Derimot: Kan vi stole på de store nyhetsmediene? CNN endret standpunkt hele tiden under pandemien. – Derimot

derimot.no:

Innrømmer CNN at fullvaksinerte døyr av covid-19?

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Falske nyheiter-kjempa CNN går gjennom ein metamorfose når det gjeld ståstaden deira rundt Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinar». I byrjinga pusha CNN ideen om at covid-sprøyter skulle redde liva til folk, men no innrømmer nettverket at sprøytene drep folk – øh, men forresten so «tydar ikkje det at vaksinane er ineffektive», står det i ei nyleg CNN-overskrift.

26.februar 2021, på høgda av «pandemien», dekte CNN ein studie frå Storbritannia som hevda at éin enkelt dose av Pfizers mRNA (modRNA)-injeksjon var nok til å gje «sterk beskyttelse for dei som har hatt covid-19». Nokre månader seinare hevda CNN at folk som vart injiserte kunne gå trygt innandørs utan munnbind.

Eit par månader etter det igjen, køyrde CNN følgjande overskrift som motsa deira tidlegare historie fullstendig:

«CDC oppdaterer retningslinjer, tilrår av vaksinerte går med munnbind innandørs i visse område.»

Etter det informerte CNN lesarane sine om at dersom dei lytta til tidlegare retningslinjer om å bli injisert for å bli beskytta, vel, den beskyttelsen varer ikkje slik det tidlegare vart påstått. Ifølgje CNN 23.desember 2021:

«Vaksinebeskyttelse mot covid-19 blir mindre over tid, spesielt for eldre, seier CDC.» […]

Hald fram med å ta sprøyta til du døyr – slik veit du at den fungerer, seier CNN

Når det gjeld Johnson & Johnson-injeksjonen [kjent som Janssen i Noreg; oms.an.], som skil seg frå det Pfizer og Moderna tilbaud, sa CNN til lesarane og sjåarane som tok dette eingongsstikket som fyrst vart tilrådd av produsenten, at dette ikkje lenger var nok frå og med 16.oktober 2021: Janssen-sprøytemottakarar trong no ein andre dose so snart som mogleg.

Etter det gjekk Tony Fauci ut og tilrådde ein tredje dose av kva enn slags covid-injeksjon du ville ha, utifrå den tanken at du berre tok to sprøyter. Og CNN herma som ein papegøye etter Fauci sine tilrådingar som om det var eit vitskapleg faktum.

So, ikkje lenge etter det, dreiv CNN og pressa folk til å ta ein fjerde dose av covid-sprøyta, og hevda denne gongen at CDC sa at dette måtte gjerast. Med andre ord, dersom Fauci og/eller CDC seier at ein skal gjere det, so vil CNN at ein skal gjere det òg.

Alt dette toppa seg i ein CNN-artikkel 19.oktober 2021 med følgjande bisarre overskrift:

«Det at vaksinerte døyr av covid-19 tydar ikkje at vaksinane er ineffektive.»

Det er vanskeleg å seie sikkert korleis CNN slapp unna med å pushe alt dette motstridande innhaldet på nesten same tid til følgjarane sine. Er CNN-tilhengjarar schizofrene akkurat som redaksjonen til CNN tydelegvis er?

Hugs at rundt den tida CNN publiserte alle desse schizofrene overskriftene, var den føderale regjeringa i USA opptekne med å endre definisjonen på terminologi slik som «vaksine» og «immunisering» for å tilpasse det framveksande narrativet.

«Dei endra den vitskaplege og medisinske definisjonen på vaksine og immunisering i slutten av 2021,» skreiv nokon på X om dette.

«MSM [hovudstraumsmedia] endrar kvar ein definisjon for at det skal passe deira narrativ, slik som definisjonen på kvinne etc.» skreiv ein annan.

Ein annan person spøkte om det CNN eigentleg seier med alt sitt motstridande innhald om covid-sprøyter:

«Den gjekk frå å vere ‘trygg og effektiv’ til ‘vel, du kjem til å døy, men du kjem til himmelen i warp speed’.»

«Fire av familiemedlemmene mine døydde av vaksinen,» la ein annan til. «Obduksjonen viste merkelege, skrekkelege blodproppar overalt i kroppane deira. Dei var alle tidlegare friske og under 40.»

Bedrag ser ut til å vere rådande praksis i CNN.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...