Derimot: Kanskje vi skulle spare litt på den? Kan oljen brukes til annet enn til drivstoff? – Derimot

derimot.no:

Svein Grødaland:
Men dei veit ikkje….

Ein del ting var bedre før. Mange trur at ting må vera slik det er, berre fordi det er slik. Me som er litt eldre enn dagens historiebøker, veit at det ikkje nødvendigvis er slik.

Ta elektrisiteten. Langt opp i moden alder (for min del) var elektrisitet ein del av infrastrukturen. Økonomien var basert på billig elektrisitet. Systemet den gongen var at ein abonnerte opp til ein viss effekt. Brukte me meir, var det me brukte for mykje ein del dyrare. Under trappa heime var dei ei lampe som lyste opp når me gjekk over grensa. Det fungerte. Då vart det skrudd av ein del ting for å få forbruket ned under grensa.

Dette var eit fantastisk system for oss. For landet.

Så kjem politikarane og lagar børs av det som var vår gullstandard. Straumen vart leketøy for grådige spekulantar, både her heime, og under slaveristaten EU. Ingen tener på det systemet me har fått. Det hjelper ikkje at det som er statsminsiter seier noko anna. Han risikerer forresten å verta erstatta med ein annan person på den stolen, ei som seier minst like mykje rart.

Ei spissformulering: Norge vart eit fattigare land då oljealderen kom. Den gongen hadde me industri. Berre i mitt nabolag produserte me syklar og motorsyklar, klede, møbler, gravemaskinar, trillebårer, landbruksmaskinar. Landbruket hadde store meieri og slakteri med mange arbeidsplasser.

På andre kantar av landet laga me radioar og TV-apparat, utsøkt krystall, store skipsverft. Det meste av dette er erstatta med importerte varer, gjerne frå Kina.

Det var ei anna tid, ei sunnare tid. Import er alltid meir kostbart totalt sett enn det me lagar sjølv. Import svekker handelsbalansen, ting for ting.

Oljealderen er ein overgang. Uansett kva som skjer av andre ting, vil oljekjeldene ein dag vera nedtappa. Tome. Det er all grunn til å spørja seg om olje kan brukast til meir enn energi, og at det bør vera ein ressurs å spara på. Det er eit reelt argument, i motsetning til klimahysteriet.

Innlegget er hentet fra Politikus

Forsidebilde: Jerome

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar