Derimot: Larry Johnson intervjues: Nederlaget i Bakhmut er en Nato-gris som ikke kan forskønnes med all verdens leppestift.
derimot.no:
JUDGE NAPOLITANO og eg diskuterer følgene av Bakhmut, og eg oppdagar korfor CIA er i trøbbel.
23. mai 2023 av Larry Johnson
Judge Napolitano kom seg trygt fram til Sveits, og takka vere mirakelet internett kunne han gjennomføre showet sitt som planlagt. Vi diskuterte Bakhmut og det ukrainske raidet mot Russlands grense nær Belgorod. Vesten prøver desperat å unngå meiningsfulle diskusjonar eller vurderingar av Slaget om Bakhmut, fordi det vart eit massivt tap. Tenk på det – ein liten, «privat», paramilitær styrke, støtta av ein tidlegare kokk utan militær erfaring, tvinga Ukrainas NATO-trente og -forsynte armé til tilbaketrekking.
Dette er eit veldig viktig poeng. Konvensjonell militær doktrine stipulerer at ein armé som angrip ein godt forskansa styrke, vil trenge minst tre gongar fleire soldatar enn den forsvarande styrken har.. Ser ut som Russland er veldig ukonvensjonell. Wagner-gruppas 32 000 krigarar slo ein ukrainsk styrke på over 120 000, og forårsaka 70% såra og drepne. Russland skriv nye kapittel for militærakademi og krigshøgskular om korleis ein skal angripe og slå ein talmessig overlegen styrke som har forskansa seg i skyttargraver og andre forsvarsverk. Russland kjempa ikkje mot afghanske sauegjetarar eller irakiske stammefolk med AK-47’ar. Dei kjempa mot ein NATO-proksystyrke som var utstyrt med moderne våpen, og dei slo den. Det finst ikkje nok leppestift i heile verda til å sminke denne grisen og få han til å sjå fin ut.
Etter at eg vart intervjua av godaste Judge, prata eg med ein pensjonert CIA-kompis som fortalde meg om personalkrisa som omdannar CIA til ein heilt ’woke’ institusjon. For tretti år sidan måtte jobbsøkarar ta løgndetektortest og narkotest. Tidlegare bruk av marijuana eller andre rekreasjonelle droger kunne stoppe showet. Det var den gong. No? CIA spør berre om søkaren har røyka pot eller tatt andre ulovlege stoff det siste året før jobbsøknaden. Det hadde ikkje overraska meg å oppdage at tidlegare stoffbrukarar heldt fram med sine løynde lyster (forhåpentlegvis medan dei ikkje er på jobb).
Meir urovekkande er tilsettingspraksisen dei no brukar – i ein nyleg klasse for nye analytikarar kom 92% av dei frå same staten. Om du gjetta Alabama eller Virginia, gjetta du feil. 92% av analytikarane kom frå ein av USAs mest liberale statar. Byråets tilsettingsstandard inviterer Woke-gjengen og skyr menn og kvinner som praktiserer tradisjonelle verdiar. Viss du har Konservative verdiar, treng du ikkje søke. Du vil sannsynlegvis ikkje bli tatt inn.
Eg har tidlegare skrive om presset som CIA-sjefar møter når dei skriv si årlege evaluering av sine tilsette. Vurderinga speler ei nøkkelrolle ved avgjerder om kven som skal forfremjast. Viss ein tilsett som er ein minoritet eller ope homoseksuell eller transkjønna ikkje blir forfremja, så lyt sjefen skrive ei forklaring på korfor denne personen ikkje vart forfremja. Gjett kva som skjer? Folk blir forfremja på grunn av sin sosiale status, i staden for for kvaliteten på jobben dei gjer. Er det rart at kvaliteten på det CIA-analytiske produktet bukkar under for politisk press?
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica