Derimot: Langsomt går det opp for noen i vest: Kolonitiden er over, vestens hegemoni forsvinner og en ny verden vokser frem. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Vi gjengir denne vurderingen fra Andrei Martyanovs blog. Han gjengir han noen vurderinger fra to vestlig orienterte analytikere. Det fremgår av det han forteller at virkeligheten, den faktiske verden, langsomt begynner å sige inn hos noen nå. Saken er i korte trekk at USA er den eneste av de tre supermaktene som er på en fallende kurs.

Landet sliter med økonomien, produktiviteten, sitt militærvesen (de har utdaterte militære enheter, særlig hangarskips-gruppeme) og risikerer å gå i oppløsning ifølge Martyanov. Krigen i Ukraina avdekker også vestens store militære og politiske svakheter til tross for en kolossal oppblåst retorikk som skal brukes for å holde opinionen på plass og moralen på topp.

Som vi har skrevet tidligere er Andrei Martyanov en militærpolitisk analytiker bosatt i California og han har gitt ut tre bøker om hvordan styrkeforholdet i verden nå endrer seg veldig raskt. Han har en sjømilitær utdanning fra Sovjetunionen og tjenestegjort i Kaspiflåten.

Knut Lindtner
Redaktør

Gryande forståing

Andrei Martyanov’s Blog, 8. april, 2024

Mike Krupa sende meg dette interessante dokumentet frå Polish American Strategic Initiative. Tittelen på dokumentet er: Open Letter against Poland’s military engagement in Ukraine. Her er nesten heile brevet:

Mange i det polsk-amerikanske samfunnet har ei sterk tru på at NATO bør forbli ein forsvarsallianse og ikkje eit instrument for dei uhemma geopolitiske ambisjonane til organisasjonens mest dominante medlemmar. Polen må ikkje finne seg i å bli dradd med eller tvinga inn i militæroperasjonar utanfor polske grenser, med mindre dei blir angripne. Korleis ting vil utvikle seg framover, er ikkje lett å føresjå, og det er heller ikkje forutbestemt. Men det er klart at dei framtidige politiske og militære avgjerdene til Den russiske føderasjonen vil avhenge av gjerningane til motstandarane deira. Ein må gå utifrå at eskalatorisk åtferd vil bli møtt med eskalatoriske reaksjonar. Russland si faste tru på at landet står overfor ein eksistensiell trussel, og deira tydeleg signaliserte avgjerd om å sette alle krefter inn i konflikten, lyt ein ta seriøst og tenke seg om før ein tar eskalerande steg.

Konsekvensane av konflikteskalering, slik nokre europeiske leiarar argumenterer for, kan føre til svært tragiske utfall i Polen og globalt. Vi ber polske politikarar innstendig om å halde seg unna offensive retoriske overdrivingar og tomme truslar som diverre indikerer ei manglande evne til å realistisk vurdere Polens kapasitet i ein situasjon med faktisk militær konfrontasjon. Polsk-amerikanarar står klare for å støtte og assistere president Duda og statsminister Tusk når dei samarbeider om å styrke og oppretthalde Polens avskrekkingskapasitet, men er og blir stenhardt imot å involvere Polen djupare i ein krig som ikkje kan vinnast, og som til sjuande og sist vil føre til at Polen blir øydelagt. Vi appellerer til Polens leiarar om at dei må stille seg på sida til dei europeiske leiarane som ber om ei fredeleg løysing på krigen.

Fornuftig og vist brev, vil eg seie. Kjem med eit anna merkeleg dokument frå nokre folk i Storbritannia som innser at:

Storbritannia står i dag som ei ‘off-shore’ mellomstor makt i ei verd som er i rask endring. Utfordringane og trendane som formar landets framtidige velstand og sikkerheit er av langvarig art. Vår tilnærming til internasjonale spørsmål har eit overhengande behov for fornying, slik at den kan gjenspegle desse realitetane og forme vår framtidige plass i verda.

Korrekt. Dei krev at ein effektivt oppløyser utanriksdepartementet, som lever i ei fantasiverd av britisk «stordom», og rekonstruerer det på nytt. Dei krev og at Storbritannia skal fokusere meir på multilateralisme når dei forhandlar med like mellomstore makter som til dømes Japan. Men dei bruker det same fiktive økonomiske omkvedet, t.d. nominelt BNP, og dét diskrediterer fullstendig alle vidare analysar (som forventa frå britiske «vitskapsfolk»).

Men … men, innrømmer dei i det minste, Storbritannia er ikkje Eliteserien, vi er i beste fall førstedivisjon, i verste fall ligaen under denne. Men, hey, framsteg er framsteg, eller?

Eg vil gjenta: det er berre tre supermakter i verda: USA, Kina og Russland. India er på veg opp, men har enno ein lang veg å gå. Dynamikken mellom desse tre er ganske openlys. USA abdiserer, Russland og Kina stig opp. Mykje vil bli avdekka i november 2024. Viss Demokratane vinn, er det over for USA, same korleis den politiske dynamikken er, for USA er no bankerott. Einaste stridspunkt er om landet smuldrar fullstendig opp eller får ei relativt mjuk og ublodig landing, midt oppe i dei siste førebuingane til gravferda for US Dollar.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Charlotte Harrison

https://smoothiex12.blogspot.com/2024/04/dawning-realization.html

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar