Derimot: Krigen startet allerede i 2014.Krigen sett fra en russisk obervatør.

Derimot.no

derimot.no:

Den kjedelege krigen

ISRAEL SHAMIR 

Israel Shamir er en forfatter og journalist.  Han er russisk-israelsk kristen med jødisk bakgrunn.Bøkene hans er oversatt til mange språk.  

Krigen var for det meste kjedeleg, med lite rørsle. Skyttergravskrig som under Første verdskrig. Den store feilen skjedde i starten, då Russland prøvde å ta eit land på 40 millionar med nokre få soldatar. Sjefen for russisk etterretning, herr Narysjkin, innrømte nyleg at Russland ikkje hadde nokon påliteleg etterretning om Ukraina. I mange år, sidan 1991, har den russiske etterretningstenesta ikkje følgd med på utviklinga i Ukraina. Så Russland gjekk til krig, med håp om at ukrainarane ville helse soldatane deira velkomne med blomar. Det enda med ei stor tilbaketrekking for dei russiske soldatane. Putin trudde han kunne få til ein avtale med Kiev, men det har vist seg at at Ukraina signerer avtalar den eine dagen og bryt dei den neste. Så det heldt fram, til den russiske arméen eit halvt år seinare starta å mobilisere reservane sine.

Ikkje alt var gale: Russland hadde gode og dårlege dagar i kampen mot Ukraina. Ein god dag var det då dei erobra Mariupol ved kysten av Azov-havet. Ein dårleg dag då dei trekte seg tilbake frå Kharkov. Tåpelege erfaringar var kornavtalen og tilbaketrekkinga frå Slangeøya. Problematisk var det då marinesoldatar frå USA og/eller Storbritannia eksploderte gassrøyrleidningane og då Darja Dugina vart myrda. Ein augneblink av sanning er den noverande kritikken av arméens kommandantar, inkludert anmodningar om at forsvarsministeren burde skyte seg. Folk er misnøgde med måten den russiske arméen agerer på. Eksplosjonen på Krim-brua har gjort denne kjensla akutt.

Sergey Surovikin - Wikipedia
Sergei Vladimirovich Surovikin

Og på dette tidspunktet kalla Putin general Surovikin inn for å ta kommandoen i krigen i Ukraina. Surovikin er ein populær general som kommanderte under den syriske operasjonen, og han har fått kallenamnet «General Ragnarok» av openberre grunnar. Og gen. Ragnarok gjorde som folk ville: han fyrte av dusintals kryssarrakettar mot ukrainske byar. Kiev har blitt angripe for første gong; elektrisiteten vart slått ut mange stadar, inkludert i Kharkov. Fram til no hadde Putin handsama den ukrainske infrastrukturen som om den hadde vore hans eigen. No har det forandra seg. Éin ting er som før: russarane prøver å spare dei sivile, i motsetning til det ukrainske militæret som ikkje har noko imot å drepe sivile.

Krigen starta fordi ukrainarane sidan kuppet i 2014 har drive og bomba Donbas, eit hovudsakleg russisk-befolka område sør-aust i landet. Putin prøvde å løyse konflikten med Minsk-avtalen, som lova eit autonomt Donbas innanfor eit føderalt Ukraina. Ukrainarane signerte Minsk-avtalen, men hadde ingen intensjon om å gi akt på innhaldet i avtalen. Dei drap tusentals menneske frå Donbas, hovudsakleg ved å bombe butikkane, skulane og sjølv gatene deira. Nasjonalistane i Azov-bataljonen var spesielt blodtørstige mot Donbas-folket. Då russiske troppar kom for å hjelpe Donbas i februar i år, trekte Azov-krigarane seg tilbake til dei svære underjordiske holene under stålverket i Mariupol.

Men dei overgav seg raskt nok: å vere innestengde i holer er ikkje mykje kjekt, sjølv om dei hadde mat og vatn. Rundt to tusen krigarar overgav seg til fangenskap. Folka i Donbas hadde lyst til å sende dei til ein folkedomstol saman med utlandske leigesoldatar. Men Moskva overstyrte dei, og fangane vart utveksla mot russiske krigsfangar og, irriterande nok, ein opposisjonspolitikar. Nokre av Azov-krigsfangane vart drepne i krigsfangeleiren av bomber frå Kiev: dei hadde visstnok byrja avsløre skadelege sanningar om aksjonane sine. Dei utveksla Azov-krigarane vart frakta av ein oligark, den russiske jøden Roman Abramovitsj, i hans private jetfly til Dei foreinte arabiske emiratane. Også dette irriterte mange som heller ville ha sett dei stilte for retten.

Dei patriotiske russarane likte dårleg den måten krigen vart ført på. Dei meinte dei russiske kommandantane var for milde mot Ukraina medan ukrainarane heldt fram med å bombe Donbas. Russiske skribentar og kunstnarar støtta ofte Ukraina.  I Moskav vart det samla inn pengar til Ukraina, ikkje til den russiske arméen. No har General Ragnarok sin blitz endra denne kjensla, en framleis har Ukraina mange støttespelarar i pro-Vestlege sirklar i Russland. Det kjem nok ikkje til å endre seg med det første: 30 år med pro-Vestleg politikk kan ikkje gjerast om på ein augneblink. Frustrasjonen var høg, for Donbas vart bomba, men Kiev var uskadd.

Det verkar som om Putin vik unna ubehagelege aspekt i kampanjen sin: han håpar enno på positive endringar etter valet i USA, og beheld Den tredje verda på si side. Tida vil vise om dette er eit fornuftig håp. Dei Vestlege hovudstraumsmedia tar alltid Ukraina si side, drepne russarar blir presenterte som offer for russisk etnisk utreinsking, slik som i Butsja og Izium. Kornavtalen vart slutta berre fordi media skreik om sveltande Afrika. Det var ein flopp: berre 2% av kveiten gjekk til fattige land, medan resten gjekk til EU. Russarane gav også bort Slangeøya, ein perfekt base til å starte ein landingsoperasjon i Odessa frå.

