til å ha lært noko. Bortsett frå å sleppe ein haug med kattar og kattungar ut av sekken. Ikkje berre om angrep på Krim. Denne er spesielt fornøyeleg lesnad i Beijing:

«USA forsyner Ukraina med assistanse delvis fordi slike aktivitetar hjelper til med å halde Kina tilbake».

Burns sikra seg Katta-ut-av-sekken-Oscarstatuetten då han sa:

«viss nokon ser at vi sluttar å støtte Ukraina, så vil det ikkje berre gi næring til tvil blant våre allierte og partnarar i Indo-Stillehavet, men det vil og oppmuntre ambisjonane til leiarskapet i Kina i framtidige hendingar som strekk seg frå Taiwan til Sørkinahavet.»

Den makelause Andrei Martyanov summerte perfekt opp den sjokkerande inkompetansen, pepra med glorete eksepsjonalisme, som gjennomsyrer denne førestillinga til Burns.

Det finst ting som «dei ikkje kan forstå på grunn av eit lågt nivå på utdanning og kultur. Dette er eit nytt paradigme for dei – dei har alle tatt ‘utdanninga’ ‘strategiske studiar’ ved skulen for ‘grisebanking av forsvarslause nasjonar’, og med Vestens nivå på økonomisk ‘vitskap’, kan dei ikkje forstå korleis alt dette utspeler seg.»

Har de gjort hjemmeleksa si og analysert Russlands militære potensiale? Eller har de bare stolt på sin egen propaganda som har sagt at: «Russland er en bensinstasjon kamuflert som et land.»

Så då er det berre panikken att, som uttrykt av Burns i Senatet, blanda med den impotente forstanden på ein «forskjellig krigarkultur» som Russlands: «Dei rett og slett manglar referansepunkt.»

Og likevel velger dei krig, som Rostislav Ishchenko så meisterleg analyserer det.

Sjølv etter at CIA og 17 andre US-amerikanske etterretningsbyrå, i ein report lagt fram for Kongressen tidlegare denne veka, har konkludert med at Russland «nesten sikkert» søker å unngå ein direkte militær konflikt med NATO, og vil kalibrere sin politikk for å styre unna ein global krig.

Når alt kjem til alt, handlar Kaos-imperiet berre om Evige Krigar. Og vi står alle midt oppe i ein gjer-eller-døy-affære. Imperiet har rett og slett ikkje råd til den astronomiske audmjukinga av NATO i Novorossia.

Framleis er alle «planane» – av typen Taurus på Krim – ein bløff. Russland vart merksam på bløff etter bløff. Alle Vestens kort ligg no opne på bordet. Det einaste spørsmålet er når, og kor raskt, vil Russland avsløre bløffen.

Omsett av Monica Sortland. Noko avkorta.

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar