Derimot: Internasjonale avtaler er som en hummerteine. Lett å komme inn, men å komme ut… – Derimot
derimot.no:
Kven leikar med elden?
Desse tankane til Svein Grøland vart lagde fram på Facebook-sida hans i går, er gjeve att her tillatt av han.
Svein Grødaland:
Kanskje er det russarane som leikar med elden? Dei tok Krimhalvøya tilbake. Det veit me. Dei har blanda seg inn i ein grensestrid i Ukraina. Det veit me og.
Så skal dei ha rota med internett både i USA og andre stader. Dei skal ha prøvd å forgifta ein ex-spion og dottera hans. Dette veit me ikkje fullt så sikkert.
Derimot veit me noko om at eit firma i London har skaffa seg tilgang til nokre millionar facebookprofilar for å påverka valg i USA. Me veit at vårt heimlege Høgre var i kontakt med det same firmaet. Dei likte ikkje opplegget og trakk seg unna.
Det er all grunn til å tru at også vestleg etterretning samlar opplysningar om «fienden» så godt dei kan.
Likevel let me oss provosera til å gå i konflikt med Russland, på eit noko uvisst grunnlag. Vår norske utanriksminister er knapt truverdig når ho hevdar å ha fått «bevis». Kven vinn på eit kjøligare klima mellom oss og Russland? Våpenindustrien. Militærvesenet. Putin får sjølvsagt støtte på heimebane når landet vert utsett for massiv sjikane i form at utvisingar. Putin viser seg «sterk« mot eit aggressivt Vesten.
Kven taper? Me taper på å la oss lokka med på dette konflikteventyret. Freden taper.
Eg trur ikkje eit ord på påstanden om at det er nødvendig å setja hardt mot hardt overfor Russland. Politikarane våre er ikkje særlig truverdige.
Det er sant å seia ikkje Putin heller. Han styrer eit land som etter det gode kjelder seier vert meir og meir udemokratisk. Politikarar vert nekta å stilla til valg under vikarierande påskot og motiv. Putin sjølv får mellom seksti og sytti prosent av stemmene. På Krim får han rundt nitti prosent. Det er interessant informasjon med tanke på korleis Vesten tolkar skiftet på Krim. Fleirtalet der vil ha det slik det er nå.
Eg ser ikkje på Russland som noko idealsamfunn. Det har det truleg aldri vore. Ideala om kommunisme vart fort pervertert av maktsjuke og paranoia.

Kanskje er våre skandinaviske land dei som har kome lengst i å utvikla eit kommunistisk samfunn med ein politikk av og for folk flest. Heller ikkje me er i mål, og vårt velferdsamfunn er trua av indre krefter, krefter som vil ha større ulikskap og meir overnasjonal styring. Det siste til beste for store konsern uten sosialt ansvar. Dei bryr seg lite om arbeidsfolka sine og samfunnet omkring hvis dei kan tena nokre ekstra luskroner. Me har meir enn ein kakse her til lands som registrerer firmaet sitt der skattane er lågast og det ikkje er så nøye med regelverk.
Tilbake til utgangspunktet. Våre fiendar er auka militarisering frå vår side og nedbygging av nasjonal kontroll over ressurser og næringsliv, nedbygging av Storting og Regjering si makt til fordel for overnasjonale avtalar. Desse er så snedig laga at dei mest av alt minner om ei hummarteine. Når du fyrst har kome inn, er det vanskeleg å koma ut.
Innlegget er hentet fra Politikus
Redaksjonen har lagt til KI-generert bilde m/tekst.
Forsidebildet er KI-generert