USA frakter gass til EU på slike skip

Den ukrainske eliten mottar mykje pengar, og kontaktar i høge posisjonar og verdsetting. Fru Zelesky vart oppvarta av H.K.H. Prinsessa av Wales. Dei kjem ikkje til å like freden og å bli overlatne til obskuriteten. Kva Putin ønsker, er ganske irrelevant no som Ukrainas storkundar er USA/Storbritannia, og dei tener på krigen. Krigen er betalt av Europa; USA får profitten. No sel USA flytande gass for fire gongar den russiske prisen, og europearane betaler.

Visst er det dyrt for det ukrainske folket; dei lir under russiske missilar. Men USA bryr seg ikkje. For déi er det profitabelt. Tysk industri vil sannsynlegvis gå dukken: endå betre for USA. Dei håpar dei vil flytte produksjonen til USA.

Det rår ikkje tvil om at dei russiske røyrleidningane vart kutta over av US-amerikansk/britisk sabotasje. Russiske kjelder namngir til og med personen som gjorde det (løytnant Chris Bianchi). No har vi fått vite at NATO prøvde å bombe gassrøyrleidningane i 2015 for første gong, men dei vart gripne. Først no har det blitt kjent. Dessverre vil ikkje Sverige gi russarane tilgang til åstaden for eksplosjonen; heller ikkje vil dei dele resultata av etterforskinga si. Terroristane gjorde ein rotete jobb: dei let éi røyrleidninga stå urørd, slik at russarane og tyskarane kan starte å pumpe gass med det same, om den politiske viljen finst. Men det er uklart om tyskarane har nokon politisk vilje utanom å vere konforme med omsyn til USA sine ønskemål.

USAs Krigsparti er veldig sterkt, og russarane har ingen sjanse til å slå dei. Men det betyr ikkje at ein atomkrig er uunngåeleg. Verken USA eller Den russiske føderasjonens presidentar ønsker det. Sannsynlegvis vil den konvensjonelle krigen halde fram utan at ein kryssar den kjernefysiske terskelen. Fredsavtalen vil antakeleg kome til kort for ønska til begge sidene, men russarane vil ikkje inngå ein ny Minsk-avtale berre for å bli misbrukt av Kiev.

Minsk 2 avtalen som Ukraine og Tyskland /Frankrike ikke fulgte opp

Russland og sanksjonar

Hovudvåpenet til USA/EU mot Russland er sanksjonar og Jernteppet. Medan sanksjonane berre har laga ein liten bulk på det russiske samfunnet, så er det ikkje slik for Jernteppet. Det er smertefullt og irriterande. Under dei siste 30 åra har russarane blitt vande med å reise til Europa. No lyt dei endre vanane sine. Visst kan dei reise til Tyrkia og Israel, til India og Latin-Amerika, men Europa var nært og venleg. No er det vanskeleg å nå: vanlegvis går det via fly til Istanbul, men det er mykje dyrare. Det er særleg smerteleg for rike russarar: dei hadde gjerne helgeturar til Paris og London; ikkje no lenger.

Sanksjonar er sikkert forstyrrande for forretningsmenn, men vanlege folk merkar mindre til dei i Russland enn i Europa. Kjøtet er godt og i rikelege mengder; gassen er billig; teateret er godt og billig. Heile Nibelungenringen (opera i fire ekstra lange delar) kan høyrast for hundre dollar.

Inflasjon er det i Russland som alle andre stadar. Men der er ingen grøn galskap, eller kjønnsvanvit. Der er ingen patriotisk undervisning eller synging. Russland er ganske progressive, men ikkje for mykje. Kyrkjene er opne og fulle av tilbedarar. Livet er faktisk normalt. Kanskje for normalt for eit land som har ei frontlinje som nett har kollapsa på grunn av soldatmangel.

25 Years Since the August Coup - The Moscow Times
Mobiliseringen ble gjennomført med noe rusk i maskineriet.

Mobiliseringa har kome for å rette opp denne mangelen. For første gong på 80 år mobiliserer russarane, og det gjekk dårleg. Frivillige vart nekta, medan sjuke og gamle vart innkalte. Mange relativt unge, pro-Vestlege folk flykta til Georgia og Israel, der dei ikkje treng visum. Men likevel vart den nødvendige mengda folk mønstra. På to månadar vil den russiske arméen ha nok soldatar til å halde frontlinja.

I mellomtida tar dei hand om terror. Eksplosjonen på Krim-brua har blitt etterforska. Det viste seg at eksplosiva var sende ut av Ukraina med eit skip tilsynelatande lasta med kveite, ifølge kveiteavtalen. Den dødelege lasta gjekk via Bulgaria og Georgia til Russland. Russiske tryggingstenester har nett arrestert ukrainarane som smugla to Igla anti-luftfartøy-missilar med utskytingsutstyr via Estland. Dei planla å skyte ned sivile fly i Russland. Estland var involvert i drapet på Darja Dugina, ei ung russisk dame, dotter av filosofen Aleksandr Dugin, i nærleiken av Moskva. Den estiske ministeren gratulerte Ukraina for terroristgjerninga på Krim-brua. Litauen prøvde å stoppe russarane tilgang til enklaven deira i aust-Preussen. Kort sagt er ikkje Ukraina aleine, og Russland har mange nøytrale sympatisørar, men få allierte.

Krigen held fram …

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Thomas Park

Redaksjonen har lagt inn bilder m/tekst.

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 13

Les artikkelen direkte på derimot.no