Derimot: Krigen er for lengst tapt. Vil USA kvitte seg med Zelensky og skape politisk kaos som Russland må overta
derimot.no:
Gonzalo Lira: er Zelensky i ferd med å bli drept av amerikanarane?
USA innser at dei har tapt krigen om Ukraina, og vil no sannsynlegvis ta livet av Zelensky for å legge skulda på russarane og isolere dei endå meir.
The Saker, 24. juli, 2022
Jake Sullivan, sjefen for National Security Council i USA og ein av marionettstyrarane bak Zelensky-regimet i Ukraina, sa på Aspen Security Forum i Colorado sist fredag at dei var svært bekymra for president Zelensky sin personlege tryggleik. Den chilensk-amerikanske forfattaren, filmregissøren og bloggaren Gonzalo Lira meiner dette er eit tydeleg teikn på at USA no er i ferd å førebu seg på å likvidere Zelensky. USA har ein bisarr vane med å projisere sine eigne vondsinna planar over på opponenten, seier Gonzalo Lira, og det er nett det som skjer no.
Problemet for USA er at russarane er i ferd med å vinne slaget om Donbas. Innan få veker vil dei ha vunne Kramatorsk, og då ligg vegen open for resten. Dette har USA forstått, og dei er no ferdige med Ukraina. Zelensky har ikkje lenger nokon verdi for dei, anna enn som daud martyr dei kan reise svære marmormonument for. Lira meiner dei sannsynlegvis vil drepe han med eit missilangrep når han har eit møte med militærleiinga si. Så får dei fjerna heile militærleiinga i landet i eitt slag. Ukraina blir då kasta ut i totalt kaos og anarki. Problemet blir soleis dumpa i fanget på russarane, som då vil måtte okkupere heile det store og tungrådde landet.
Viss russarane hadde villa ta livet av Zelensky, hadde dei gjort det for fleire månadar sidan, seier Lira. Men dei har ikkje gjort det, for det er ikkje i deira interesse. Dei vil ha han i live til å signere ein formell våpenstans-avtale. I ein situasjon der Russland får skulda for å ha myrda St. Zelensky, «martyren», vil mainstream-media sørge for at landet blir endå meir isolert frå verdssafunnet.
Sammedraget av redaksjonen
Videoen er hentet herfra.
2 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 ganger.
Post Views: 1