Derimot: Israels Angrep på Jenin: Starten på Gazafisering av Vestbredden?
derimot.no:
Politisk nakendans
Av Hans Olav Brendberg
Den israelske hærens øydeleggjingar i Jenin er ikkje noko mysterium, ikkje noko som kjem som lyn frå klår himmel. Vi som har gidda å følgja med, veit at mengda med pogromar organisert av busetjarane – med støtte frå den israelske hæren – har auka kraftig dette året. Pogromen i Huwara, der fleire hundre busetjarar svidde ned hus og bilar og banka opp folk i hundretal var berre ein av fleire.
Innlegget er hentet fra Trønderrød.
Pogromane inngår i eit større mønster – der den sokalla «juridiske reformen» og Itamar Ben-Gvirs nye «nasjonalgarde» er andre initiativ i same politikk. Det heile følgjer eit par tiår der busetjarane raskt har erobra sentrale posisjonar i dei «harde», israelske tryggleikstenestene.
Israel har ikkje lenger grunn til å hykla
Heile eventyret om «fred» og «ein israelsk og ein palestinsk stat» er no heilt daudt, og Netanyahu ser ikkje lenger nokon grunn til å hykla her. Det er ein jødisk stat i Palestina, og det er den einaste staten som kjem til å vera der.
Netanyahu seier også at han sjølvsagt kjem til å samarbeida med kollaboratørane i den «palestinske styresmakta», som har som oppdrag å halda dei rettslause undersåttane innesperra i reservata på Vestbreidda.
Sidan ideen om ein palestinsk stat er lagt til sides, og sidan Israel ikkje har planar om å gje undersåttane borgarrettar, er planen heilt oppe i dagen:
I Palestina skal ein etablera ei varig samfunnsordning der omlag halvparten har fulle borgarrettar – men i tillegg har slike rettar som Ernst Röhm og dei andre i si tid hadde: Retten til brannstifting, retten til å utøva vilkårleg vald med statsmakta i ryggen, retten til å øydeleggja andres eigedom, retten til å plukka ut tilfeldige offer som skal få smaka «hemn» når «nasjonens ære» er krenka.
Den andre helvta skal vera utan tryggleik for liv, fridom og eigedom. Dei skal kunna sperrast inne administrativt, og har ingen rett til kompenasjon når herrefolket går laus på det vesle dei har.
Netanyahu sine lovforslag har ein bakgrunn
For å sikra at denne ordninga blir stabil, kjem Vest-Europas oppskrytte ytringsfridom til å bli ofra.
Som Israel Shahak påpeika i sin svært klårsynte analyse frå 1993, utgjer dette politiske fenomenet ikkje berre eit trugsmål mot palestinarane (sjølv om dei sjølvsagt er dei første ofra for denne ideologien og mentaliteteten). Dette er ein totalitær ideologi som er eit trugsmål mot fred og fridom både regionalt og globalt.
Trass alt prat om «menneskerettar» og liknande, er politikarane i Europa ikkje i stand til å ta prinsippiell stilling til denne dystopiske samfunnsordninga. Det tyder at vi glatt kan avskriva alt dei seier om «menneskerettar», «antirasisme» og liknande. Og vi kan like godt avskriva dette som tapt kapital, først som sist. Det som skjer i Jenin, skjer avdi vestlege leiarar har gjeve blankofullmakt til pogromistane på busetjingane på Vestbreidda. Dei har gjort det av ideologiske grunnar – og mekanismane i denne ideologien er ikkje noko lovleg emne for offentleg debatt i våre land.
Rasismen lever vidare
Ideologisk finst det to posisjonar her. Nokre meiner alle menneske i prinsippet er fødd likeverdige. At ingen frå opphavet er meir verdt enn andre, og at alle har nokre grunnleggjande rettar som skal oppfyllast først.
Andre meiner menneska er fødd av to slag: Dei som har eigentleg verdi, og dei som berre har verdi so lenge dei er nyttige for dei første.
Eg vil hevda at det ikkje er mogleg med «dialog» mellom desse posisjonane. Og eg meiner vi har omfattande historiske røynsler som viser at tanken om at nokon er fødde som «herrefolk» over tid fører til vald, kaos og ulukke. Og som Arthur Koestler påpeikte: Tanken vekkjer i neste omgang til live motstand på same primitive, tribalistiske nivå.
Gaza har lenge vore utstillingsvindauga for menneskesynet til det nye herrefolket. Jenin varslar den komande «gazaifiseringa» av Vestbreidda.
Forsidebilde: Toa Heftiba