Derimot: Kortnyheter fra hele verden: Nyheter du ikke har hørt eller som gis en ny vinkling.
derimot.no:
Veka som gjekk
kortnytt frå Voltairenet 8. desember, 2023
Egypt avviser EU sin plan for Gaza
Under møtet i Barcelona mellom dei 43 utanriksministrane i Middelhavsunionen, stadfesta Egypts utanriksminister Sameh Shoukry at landet hans avviser alle EUs planar om å omplassere folket i Gaza. EU har føreslått å flytte dei 2 millionane innbyggarar i Gaza til ein gigantisk flyktningleir i Egypt, og deretter spreie dei rundt om i verda.
Tyrkia vil ikkje la palestinarar bli myrda på tyrkisk jord
Tyrkiske styresmakter har åtvara sine israelske motpartar mot å gjennomføre etterretningsoperasjonar på tyrkisk territorium. Mossad-direktøren, Ronen Bar, kunngjorde på radio at han førebudde å myrde Hamas-tenestemenn i Libanon, Qatar og Tyrkia.
«Nasjonar i Vesten som støttar Israel, gir dei ‘ubetinga støtte for drap på spedbarn’ og er medskuldige i brotsverka deira. Utover å bli tiltalt som krigsforbrytar, vil Netanyahu bli stilt for retten som slaktaren av Gaza,» sa president Recep Tayyip Erdogan under eit møte i Standing Committee on Economic and Commercial Cooperation of the Organization of Islamic Cooperation (COMCEC).
I motsetning til USA, ser ikkje Tyrkia på Hamas som ein terrororganisasjon, men som ei frigjeringsrørsle. «For det første er Hamas ein realitet i Palestina; dei er eit politiske parti der, som stilte til val som politisk parti og vann valet,» sa han i ei pressemelding.
OxyContin-saka
Ein føderal domstol i USA har funne Purdue Pharma skuldig i å ha forårsaka opioid-krisa ved forfalsking av resultata til medikamentet OxyContin og muting av ulike ekspertar. Eit kompensasjonsfond på $6 milliardar har blitt sett opp med middela til den bankerotte gruppa.
Ein av saksøkarane har opponert mot forliket. Ho krev at Sackler-familien, som grunnla og eigde Purdue Pharma, skal straffeforfølgast. Saka er henvist til Høgsterett.
Ifølge Forbes magazine hadde Sackler-familien ein formue på $14 milliardar i 2015. [Netflix-serien Painkiller gir eit glimrande bilde på korleis OxyContin øydela liva til folk og korleis Purdue Pharma opererte. Kan på det varmaste anbefalast! Mrk.]
Syrarar gjer opprør mot US-amerikanske okkupantar og kurdiske leigesoldatar
Dei syrisk-arabiske stammane i nord-Syria har reist seg til kamp mot ’Syrian Democratic Forces’, dvs. dei kurdiske leigesoldatane, og mot USA sine okkupasjonsstyrkar. IS-grupper slutta seg til kampane.
Ukrainas militæretterretning myrda eks-parlamentarikar i Moskva
Andriy Yusof, talsmann for Ukrainas militæretterretning, sa: «Vi kan stadfeste at [Ilya] Kyva har blitt likvidert. Ein slik lagnad vil også kome til andre forrædarar av Ukraina til del, så vel som andre tilhengarar av Putins regime. [Han var] ein av dei største bastardane, forrædarane og kollaboratørane… Hans død er berre rettferd.»
Illia Kyva var ein ukrainsk parlamentarikar som flykta frå landet sitt før den russiske spesialoperasjonen og gjekk i eksil i Moskva. Liket hans vart funne i ein park i Odintsovo, den snobbete forstaden til den russiske hovudstaden.
USA vil ikkje ha meir snakk om NATO-medlemskap for Ukraina
Ifølge Oleksiy Goncharenko, parlamentsmedlem frå Odessa, har USAs utanriksminister Antony Blinken instruert europeiske statar om å ikkje lenger snakke om eit mogleg ukrainsk NATO-medlemskap.
Rettssaka mot Benjamin Netanyahu er gjenopptatt
Strafferettssaka mot Benjamin Netanyahu (74) er tatt opp att. Han er skulda for å ha mottatt svære gåver frå rike personar til ein verdi av rundt 700 000 shekel (ca. €176 000). Desse mutene kom i form av sigarar, champagne-flasker og smykke mellom 2007 og 2016.
