Derimot: Iran viste muskler. Men åpnet for en retrett fra Israel. – Derimot

derimot.no:

Kraftig slag for Israel med Irans melding til Vesten

 av Larry Johnson  14.april 2024

Tidl. CIA-analytiker

USA og puddel-pakket i resten av G7 brukte dagen på å tone ned Iran sitt militære angrep på Israel som berre småtteri og ingenting. Det er ikkje sant. Dette angrepet var betydeleg både på taktisk og strategisk nivå, og er ei utmanande åtvaring til både Israel og USA om at dei må halde krutet sitt tørt viss dei skal unngå at Iran startar eit massivt angrep på Israel som dei kanskje ikkje greier slå ned.

Iran tok skarpsindig i bruk ein avgrensa sverm av dronar, kryssarmissil og ballistiske missil – alle taima til å nå målet på omlag same tid – som overvelda israelske og andre luftforsvarsystem aktiverte for å prøve forpurre det iranske angrepet. Rapportar indikerer at Iran trefte følgande mål i Israel:

Nevatim Airbase sør i det okkuperte Palestina

Ramon Airbase sør i det okkuperte Palestina

Den topp-hemmelege israelske etterretnings/spion-basen i Jabal al-Sheikh (Mount Hermon) nord i okkuperte Golan

Det israelske luftforsvarets etterretningshovudkvarter i Tel Aviv 

Eg trur Iran heldt tilbake i dette angrepet. Altså at dei ikkje gjorde eit fullskalaangrep meint til å øydelegge essensiell israelsk militærevne. Føremålet var å sende ein bodskap til til Israel og deira støttespelarar i Vesten om at ytterlegare angrep frå Israel vil bli gjengjeldt med ein endå meir massiv respons. Og her er hovudpoenget – Israel har ikkje nok forsyningar av Iron Dome-missil og anna luftvernsutstyr til å føre ein langtrekt kampanje mot eit koordinert angrep med meir enn 1000 droner, kryssarmissil og ballistiske missil.

Israel har også eit matematisk geografi-problem. Iran er 30 gongar større enn Israel i kvadratkilometer [sic. Med sine 1,65 millionar km2, er Iran verdas 17. største land og nærare 75 gongar større enn Israel, mrk. fra reaksjonen]. I tillegg er mange av Iran sine viktigaste militære og kjernefysiske fasilitetar gravne djupt ned under bakken midt oppe i fjella. Viss Israel skulle våge å dra inn Iran i ein auge-for-auge-kamp eller angrep-og-motangrep, vil dei ende med å trekke det kortaste strået. Med mindre dei bruker atomvåpen, har ikkje Israel den militære styrken som skal til for å ein gong bulke Irans militære og industrielle kapasitet. Iran, derimot, er ikkje hemma på same måten.

Forsidebilde: Nigel Msipa

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...