Derimot: Kongresstalen til Donald Trump: En helt spesiell opplevelse. – Derimot

derimot.no:

The Greatest of Small Minds. Ever.

For det store flertallet, og politikkprofessorene, går rullegardina ned bare navnet Trump nevnes.
Hans Olav Brendberg la tidligere i dag ut denne analysen av Donald Trump etter å ha analysert talen han nettopp holdt i Kongressen. Så kan vi som ikke har trekt ned rullegardina forsøke å forstå Trumps politiske suksess for å forstå politikk.

Politikus

Hans Olav Brendberg:
The Greatest of Small Minds. Ever.

Ein høyrer ikkje på Donald Trump i over ein time utan å bli prega av språket hans. Ein byrjar tenkja slik – i korte, bombastiske setningar. I enkle, klare val – val mellom rett på eine sida, gale på andre sida. Nokon må forsvara det som er rett. Det er ein jobb å gjera – og det er det heile.

Donald Trump er eit politisk fenomen, og ikkje lite av eit politisk geni. På sin måte får han bodskapen fram. Trump er ein amerikansk storskrytar – og han kan utan meir om og men hevda at den første månaden hans som president no er den mest vellukka i amerikansk historie. Ever. Men George Washington var nesten like dyktig.

Og han seier dette på den mest solide autoritet du kan tenkja deg. «They say that».

Dette er trumpsk, og det er i tillegg meir velstrukturert og planlagt enn det Trump har gjort før. Trumps tale til ein samla kongress er ein skriven tale, ein planlagt tale – men framleis ekte Trump frå start til byrjing. Den som vil forstå fenomenet Trump, bør sjå talen. Men nokre hovudliner først.

MAGA er nostalgisk. Det handlar ikkje om «Make America Great». Det handlar om å Make America Great Again. Det handlar om å gjenoppretta ein tapt gullalder. USA har dei dygdene, dei løysingane, den kulturen som trengst. Men denne skinande arven er infisert av byråkrati, framande ideologiar, ulovlege innvandrarar og andre som gjer at dagens USA ikkje fungerer slik det er tenkt – og slik det eingong gjorde. Trump artikulerer ein nostalgisk konservatisme.

Viktige partier i talen handlar om å få fram kor vanstyrt og sjukt det heile har vorte. Trump gjekk gjennom kor mange som var registrert i Social Security som var i aldersgruppene 100-109, 110-119 og so vidare – heilt opp til 160 år. Kva dette er veit eg ikkje – Elon Musk gjorde dette til nyhendesak for nokre veker sidan. Men den retoriske effekten er utvilsam: Trump teiknar biletet av eit dysfunksjonelt, korrupt system.

Det same gjer han når han går igjennom budsjettpostar for fantasifulle program i USAID sin portefølje. Når han snakkar om korleis søknader som burde vore mogleg å godkjenna på eit par veker i staden ventar i årevis – og endar opp i avslag. Det sunne, vekstkraftige USA blir halde nede av eit dysfunksjonelt, snyltande byråkrati.

Det er to heltar i Trumps forteljing – og det er nær samanheng mellom dei to: Borgaren, og nasjonen. Talen kjem innom historia til den eine etter den andre som har tent nasjonen med ære, eller vorte råka av urett frå eit dysfunksjonelt system. Alle rettrygga, amerikanske borgarar – alle klare til å stilla opp for det som er rett. Grensevakta som var innblanda i skotveksling sist sommar. Enka etter politimannen som vart drepen av ein gjengangsforbrytar. Alle gjer dei ein strålande innsats som borgarar – alle inngår i det store fellesskapet som Trump vil løfta. Den amerikanske nasjonen.

Nett som det er gjort urett mot mange borgarar, er det gjort urett mot nasjonen USA. Det er det tollkranglane med andre land handlar om – USA har opna marknaden sin for andre, medan andre møter amerikanske varer med tollsatsar og andre handelshindringar. Trump skal få slutt på denne uretten. Trump skal igjen tenna den amerikanske draumen.

Denne draumen er truga – av vanstyre som har gjort slutt på amerikansk skipsbyggjing og andre ting USA ein gong var gode på. Av korrupte og dysfunksjonelle byråkrati, og av meiningslause og tungrodde reglar og forskrifter. Av blodtørstige og kriminelle, ulovlege innvandrarar. Og av dei som kan for at USA er vanstyrt: Den forrige regjeringa. Joe Biden.

Trump er på sitt mest smålege når han i den eine setninga kjem med polemisk karikerte framstillingar av kva Biden-regjeringa har gjort. Før han i neste setning skuldar demokratane for å vera smålege som ikkje klappar for dei store resultata han har oppnådd etter berre ein månad. Men Trump er ein meister i å få både i pose og sekk – han får den smålege polemikken til å verka oppriktig. På mange måtar er det politiske geniet til Trump nært knytta til det ein mislikar mest ved mannen. Evna til å skjera igjennom der alminneleg skikk, bruk, moral eller liknande vanlegvis vil stå i vegen.

Difor er også den kollektive helten i Trumps forteljing tvitydig: Er demokratane verkelege ein del av denne sunne, vekstkraftige nasjonen som han teiknar bilete av? Eller er dei parasitter og ballast? Er det Amerika – eller er det det republikanske partiet som til sjuande og sist er nasjonen?

Det er ei valdsam kraft i denne talen frå ein politikar som no står på høgda av si makt, og som er i ferd med å gjennomføra den politiske revolusjonen han har lova veljarane sine. Dette er ein tale det er like viktig å oppleva som det er å analysera han. Det er noko djupt fascinerande med å sjå på talen, i ein Kongress der halvparten reiser seg og klappar gong etter gong – medan det demokratiske partiet er redusert til tilskodar og fiendebilete.

Trump er ikkje åndfull, ikkje spesielt vittig. Men han er intens, og han artikulerer den verda millionar av amerikanarar opplever. Han er, som eg byrja med, «the Greatest of Small Minds. Ever.»

Lagt til av Politikus:
«Great Minds Discuss Ideas. Average Minds Discuss Events. Small Minds Discuss People
Eleanor Roosevelt

Innlegget er hentet av Politikus

Forsidebilde: KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar