Derimot: Israels kvinneminister: Jeg er stolt over ruinene i Gaza. – Derimot
derimot.no:
Israelsk minister i Knesset: «Eg er stolt av ruinane i Gaza»
I ny ringeakt for palestinske liv, hyllar den israelske politikaren May Golan «ruinane i Gaza».
Global Research, 25. februar, 2024
Israels minister for framsteg for kvinner, May Golan, har igjen synt ringeakt for palestinske liv, då ho uttrykte kor stolt ho er over ruinane av den kringsette Gaza-stripa og at alle palestinske barn i framtida vil «fortelle sine barnebarn kva jødane gjorde».
«Eg er personleg stolt over ruinane i Gaza,» sa Golan i ein tale i det israelske parlamentet (Knesset) på onsdag.
«Og at alle barn, sjølv 80 år frå no, vil fortelle sine barnebarn om kva jødane gjorde…,» la ho til.
Til ytre høgre-politikaren Oser Cassif, sa Golan: «Du kan fortsette å drøyme om at vi vil stoppe krigen utan siger.»
Ho sa vidare: «Vi er ikkje skjemde over å seie at vi ønsker sjå dei israelske soldatane, våre heilage heltar, ta (Yahya) Sinwar og terroristane hans i øyra og dra dei gjennom heile Gaza-stripa, på sin veg til fangehola til fengselsstyresmaktene … eller, i beste scenario, til ei kiste.»
Golan avviser idéen om ein palestinsk stat: «Ikkje ei due og ikkje ei olivengrein, berre eit sverd til å kappe hovudet av Sinwar, det er dét han vil få frå oss.»
«Eg bryr meg ikkje om Gaza»
I desember kom Golan i rampelyset då ho sa ho skulle likt å sjå «daude kroppar av terroristar rundt om i Gaza.»
«…eg bryr meg ikkje om Gaza, eg bryr meg ikkje, bokstaveleg talt. For min del kan dei gå ut og berre symje i sjøen,» sa Golan i eit intervju på ein israelsk TV-kanal.
«Eg bryr meg berre om tre ting; Første ting er at eg bryr meg om soldatane våre, våre kjære, dyrebare soldatar som kvar dag set“I care about only three things; The first thing is I sine liv i fare for staten Israel, sa politikaren.
«Eg bryr meg om den eine tingen som vil måtte skje, og det er å drepe og øydelegge Hamas frå Jordas overflate.»
Golan, 37, er medlem av Likud-partiet og kjend for inflammatoriske ytringar ho har gjort om afrikanske flyktningar i Israel. Ho kalla flyktningane «muslimske infiltratørar» og sa at mange mange av dei har AIDS, og ho kravde at dei skulle utvisast frå landet.
At statsminister Benjamin Netanyahu utnemnde ho til generalkonsul i New York tidleg i fjor, vart «kritisert av israelske og amerikanske eks-diplomatar, som ei fornærming mot USA og skadeleg for Israel,” ifølge ein reportasje i the Guardian.
Aukande dødstal
Ifølge helsedepartementet til Gaza, har 29 410 palestinarar blitt drepne og 69 465 skadde under folkemordet til Israels som starta den 7. oktober.
I tillegg er det minst 7000 sakna som er antatt døde under ruinane av heimane sine rundt om på Stripa.
Palestinske og internasjonale organisasjonar seier at fleirtalet av dei drepne og skadde er kvinner og barn.
Den israelske aggresjonen har og resultert i tvangsforvisning av nesten to millionar menneske frå Gazastripa, med det store fleirtalet tvinga inn i den tett overbefolka byen Rafah, nær grensa til Egypt – i det som har blitt Palestinas største masseutvandring sidan Nakba i 1948.
Israel seier at 1200 soldatar og sivile vart drepne under Operasjon Al-Aqsa Flood den 7. oktober.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica