Derimot: Lederen for Hizbollah, Nasrallah, var ingen terrorist. Han hadde nettopp akseptert USAs våpenhvileforslag da Israel drepte han. – Derimot
derimot.no:
Mordet på Hassan Nasrallah
Generalsekretæren til Hizbollah, Hassan Nasrallah, vart myrda den 28. september, 2024, på dagen femtifire år etter at Gamal Abdel Nasser, presidenten av Den sameinte arabiske republikken (Egypt) døydde brått.
Referansen til Nasser er ikkje tilfeldig: han døydde (offisielt av eit hjarteproblem) rett etter at han hadde avvist USAs utanriksminister William P. Rogers sitt utkast til ein plan for arabisk-israelsk fred og førebudde å stille sin tredje visepresident, Anwar Sadat, for riksrett. Hassan Nasrallah vart eliminert medan han kjempa for uavhengigheit for Palestina og stilte seg kritisk til målsetningane til nokre av kumpanane sine. Hassan Nasrallah hadde nett akseptert USA/Frankrike sin våpenkvileplan, men hadde berre rokke å informere Washington og Paris om det, ikkje å kome med ei offentleg kunngjering. Libanons utanriksminister Abdallah Bou Habib fortalde CNNs Christiane Amanpour den 2. oktober: «Han [Nasrallah] har akseptert [det U.S.-franske forslaget om ei våpenkvile på 21 dagar], han har akseptert … Vi kunne ikkje vore meir einige. Libanon gjekk med på ei våpenkvile etter å ha konsultert Hizbollah. Speaker of the House Nabih Berri konsulterte Hizbollah, og vi informerte amerikanarane og franskmennene om kva som hadde skjedd. Og dei fortalde oss at hr. Benjamin Netanyahu også gjekk med på forslaget til dei to presidentane (Biden og Macron).» Det kvite hus’ seniorrådgivar Amos Hochstein budde seg då på å reise til Libanon, men Hassan Nasrallah vart drepen før han kunne nå Beirut.
Hassan Nasrallah var ein Sayyed, dvs. han var ein direkte etterkomar av profeten Mohamed. Han hadde kallenamnet «Said al-Muqawama» (herr Resistans), på grunn av sin standhaftige kamp mot den israelske okkupasjonen av Palestina, Libanon og Syria. Hans død vekte kjensler ikkje berre i Libanon, Syria og Iran, men over heile den muslimske verda, særleg den arabiske verda.
I motsetning til andre sjia-leiarar, talte han til alle og viste aldri til religion når han talte til ikkje-muslimar. Sjølv om han var ein andeleg leiar, forsvarte han visjonen om ein sekulær stat.


Under hans kommando vart Hizbollah den mektigaste folkearméen i verda. Dei fekk pengestøtte først frå Syria, deretter frå Iran, og bygde gradvis opp sitt eige finansieringsnettverk rundt om i verda, spesielt i Afrika. Dei hadde gigantiske våpenlager som hovudsakleg kom frå Iran. Hizbollah hadde blitt Libanon sin hovudforsvarsstyrke, i ein slik grad at landets regulære armé bad dei halde vakt ved den libanesiske grensa, noko som frå Israels synspunkt braut mot FNs sikkerheitsråds resolusjon 1701 om permanent våpenkvile etter 2006-krigen.
Tvert imot Vestens syn på aktivitetane deira, har Hizbollah aldri utført terroroperasjonar i utlandet (verken i Argentina eller Bulgaria). Dei har heller ikkje brukt våpena sine mot andre libanesiske politiske parti (2008-operasjonen var berre mot bygg brukt av NATO og Israel, ikkje dei som Hariri-familien brukte.
Sidan det libanesiske politiske systemet knyter val til religiøs tilslutning, kunne ikkje Hassan Nasrallah vere kandidat til president-stillinga i Libanon. Men viss Libanon hadde vald sin president etter prinsippet «éin mann, éi røyst», så ville han ha blitt vald med stort fleirtal.
Hizbollah har gradvis bota på slikt staten har forsømt, enten det gjeld vegar, helse eller utdanning.
Hassan Nasrallah hadde dratt saman med den iranske utsendingen Abbas Nilforoushan til Hizbollahs hovudkvarter i Haret Hreik (sør for Beirut) for eit møte med 22 kommandantar, inkludert Ali Karaki som ville klage på at Iran nekta støtte, who wished to complain about Iran’s refusal of support (cf. VIN 2016). Ein moldvarp varsla Mossad. Benyamin Netanyahu gav, frå hotellrommet sitt i New York, instruksar om å drepe han og starte Operasjon Ny regional orden. Han avbraut opphaldet sitt i USA og returnerte til Israel. Sayyed’en døydde saman med livvaktene sine i eksplosjonen frå israelske bomber.
Utdrag frå Voltaire International Newsletter nr. 102, 4. oktober -24 (https://news.voltairenet.org/IMG/pdf/20241004_voltaire_102_en_3za.pdf)
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica.art
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst