Derimot: Kursk offensiven fullstendig mislykket. Det våpenet Ukraina har igjen er terrorvirksomhet. – Derimot

derimot.no:

Ukraina – CIA/MI6-sjefar pressar på for ny terror-kampanje mot Russland

Moon of Alabama, b, 8. september, 2024

Offentlege tenestemenn i USA innrømmer no at Ukraina ikkje på nokon måte kan vinne krigen. Den erkjenninga burde jo ha ført til ei endring i politikken, men USA er tom for idéar. Dei vil i staden halde fram med å presse det nedtrampa Ukraina vidare langs den hedonistiske vegen.

Her er forsvarsminister Lloyd Austin:

USAs forsvarsminister Lloyd Austin åtvara fredag om at Ukraina heilt manglar kapasitet til å snu krigen i Ukraina i Kyivs favør etter at president Volodymyr Zelenskiy innstendig bad Vesten tillate styrkane hans å bruke langt-rekkande våpen til å angripe Russland med. …
«Det finst ikkje ein einaste kapasitet som i seg sjølv vil vere avgjerande i denne kampanjen,» fortalde Austin reporterar på slutten av møtet.

Der er ingen supre våpen igjen på hyllene som kunne ha endra bildet. Alt som kunne brukast, har blitt brukt og har feila. Kursk-offensiven var det siste, kortliva forsøket på å endre bildet. Men det greidde å skape nokre illusjonar …

The War in Ukraine Is Already Over—Russia Just Doesn’t Know it Yet – Reason (Krigen i Ukraina er allereie over – Russland veit det berre ikkje enno)

«Ein rapport frå front-linja i Kursk-offensiven avslører at i kampen for hjarte og sinn overgår Ukrainas rådsnarheit Russlands smuldrande moral. Det signaliserer ein uunngåeleg konklusjon.

… berre for snart å bli innhenta av realitetane:

Outgunned and outnumbered, Ukraine’s military is struggling with low morale and desertion – CNN

Kursk-offensiven har slått feil.

Alt er brent opp. Nå er det tomt. (Bildet er KI-generert)

I oppsummeringa av førre vekes kampar, lagt fram av det russiske forsvarsdepartementet, er det lista opp totalt 142 ukrainske pansra kampkøyrety som øydelagde eller skadde i løpet av veka. Av desse vart heile 112 tatt i Kursk-regionen. Langs den mykje breiare frontlinja i austre Ukraina tapte Ukraina berre 30 panserkøyrety. Det ukrainske militæret hadde samla bortimot alle dei siste panserkøyretya sine og dytta dei inn i Kursk-streiftoget. Denne siste panserknyttneven dei hadde att, er no borte, og det er usannsynleg at den vil bli erstatta.

Når no panserkøyrety blir ein raritet, kva er det meint at dei ukrainske troppane skal bruke for utstyr til å halde linjene? Alt Ukraina har att å bruke, er ein terrorkampanje mot Russland.

Som ambassadør Bhadrakumar observerer:

«Putin sa med roleg sjølvtillit at Zelensky «oppnådde ingenting» med Kursk-offensiven. Dei russiske styrkane har stabilisert situasjonen i Kursk og byrja presse fienden bort frå grenseområda, samtidig som Donbas-offensiven «lenge har gjort imponerande territoriale framsteg». Når ein ser tilbake på det, viste Zelensky sin Kursk-offensiv seg å vere ein 

gigantisk tabbe, som har tatt krigen til eit vendepunkt i Russlands favør.

I denne samanhengen viser den uvanlege, 

for første gong felles, artikkelen av spionsjefane til CIA og MI6 , som Financial Times publiserte på laurdag, at den anglo-amerikanske strategien, under ordspel og overdrivingar, er ein cul-de-sac [blindveg]. 

Bill Burns og Richard Moore kan ikkje ein gong få seg til å formulere kva måla til Biden er, sjølv om dei innrømmer at «å halde kursen er viktigare enn nokon gong».

Burns og Moore hinta om at hemmelege (terrorist-) operasjonar av Ukrainas militæretterretningssjef Krylo Budanov, er den moglegheita som no gjenstår i proksykrigen. For eit Shakespearsk fall for ei supermakt!»

FT sin Burns/Moore-artikkel (arkivert):

«Å halde kursen er viktigare enn nokon gong. Putin vil ikkje lykkast i å utrydde Ukrainas suverenitet og uavhengigheit. Gjerningane til Russland er eit openbert brot på FN-pakta og globale normer. Vi vil halde fram med å hjelpe våre djerve, resolutte ukrainske etterretningspartnarar. Vi er stolte av å gjere det, og reiser oss i respekt for Ukrainas motstandskraft, innovasjon og elan.»

Alt dei «djerve, resolutte ukrainske etterretningspartnarane» så langt har lagt på bordet, er destruktive terrorangrep mot russiske individ, folkesenter og infrastruktur.

Det einaste desse angrepa har oppnådd, er å auke det russiske folket sin vilje til å vinne krigen så snart som mogleg.

Posta av b den 8. september, 2024 kl 12:54 UTC | Permalink

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...