FNs Sikkerheitsråd ser nærare på granskinga av IS-brotsverk
Christian Ritscher, assistent for FNs generalsekretær og tidlegare statsadvokat for Forbundsrepublikken Tyskland, presenterte rapporten sin om brotsverka til IS (Den islamske staten) for FNs Tryggingsråd. Han uttrykte tvil om at det skulle vere mogleg å fullføre heile granskinga før tidsfristen går ut om under 10 månadar. Hendingar som gjenstår å granske, er ml.a. brotsverka i Mosul, øydelegginga av kulturminne, målretta folkemord på sjia-muslimske samfunn og dei som returnerte frå Hol.
Iraks representant uttrykte uro over at dei omfattande mengdene bevis som hr. Ritschers team hadde samla, ikkje hadde blitt vidareleverte til regjeringa hans.
Russlands representant, Maria Zabolotskaya, har offentleg undra seg over kva grunnen til hemmelegheitskremmeriet kan vere.
☞ FN-granskinga har pågått i 7 år allereie. Det at det innsamla bevismaterialet ikkje har blitt overført til den irakiske regjeringa, hindra Irak i å sjølv føreta arrestasjonar og stille terroristane for retten. Vidare gav denne tilnærminga IS inntrykk av at dei ville sleppe unna straff for brotsverka sine. Framfor alt, med tanke på Russland sine skuldingar mot Tyrkia, og Syria og Irak sine mot NATO, gir denne endelause granskinga inntrykk av at FN ikkje har noko ønske om å få vite sanninga.
Den 2. oktober vedda innsidarar på ein nedgang i Israels økonomi
Ifølge ein studie av Jackson, Jr., Robert J., og Mitts, Joshua, med tittelen Trading on Terror? vedda uidentifiserte investorar på Wall Street på ein kortsiktig kollaps for israelske aksjar månaden før den palestinske resistansen angreip. MSCI styrer Exchange Traded Funds. Eitt av desse fonda følger alle israelske selskap. Ein kan satse på stigning eller fall i aksjekursane.
5 dagar før angrepet vart det registrert 227 000 short-salg, samanlikna med normalt nokre få tusen om dagen [å «selge short» er ein investeringsstrategi der ein investor låner aksjar og sel dei med håp om å kjøpe dei tilbake seinare til ein lågare pris, og dermed tene på prisforskjellen, mrk.].
Under dei 20 dagane etter angrepet, tapte desse aksjane i gjennomsnitt 17,5% av verdien sin.
Ei mindre hending fann stad den 3. april, då forsvarsminister Yoav Gallant fekk sparken. Men den gongen var ikkje folk klar over at han hadde blitt avsett for å ha gjort dei andre ministrane obs på det komande Hamas-angrepet.
Investorane som tente stort på 7. oktober må nødvendigvis vere nære til dei som organiserte angrepet. [Eller som visste om det på anna vis, t.d. via overvaking, mrk.]
Eit liknande fenomen vart observert under angrepa i USA den 11. september, 2001 (9/11). Investorar vedda på at aksjane til dei involverte flyselskapa og WTC-bestyraren skulle kollapse. U.S. Securities and Exchange Commission (SEC) har identifisert desse investorane, men ikkje verken avslørt namna deira eller gått til rettslege steg.
Italia trekk seg frå Kinas ‘Silkeveg‘
Italias statsminister Giorgia Meloni har sett stopp for avtalen om å delta i Kina sitt nye silkevegsprosjekt. Avtalen vart signert i 2019 av forgjengaren hennar i Femstjernersrørsla. Italia var den einaste G7-staten som hadde denne handelsalliansen med Kina.
Representanthuset i USA blokkerer subsidiar til Israel og Ukraina
Den Republikanske majoriteten i Representanthuset avviste Biden-administrasjonens $110-milliardarspakke til Israel og Ukraina.
Den Demokratiske minoriteten, på si side, kunne ha fått fleirtal om dei hadde gått med på ei subsidiering av sikkerheita langs grensa til Mexico, noko dei nekta.
Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°65 – December 8, 2023
Utvald og omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: Florian Klauer